Gregars veg
Gregars veg på Nordbø i Bø i Telemark går nordvestover frå Kyrkjevegen til Nordbøvegen.
Vegen blei namnsett i 1996 og er kalla opp etter Gregar Nordbø (1856–1940) som budde i nr. 40, Sudigard Nordbø. Gregars veg, som er å rekne som ein gardsveg, er omlag ein km lang, er utan fast dekke og går i jordbrukslandskap.
Gregar Nordbø (1856–1940) var skulelærar, bonde, organist og lokalhistorikar. Han samla inn mykje folkemusikk, soger og stoff om slekter og gardar i Bø.
Eigedomar
Nr. 40: Sudigard Nordbø (54/8)
Nr. 50: Nordbø (54/5)
Nr. 60: Nordbø (54/7)
Kjelder
- Kartverket: norgeskart.no