Ola K. Brøste (1875–1970)
Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Ola K. Brøste født 5. desember 1875 i Nedre Kleiva i Romsdalen, død 10. desember 1970 på Verma, var gardbrukar på fjellgarden Ner-Brøste øvst i Romsdalen. Foreldra var Ingeborg Pedersdtr. (1843-1935) frå Nest-Tande på Lesja og Knut Olsson Kleven (1840-1910) som var født på Ner-Brøste.
Familie
Foreldra til Knut, Sigrid Hansdtr. (1813-1893) og Ola Knutsson (1811-1887) dreiv Ner-Brøste frå 1831. I 1872 selde dei halve garden og kjøpte Nedre Kleiva, flytta dit og nytta Ner-Brøste som seter. Knut fekk skøyte på Kleiva i 1872 og kjøpte att bruksnr. av Ner-Brøste i 1876. Han gifta seg i 1873 i Lesja med Ingeborg, og dei vart buande i Kleiva med Ner-brøste som seter.
Eldstesonen Ola gifta seg i 1902 med Elianna Jonsdtr. Skjelbostad (1879–1911) frå Skjeldbostad i Innfjorden i Rauma. Dei overtok Ner-Brøste i 1904 og bygde opp den garden som er kjent frå nyare tid. Elianna døydde altså berre 32 år gamal, og Ola gifta seg opp att i 1915 med Marianne Mathiasdtr. Sletta (1882-1963), født i Steinbiten, ein liten husmannsplass under Sletta på sørsida av Verma. Ola og Elianna hadde barna: Knut (1902-1991), Ingeborg (1904-2008) og Johan Olaf (1906-1957). Ola og Marianne hadde fem gutar: Edvin (1916-2001), Mathias (1919-2000), Alfred Kaspar (1921-1935), Olav (1924-2011) og Kåre (1926-2014). Alfred fekk blindtarmbetenning i februar 1935 og vart sendt til Lillehammer sjukehus, men livet stod ikkje til å redde.
Gjetararbeid
Alt som 8-åring, i 1884, måtte Ola ut som gjetar. Faren, Knut, tok på seg sauar for gjeting utan betaling, men han fekk gjødsla. Første året hadde han 80 sauer frå fleire forskjellige gardar. Betaling var ikkje å få, men han fekk vere med faren til Romsdalsmartnan om hausten.[1]
Garden og gardsarbeid
Da Ola overtok Ner-Brøste var ikkje jordvegen dyrka opp i nemnande grad. Han, og etter kvart sønene, rydda og dyrka minst 100 dekar. For det fekk han i 1929 diplom og ein sølvkopp. Buskapen var frå starten ein hest og 4-5 kyr. I 1939 var det tre hestar, 27 storfe og ein del sau. I 1938 var kornavlinga på 5000 kg godt bygg.[2]
Hausten 1928 starta Ola bygging av revefarm på garden.
Arbeid for turistforeininga
Pyttbua Vakkerstølen
Tømmerdrift og sagbruk
Dreiv Brøstsaga
Under snøraset!!
Kjelder
- Dåpen til Ola i kyrkjeboka, nr. 4 i 1876.
- Brøste, Steinar m.fl. 1985:Slektsskrift for Brøste-slekten fra Rauma i Romsdal.
Referansar
- ↑ Frå artikkel i Romsdal Folkeblad 23.12.1968, attgjeve i slektsskriv 1985 s. 72.
- ↑ Intervju i Romsdalsposten 20.6.1939 og Romsdal Folkeblad 23.12.1968, gjengitt i Slektsskrift 1985 side 69-71 og 73.