Kulturminneområdet kring Lesjaskogskyrkja
Øverlismoen er eit området like vest for Strande på Lesjaskog, i nyare tid best kjent som Lisser, men som er nemnt med dette namnet da eigarane i 1855 selde tomt til Lesjaskog kyrkje til Lesja kommune.[1] Her er det samla mange kulturminner innafor eit nokså lite område. Ein finn i alle fall minne frå 1600-talet, kyrkja (sjølv om ho ikkje kom hit før i 1855) og trekolproduksjon, frå driftsformer i landbruket (kunstig vatning), samferdsel, sosiale samlingar, turisme, dramatiske krigshandlingar, forsøk på museumsdrift med meire.
Gjennom fleire synfaringar dukkar det opp stadig fleire spor etter menneskeleg verksemd. Av den grunn er området under tilrettelegging for oversynsskilt og skilt ved kvart kulturminne per 2022. Desse skal berre ha namna på kulturminnet og ein QR-kode som viser til omtalen her på lokalhistoriewiki. Lesjaskog skule deltek i prosjektet, som har fått økonomisk støtte frå Sparebankstiftelsen DNB.
Førebels er det omtalt av desse kulturminna:
- Lesjaskog kyrkje, bedriftskyrkje frå 1697 for Lesja jernverk
- Lesjaskog kornmagasin
- Kyrkjestugu
- Kyrkjebakken
- Minnesteinane
- Sigurd Einbu-bautaen
- Skulemuseet i Lisser
- Tandseterstugu
- Låven frå Fjellstad
- «Kortbordet» i Lisser
- Mange spor etter bombinga i 1940
- Kvilarsteinen i Lissersvingen
- Den «Romsdalske hovedvei» gjennom Lesja
- Lissersvingen
- Mølmen hotell (som er borte) med tilliggande Magasinhaugen, Tennisbanen, Bestemorstugu, Stabburet og Fantstugu
- Stor trekolmilebotn frå jernverkstida ovanfor Tandseterstugu
- Stor trekolmilebotn frå jernverkstida nedanfor Lissersvingen
- I området nedafor mot Krossan ligg det nokre tydelege, men ukjende strukturar
Bilde frå området
Referansar
- ↑ Avskrift av gåvebrev datert 16. april 1855 trykt i Kyrkjeblad for Lesja og Lesjaskog desember 1976.