Fyresdal Handelslag
Fyresdal Handelslag vart grunnlagt i 1871 med ein aksjekapital på 3080 kr. Handelslaget bestod opphavleg av tre filialar; hovudforretninga i Folkestadgata 24 i Folkestadbyen, ei forretning i Hegglandsgrend og ei på Øyane i Veum. I 1899[1] gjekk handelslaget på Veum ut som eiga forretning og vart heittande Veum Handelslag. Forretninga i Hegglandsgrend gjekk ut i 1916.[2]
Forbruksforeininga
Forbruksforeininga, seinare kjent som Fyresdal Handelslag L/L ligg i Folkestadbyen i Folkestadgata 24 i Fyresdal kommune og vart skipa i år 1871. Det fyrste huset var Breifonn, flytt frå Nordre Bondal i Kleivgrend. Forbruksforreininga heldt til i dette huset fram til 1905. Då blei bygninga flytta litt lenger opp i Skippergata, til Skippergata 2, og då hadde Lars Folkestad smia si der.
Handelslaget
I 1905 bygde dei ei ny bygning som blei forretning med bustad i andre høgda. I 2019 er det lokalet til Oleas Hus.
Biletgalleri
Fyresdal Handelslag i Folkestadbyen. Bygningen bordkledd utvendig 1925. Breifonn i bakgrunnen til venstre, Øystad til høgre.Foto Olav S. Nyli
Kjelder og til utdjupande lesnad
- Sætherskar, Johs., Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949. Digital utgåve på bokhylla.
- Landvik, Olav J.: Den gong det var landhandleri. Ein artikkel i "Sjå deg attyvi", Fyresdal Sogelag 2000, s. 44,48.
- Lauvdal, Hans Andor: Skippergata i Fyresdal. Ein artikkel i "Sjå deg attyvi" 1990 Fyresdal Sogelag. s. 11,14
- Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
- Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 2009. S. 5-34.
- Veum, Bendik: 60 års festskrift for Fyresdal Handelslag : 1871-1931. 1931. Digital versjon på Nettbiblioteket.