Ål Folkehøyskole og kurssenter for døve

Ål Folkehøyskole og kurssenter for døve vart skipa av Norges Døveforbund og offisielt opna i 1974. Skulen er privat og vert drive av ei sjølvstendig stifting. Den frilynte folkehøgskulen er den einaste for døve i landet. Dagligspråket er teiknspråk, og skulen arbeider aktivt for å verne og fremje norsk teiknspråk.

Økonomisk grunnlag

Allereie i 1950 lanserte Døveforbundets sekretær, Albert Breiteig, ideen om eit senter for døve på Austlandet, men fyrst i 1966 vart det fart i saka. Dette året gjekk pengane frå innsamlingsaksjonen Speiderjobben til "En ny framtid for unge døve". I 1968 ga innsamlingsaksjonen "Vi bygger bro", i regi av Det Folkelige Musikkliv, eit tilskot på 3 millionar til senteret. Aksjonen vart fylgd opp med fleire program i NRK i beste sendetid og fungerte soleis også som ein informasjonskampanje for saka.

Skulen mottok også støtte til vaksenopplæringskurs, men for å få statsstøtte til resten av skuledrifta kravdest minst 30 elevar. Fyrste kullet var på 18 elevar, men da også høyrande fekk søkje opptak frå 1974/75, steig elevtalet. I 1980 hadde skulen 35 årselevar: 22 døve og 13 høyrande. Stadig fleire døvblitte har også søkt seg til skulen.

Plassering

I utgangspunktet var Gol utpeikt som ein høveleg stad for senteret, men da tomtetilsegna vart trekt tilbake, kom det nedlagde gardsbruket BakketeigenÅl på banen. Her vart fyrste spadetaket teke i 1972. Tomta ligg 650 meter over havet og er kring 200 mål. 26 bygningar er knytt til eigedomen, mellom anna hallingstove, stabbur, fjøs, eldhus og låve.

Undervisning

Folkehøgskulen har hatt ulike heilårskurs gjennom åra. I skuleåret 2023/24 tilbyr dei: Teater på internasjonalt teiknspråk, Norsk tegnspråk, Norsk for minoritetsspråklige døve, Gaming og idrett og Design din vei. Tidlegare har dei mellom anna hatt liner for kunst og handverk, ekstremsport og bistand.

Kurssenteret har tilbod for døve, døvblitte og tunghørte, med og utan høyrsletekniske hjelpemidlar som høyreapparat eller implantat. Dei har også kurs for foreldre med døve ungar, og for ungar med døve foreldre (koda).

Arbeidsplassar

Folkehøgskulen og kurssenteret er ein viktig arbeidsplass for kommunen. Ved årtusenskiftet var her 50 tilsette. Talet har seinare har gått ned. I 2017 hadde skulen 31 tilsette.[1] Mange av dei ålingar.

Skulen har løyve til 46 elevar, men i samband med koronapandemien gjekk talet på elevar ned. Samstundes vart kortkursa ein periode ramma av endringar i statsstøtta.[2]

I november 2020 presenterte Hallingdølen eit innspel frå skulen til Ål kommune om alternativ bruk av eigedomen, til dømes til hytte- og bustadutbygging, grunna at han var stor og økonomisk krevjande å halde ved like. Eit framtidsscenario gjekk på å flytte skulen ut av kommunen. Ordførar Solveig Vestenfor uttalte til avisa at kommunen ville leggje til rette til vidare drift og bidra til at skulen vart verande i Ål. "Det er ein enormt viktig arbeidsplass for Ål. Ikkje minst er det teiknspråklege ein viktig del av dna'et i kommunen (...)." "Det er ikkje mange plassar i Norge der handelsstanden er så gode til å bytte over til teikn som her."[3]

I februar 2023 vart en dokumentarserie frå Ål Folkehøgskule publisert på NRK. Her vart tilsette og elevar i skuleåret 2021-22, både døve, døvblitte og høyrande, følgde og intervjua.

Rektorar

  • 1974-1994: Johannes Helleland
  • 1994-2000: Per Ove Nybråten
  • 2001-2020: Berglind Stefansdottir
  • 2021- : Ann Kristin Malmquist

Fotnotar

  1. Hallingdølen 2017.06.17. Digital versjonNettbiblioteket.
  2. Hallingdølen 2021.08.28. Digital versjonNettbiblioteket.
  3. Hallingdølen 2020.11.12. Digital versjonNettbiblioteket.

Kjelder og litteratur

  • Ål inn, dokumentarserie produsert av Fabelaktiv i samarbeid med NRK, 2023.