Sjur Knutsson Reime
Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Sjur Knutsson Reime (fødd 19. desember 1867 på Voss, død same staden 1. juli 1958) var gardbrukar på Reime (gnr. 143/3), Raundalen i Voss herad.
Han voks opp på Lid i Raundalen, som son av Knut Larsson og Gjertrud Knutsdotter f. Kvarakvål.
I 1889 gifta han seg med Ragnhild Olsdotter Reime (1868-1938), også ho frå Raundalen. Ho var dotter av Olav Herlaugson f. Øvsthus (1817-1901) og Marta Torsteinsdotter f. Brekku (1827-1900). Faren hennar hadde kjøpte Reime på auksjon i 1872, og i 1890 overtok Ragnhild og Sjur garden. Dei fekk minst ti born.
Ragnhild og Sjur livnærte seg av gardsdrifta, men Sjur dreiv òg som smed, særskilt med ljåarbeid. Dei hadde dessutan inntekter av losjerande; i folketeljinga for 1900 er det registrert sju jernbanearbeidarar som budde hjå dei. Desse var med på å byggje Bergensbanen, som vart lagt over Reime-gardane sin grunn. I 1908 opna Reimegrend stasjon.
Sonen Teodor (f. 1913) overtok Reime i 1933, og fem år seinare døydde Ragnhild. Sjur levde som enkjemann i 20 år; han vart 90 år gammal.
Kjelder og litteratur
- Sjur Knudsen i folketelling 1900 for Voss kommune fra Digitalarkivet
- Sjur Knutsen Reime i folketelling 1910 for Voss kommune fra Digitalarkivet
- DIS-Norge: Gravminner i Norge (id. XXXX), med bilete av gravminnet.
- Kindem, Lars: Vossaboki : Tredje bandet - Gardssoga II, Voss bygdeboknemnd 1936. Mal:Bokhylla, s. 346 og 410.