Aasne Nordskog
Aasne Solveig Nordskog var ein gåverik teiknar og illustratør, men ho var fullt sysselsett med arbeid i heimen, så det kunstnarlege virket var mest som hobby. Ho budde nesten heile livet i barndomsheimen i Nordskog. Motiva var som oftast religiøse, men ho dekorerte også handlaga gjenstandar av tre, som tiner, askar, krus og kjerald. Aasne var eit aktivt medlem av Pinsebevegelsen. Ho var (fødd 5. mai 1913 i Morgedal, død 27.mars 2003 og gravlagt på Brunkeberg kyrkjegard).
Aasne var dotter av Knut Halvorsson Nordskog (1877-1950) og Anne Olavsdotter Kleivi frå Flatdal (1884-1965), og syster i ein syskenflokk på seks, der alle var både nevenyttige og kunstnariske. Dei teikna, måla, rosemåla eller laga treskulptur/trearbeid: Hallvor, Olav, Aasne, Anna, Norvald og Signe.
Kjelder
- Munnlege kjelder, Kviteseid 2017.
- Nordskog Gravminne
- Nordskog i folketeljinga 1910 for Nordskog 63/3-4 i Kviteseid herred frå Digitalarkivet