Gymnasbakken
Hopp til navigering
Hopp til søk
Gymnasbakken i Bø i Telemark går nordover frå Bøgata ved Gamleveg til Oterholtvegen i krysset med Prestevegen.
Den omlag 550 m lange vegen har namn etter Landsgymnaset, eller «Telemark offentlege landsgymnas og Bø statsrealskule» som var det offisielle namnet (1954-64). Seinare blei namnet korta ned til Bø gymnas, og i 1980 endra til Bø vidaregåande skule.
Da vegen var ny, fekk han det uoffisiellet «Nyveg», og etter kvart blei han på folkemunne óg kalla «Bedehusbakken», etter Bø bedehus som ligg i vegen som nr. 55.
Kjelder
- Kartverket: norgeskart.no
- Bø vidaregåande skule: Skulens historie