Katrine Olsdatter (n. 1614)

Katrine Olsdatter var gardeigar og truleg prestekone.

Ho er berre nemnt ved namn i lensrekneskapet for 1614, då ho eig partar i 4 gardar. Dei var Inndyr 2 våg 1 pd, Selleseter 1 pd, Nørstad i Salten fjerding 1 pd og For i Meløy på Helgeland 1 pd.

I 1617 er det Geble Christoffersen, sokneprest i Gildeskål prestegjeld som eig odel på kona sine vegne i dei same gardane. Det gjer det sannsynlig at Katrine var kona til Geble. I 1618 er det enka etter Geble som svarar skatt for desse gardene, enka er ikkje nemnt ved namn.

Torkild Haraldsen, som var prest i Gildeskål før Geble, eigde også ein part i Inndyr på litt over 2 våg. Den kan tyde på eit slektskap eller ein annan relasjon.

Kjelder

  • Dahl, Svein Tore. Geistligheten i Nord-Norge og Midt-Norge i tiden 1536-1700. Utg. S.T. Dahl. Trondheim. 2000. Digital versjonNettbiblioteket. s. 313


Artikkelen Katrine Olsdatter (n. 1614) er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland

Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande.