Karoline Elise Hoem (1878–1978)
Karoline Elise Jørgenvåg (f. 29. november 1879 på Tustna; d. 2. juni 1978 på Bergsøya i Gjemnes)) var fotograf og sydame.
Karoline var sjette og yngste barn av gardbrukar og fiskar Knud J. Jørgenvåg (f. 1838 på Tustna) og Lisabet Jørgenvaag (f. Sandvik) (f. 1840 på Tustna). I folketeljinga 1900 finn vi ho i Jørenvågen på Tustna i lag med foreldra og ein eldre bror. Ho er oppført som ugift syerske og fotograf for eiga rekning. Ikkje lenge seinare vart ho gift med Oluf Hoem (1872–1952) på Bergsøya i Gjemnes. Dei fikk fem born saman:
- Magnar Ragnvald Olufsen Hoem (1901–1978)
- Paula Elisabet Hoem (1905–1919)
- Karla Olufsdtr. Hoem (1906–1978), g. Warvik
- Olga Karoline Hoem (1908–1994), g. Kvisvik
- Paula Elisabet Hoem (1919–1943)
Kjelder
- Karoline Jørgenvaag i folketeljinga 1900 for Tustna herad frå Digitalarkivet.
- «Karoline Elise Hoem» på Myheritage.no