Klaus Sletten

Klaus Sletten (fødd 5. mars 1877 i Høyland (no Sandnes kommune), død 4. april 1946 i Stavanger) var bladmann og organisasjonsmann.

Faksimile fra avisa 1ste Mai 5. april 1948; utsnitt av omtale av bortgangen til Klaus Sletten.

Familie

Klaus Sletten var son av kyrkjesongar Johannes Ingebrigtsen Sletten (1835–1892) og Dorthea Marthine Kristoffersdatter Ruus (1842–1922). Han vart gift i 1905 i Kristiania med Margit Bruun (1875–1958), dotter til folkehøgskolestyrar, seinare sokneprest Christopher Bruun (1839-1920) og Kari Skar (1851–1924). Han var far til redaktør Vegard Sletten (1907–1984).

Liv

Sletten var utgjevar av  ungdomsbladet Symra i 1902–1904 og var ein av bladstyrarane i Norsk Barneblad 1907–1916. Han var óg journalist i Den 17de Mai mellom 1897 og 1916.   1916–1917 var han bladstyrar for Olsok i Trondheim og 1917–1920 for Møre Tidende.  I 1923 byrja han i Stavanger Aftenblad, og var ansatt i avisa heilt til han gjekk av for aldersgrensa i 1943.  

Klaus Sletten var den sentrale personen da Bondeungdomslaget i Oslo vart skipa hausten 1899. Han var formann til 1916, med nokre stutte avbrot, og det er som organisasjonsmann han fyrst og fremst er kjent. Bondeungdomslaget i Oslo kom til å stå som mønster for andre frilyndte ungdomslag i by og bygd.

Sletten var óg med i Stavanger bystyre 1929–1940.

Kjelder og litteratur

  • Bore, Thor Bjarne; Norsk biografisk leksikon; Store norske leksikon (2005-2007): «Klaus Sletten» i Store norske leksikon på snl.no. Henta 18. oktober 2024 frå https://snl.no/Klaus_Sletten
  • Midttun, Olav: artikkel i Norsk biografisk leksikon bind XIV. Oslo 1962.
  • «Klaus Sletten døydde i går». 1ste Mai 1946.04.05. 19460405. Digital versjonNettbiblioteket.