Adolph de Lemos (1848–1900)
Adolph de Lemos eller Mal:He (f. 3. april 1848 i Hamburg, d. 25. mai 1900 i Kristiania) var ein portugisarjødisk handelsagent. Første gang han finst registrert som busett i Norge er i folketeljinga 1875 under Drammen, da oppført med Hamburg som heimstad. Han gifta seg med Rosalie Nathan ca. 1878/79. Han løyste handelsborgarskap i Kristiania den 17. april 1879 i samband med at han dreiv manufakturforretning der; sa det opp att i november 1880, da han tok handelsborgarskap i Tromsø; og tok handelsborgarskap i Kristiania att den 24. oktober 1881. Familien flytta til Hamburg i 1888, og tilbake til Kristiania att i 1898, berre to år før Adolph de Lemos døydde.
Bakgrunn og oppvekst
Adolph de Lemos vart fødd i Hamburg måndagen den 29. adar b 5608, det vil seie den 3. april 1848. Vi kjenner ikkje til foreldra hans enno, men de Lemos er eit vanlig portugisarjødisk familienamn. Dette passar godt med at Hamburg hadde ein aktiv portugisarjødisk esnoga (synagoge). Den gamle esnogaen brann opp i Hamburgs bybrann i 1842, seks år føre Adolph vart fødd. Dei neste åra vart det brukt provisoriske lokale, og den nye esnogaen vart først innvigd i september 1855, da Adolph var sju og eit halvt år gammal..
Familie
Adolph de Lemos gifta seg med Rosalie Nathan, dotter av Nathan Nachmann Nathan. Dei fikk tre born:
- David de Lemos, f. 10. oktober 1879, d. fem år gammal den 13. januar 1885
- Sigrid de Lemos, f. 8. mars 1883 i Kristiania, d. 1942 i Auschwitz.
- Frithjof de Lemos, f. 30. mars 1891 i Hamburg, d. 29. april 1965 i Oslo. Fridthjof utdanna seg til apotekar. Han gifta seg med Gerda Seim (f. 10. mai 1904 i Bergen, d. 16. august 1981 i Oslo). Dei fikk sonen Frithjof de Lemos.
Kjelder
- Mendelsohn, Oskar: Jødenes historie i Norge gjennom 300 år, b. 1. Oslo (Universitetsforlaget), 1969. Digital versjon på Nettbiblioteket.