«Fjordamerra» (1842)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
«Fjordamerra» på utstilling i Geitbåtmuseet.
Foto: Olve Utne

«Fjordamerra» er ein kyrkjebåt frå Årvågsfjorden i AureNordmøre som vart bygd i 1842. Båten, ein tverrskotta geitbåt av aurgjeldstypen med sju par årar, stod i mange år ute under eit provisorisk tak på Trøndelag folkemuseum - Sverresborg, men har seinare vorte flytta til GeitbåtmuseetEngjan i Valsøyfjord i Halsa kommune på Nordmøre.

Nybygde kopiar av «Fjordamerra» inkluderer «Fjordamerra» (1996), som vart bygd av Gunnar Eldjarn og Arne Terje Sæther på oppdrag for Aure historielag,[1] og «Halsabrura», som vart bygd av og for Geitbåtmuseet i 1997[2]. Bøfjorden historielag arbeider med å få bygd ein eigen kopi, som skal heita «Hjelmkonnå».[3]

Bildegalleri

Fotnotar

  1. «Båter vi har bygd» på Eldjarnbåt.no.
  2. «Gammelbåt-stevne på Bud» frå Herrelaget Rykk & Napp
  3. Hendset, Kåre: «Ønsker å bygge kirkebåt», i Tidens Krav, utg. 21. september 2008.