Lund (Skjåk)
Lund | |
---|---|
Næraste garden (til høgre) er Nord i Lund, nedanfor (til venstre) ser vi Nedre Lund og Eide. I bakgrunnen skimtar vi grenda Reppen. | |
Alt. navn: | Lundagrenda |
Først nevnt: | 1574 (Oslo og Hamar stiftsjordebok) |
Rydda: | Jernalderen? |
Sokn: | Skjåk |
Fylke: | Oppland |
Kommune: | Skjåk |
Gnr.: | 25, 26, 27, 28 pluss nokre bnr under gnr. 61 og 30-33 |
Type: | Namnegard, grend |
Lund er ei grend og ein namnegard i Skjåk, ofte omtala som Lundagrenda, og gjerne nemnd under eitt med nabogrenda i aust som «Lund og Dalane». Lund er den vestlegaste grenda i Skjåk sokn på baksida (sørsida av hovuddalføret), rett overfor kommunesenteret Bismo på andre sida av Ottaelva. Grenda ligg ved foten av Tverrfjellet og er avgrensa i aust av tverrelva Skjøla, og i vest av åa Søre Juva, som også dannar soknegrensa mot Nordberg (Teigomsgrenda).
Grunneigedomane i grenda er inkluderte i gardsnummera 25, 26, 27 og 28 med «eigedomshistorisk tilfeldige» innslag av bruksnummer under gardsnummera 61 (Nordgard Ramstad) og 30-33 (dei fire Forbergs-gardane). Busetjinga i Lund går sannsynlegvis attende til førhistorisk tid, men med eit lengre avbrot i øydetida etter Svartedauden. Den eldste historia ligg rett nok mykje i mørker. Det eldste skriftlege kjeldebelegget er frå 1574.
Den gamle Ofossen mølle, kjend for produksjon av Skjåk-mjølet i vår tid, tilhøyrer denne grenda. Elles er jordbruket så å seie einaste næringsverksemda som blir drive i Lund. Lyrikaren Jan-Magnus Bruheim var fødd og oppvaksen i Lundagrenda, og han budde der i det meste av levetida si.