Kyrkjevegen (Bø i Telemark)
Kyrkjevegen i Bø i Midt-Telemark kommune går vest- og sørover frå Gullbringvegen i sentrum til Skyttarvegen ved Klokkarstugo.
Tidlegare gjekk Kyrkjevegen heilt til Lundevegen, men i samband med at Tandrevegen fekk endra namn til Skyttarvegen i 1996, blei dei siste 200 m av Kyrkjevegen lagt til denne.
Vegen har namn etter kyrkjene på Bøhaugen og er omlag 2 km lang. I starten av vegen ligg det einebustader, men etter kvart blir det meir jordbrukslandskap og vegen passerer fleire gardar. I 1988 blei det gjort eit offisielt namnevedtak, og «vegen Frøyatun–Veirud» fekk stadfesta namnet Kyrkjevegen.
Frå sommaren 2016 til våren 2017 gjennomgjekk ein stor del av vegen fram til kyrkjene ei større oppgradering for å betre forholda for fotgjengarar.
Eigedomar i Kyrkjevegen
Nr. | Bilde | Om eigedomen |
---|---|---|
6 | Gnr. 55/40, Helland (tidl. Kyrkjekåsine) Bø kommune kjøpte garden i 1990. Tunet blei skild ut og selt til Telemarksforskning som reiv den gamle låven og sette opp ny «kontorlåve». Dette er no Hellandtunet forsknings- og næringssenter. | |
7 | Gnr. 53/324. | |
9 | Gnr. 53/295. | |
10 | Gnr. 53/1/58, festetomt u. Prestegarden. | |
11 | Gnr. 53/231. | |
13 | Gnr. 53/244. | |
14 | Gnr. 53/1/76, festetomt u. Prestegarden. | |
15 | Gnr. 53/180. | |
16-28 | Gnr. 53/1/82, festetomt u. Prestegarden. HVPU-bustader. | |
19 | Gnr. 53/232. | |
23 | Gnr. 53/236. | |
25 | Gnr. 55/2, Midt-Bø (Lund). Opphaveleg husmannsplass u. Kyrkjekåsine (seinare Helland gnr. 55/11). Her budde hardingfelespelaren og folkedansaren Kristiane Lund. | |
27 | Same eigedom som nr. 25. | |
62 | Gnr. 55/30, Bø kyrkjegard med dei to kyrkjene. | |
63 | Gnr. 55/1, Bø (Midt-Bø). | |
75 | Gnr. 55/10, Bø. | |
78 | Gnr. 55/30 (Bø kyrkjegard). Driftsbygning for kyrkjegarden, bygd i 2020. | |
80 | Gnr. 56/1, Bø, Nytt bustadhus sett opp på 1980-talet 100 m nordvest for gardstunet. | |
82, 84 | Gnr. 56/1, Bø, Tunet på garden. Nr. 82 er framhuset og nr. 84 er eldhuset. Låven blei rive kring 2012. | |
129 | Gnr. 56/15, Rydvang. | |
131 | Gnr. 55/23, «Nykås». | |
133 | Gnr. 56/32, «Nyheim». | |
135 | Gnr. 55/12, Nistås. | |
137 | Gnr. 55/44, ubebygd tomt pr. 2020. | |
139 | Gnr. 56/18, «Silju». Hytte på Niståsberga. | |
150, 152 | Gnr. 56/4, Bø (Nerbø) Mathias Andreas Rye kjøpte garden i 1796. Folk kalla han «Majoren på Nerbø», og garden blei heitande «Majorbø». | |
159 | Gnr. 55/41. | |
161 | Gnr. 55/42. Ubebygd tomt pr. 2020. | |
163, 164 | Gnr. 55/4, Åsheim. Nytt framhus sett opp i 2016. | |
165 | Gnr. 55/47, Kåsa (utskild tun, tidl. gnr. 55/5). | |
167 | Gnr. 55/46. | |
169 | Gnr. 55/11, Smedstad. |
Kjelder
- Kartverket: norgeskart.no
- Henneseid, Stian: Bøsoga II, Gards- og ættesoga band I. Bø kommune 1982.