Åkerstølane (Ustaoset)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 27. jul. 2022 kl. 20:39 av Marianne Wiig (samtale | bidrag) (oppdat.)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ruinar etter steinbu vest for Øvre Åkerstølen. Hallingskarvet i bakgrunnen.
Foto: Marianne Wiig (2012)
Ruinar etter steinbu på Nedre Åkerstølen. Åkerstøltjørni i bakgrunnen.
Foto: Marianne Wiig (2013)
Øvre Åkerstølen, med ruinar etter ei steinbu i framgrunnen.
Foto: Marianne Wiig (2012)

Åkerstølane ligg på nordsida av Åkerstølåni på Ustaoset i Hol kommune. Eigedomen strekk seg frå Gampetjørne i sør til Tvergasteintjørne i nord. Båe stølane høyrer til gardar i Ustedalen: Nedre Åkerstølen til Nordre Foss og Øvre Åkerstølen til Fosshaugen.

Eigedomstilhøve

Ved gardssyn i 1751 var Åkerstølen ført opp som langstøl til søre Foss, Lio. Nordre Foss må også ha hatt ein del av stølen, for i 1801 gjekk Sjugurd Olson nordre Foss og Elling Ellingson søre Foss til felles sak mot grannane på Sand-gardane i Kvisla, som hadde late dyra sine beite på Åkerstølvollane. Tre år etter var det igjen strid om Åkerstølen. Da vart far til Sjugurd, Ola Knutson nordre Foss, stemnd for forlikskommisjonen av Eirik Vebjørnson Solheim. Ola skal ha selt sin del av Åkerstølen til Eirik, men ville ikkje kjennes ved dette.

Kitil Johannesson nordre Foss var gjetlegut på Åkerstølen kring 1858. Han minnest at dei buførte til støls med vogn til "juvo" (truleg Juvidn aust for Såballie) og med kløv derifrå. Mora reid i tverrsal. Den tid eigde farbroren, Ola Kitilson Fosshaugen, øvre Åkerstølen (55/8). Denne låg voll i voll med nordre Foss sin del (55/7). Sør for den att låg Øynegjerda (55/10) som også høyrde til nordre Foss. I 1860 drog Kitil til Amerika saman med syskena og foreldra Sigrid og Johannes Kitilson. Nordre Foss med stølar vart året før selt til Eivind Pålson Nedremyr, som også reiste til Amerika med familien.[1]

I 1881 kjøpte Asle Arneson frå nordre Trøgaton nordre Foss, medan broren Ola kjøpte Fosshaugen i 1879. Dei to gjorde eit makeskifte i 1909 og fekk etter dette like stor del i felleshamna til Åkerstølen. Ola sette opp ei trebu på øvre Åkerstølen, som sonen Pål seinare flutte lenger opp i bakken og bygde ut. Pål og grannane bygde også køyreveg til stølane frå riksvegen langs med Øyneåni og fram til Embretstøltjørni.

Stølsdrift

Nordre Foss støla på nedre Åkerstølen til tidleg på 1960-talet, medan Fosshaugen framleis driv på øvre Åkerstølen (2013). I tillegg til trebuer, -fjøs og -løer, står det minst to steinbuer og fleire steingjerder på vollane. Bua til nordre Foss vart i 2012 bygd om og opna i romjula same år servering for turistar. Dette heldt dei fram med eit par vintersesongar.

Tvergastein

Det var frå sameiga til Åkerstølane og nedre Uren at filosofen Arne Næss kjøpte seg ei tomt på eitt mål i 1937. På denne fekk han bygd hytta Tvergastein.

Sjå også

Oversyn over setrer på Ustaoset.

Referansar

  1. Kitil J. Foss, 1922.

Kjelder


Koordinater: 60°31′20″ N 7°57′55″ Ø