Garvarbuda på Nedre Rotset
Hopp til navigering
Hopp til søk
Garvarbuda på Nedre Rotset i noverande Volda sentrum vart bygd som sjøbud av handelsmann Olai Olsen (1813-1889) frå Bergen i 1838. Huset er på 2 1/2 etasje i tømmer med bordkleding. Carl Nokolai Rødset (1832-1925) frå Jørgenstova på Rotset etablerte første garveriet i ei anna sjøbud sist i 1850-åra og overtok Olsenbuda i 1878 da handelsmann Olsen fekk økonomiske problem.
Garveriet var i drift i Garvarbuda til 1972. Seinare tok Volda Sogelag over buda, som no er ein del av Volda bygdetun. Garvarbuda blei freda i 1978 og tildelt kvalitetsmerke Olavsrosa.
Kjelder
- Stavem, Asbjørn 1977: Garvarbuda på Nedre Rotset. Voldaminne s. 30-49.
- Birkeland, Narve F. 2011: Volda sogelag 100 år. Voldaminne s. 39-57.
- om Garveriet på heimesida til Volda bygdetun