Årbakkasanden

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 2. mai 2018 kl. 23:51 av Olve Utne (Samtale | bidrag) ({{nn}})

(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til: navigasjon, søk
Frå feltet med bautasteinar på Årbakka. Desse steinane er stilt omlag midt i feltet.
Foto: Magne Ove Kleppe

Årbakkasanden i Tysnes kommune ligg ved Hardangerfjorden. Her finst eit gravfelt med bautasteinar datert til jarnalderen. Gravfeltet på Årbakka inneheld 23 gravhaugar, fem bautasteinar og to steinringar, og strekkjer seg over eit område på 45 x 110 m. Ein sjette bautastein ligg i dag i fjæra like ved, der den i lang tid har vore nytta som helle til eit båtnaust.

Gardsnamnet Årbakka, tyding og form

Gardsnamnet Årbakka tyder «tunet nedpå elvebakken»[1] Namnet kan sporast tilbake til eit mellomalderdiplom frå 1301, i forma Aarbakki. I 1427 og 1463 vart det skrive Aarbakke «i Niardarlaugh» (Njardarlog). Då garden dukkar opp att i kjeldematerialet på 1590-talet, vart det skrive Aarbacke eller Aarbache, like eins frametter 16- og 1700-talet. Frå kring 1800 har forma Aarbakke vore mest einerådande, slik òg slektsnamna vert skrivne. Men i daglegtalen er uttalen Årbakka.

Gravfeltet - dei første undersøkingane

Det finst bevart opplysningar om gravfeltet tilbake til 1626, som er lagd biskop Niels Paasche i pennen[2], samstundes som gravhaugane vart teikna opp i perspektiv. I samband med denne skildringa vert det attfortald eit lokalt sagn knytta til staden: "Der findiss aldeliss ingen bogstaffuer eller tegn paa nogen af steenene, men der ligger 6 steenhaabe mellem steenene. Her om siger di saalediss, at udi gammeldage haffuer varitt saadan en skick, att naar tuende vare bleffuen vens (uvener), oc di begiffue sig hen till en platz oc staa huer udi sin steenhaab indtil kneene saa langt fra hinanden som de vilde, dog saa di vell kunde med steene slaa till huer andre, oc ingen aff dett srted hand stod paa at vige, førend den ene tabte, oc misted liffuet. Lige saadant itt kamp-platz oc sted meniss att haffue vaaritt oc ligesaa mange her at haffue fectirtt om liffuett som her staar store steene opreist for di strax een tabte oc bleff slagen, bleff en høi steen gemenlig saa lang som personen var, til hans hukommelse paa samme sted opreist». [3]

Skisse frå området med bautasteinane teikna av W.F.K. Christie i 1825. Skissa er henta frå bokverket: "Afrids af Monumenter, Prospecter og Andet, som jeg har forefunden paa Reyser i Norge 1825.
Ole Worms skar eit tresnitt i 1643, laga etter teikning av Paasche, men biletet verkar som fri fantasi, skriv Heggland. Kring 1825 teikna Wilhelm Frimann Koren Christie to perspektivskissar og oppriss av dei fem ståande bautasteinane og den i fjøra. Men i mellomtida hadde ymse tilhøve gjort sitt til for å få staden i forfall. Den fine sandflata hadde vore freistande til ymse føremål, og staden vart då òg i lengre tid nytta som øvingsstad for landevernet, både hardangerske kompani og deler av det sunnhordlandske dreiv øvingar her. Landevernet var det òg som sytte for at den sjette bautasteinen vart nedriven etter ordre av kaptein Lohmann, «for di den stod lige i opstillingslinjen». I 1860 kommenterer H. P. Schreuder dette slik: «Der skal have været endnu flere bautaer, men de ere blevne nedrevne af barbarer». [4]

Biskop Jacob Neumann granska staden då han i 1828 visiterte i Sunnhordland, og 19 år seinare fekk han ein kandidat Stuwitz til å teikna ein plan over gravfeltet. Denne trykte Neumann i 1846. Neumann sine «optegnelser» vitnar om stor antikvarisk og arkologisk interesse. Han har fått med om lag alle fornminna, og skildrar tilhøva for kvar einskilt, både steinane, steinringane, haugane og røysane. Dertil nemner han «skibshøier».

Den største bautasteinen er stilt for seg sjølv i utkanten av feltet
Neumann nemner óg at plassen har vore nytta som ekserserplass - «hvorved feltets hellighed er ikke bleven synderlig respekteret ; thi, at nogle af gravminderne ere ilde medfarne, turde vel være en frugt af soldatenes overgivenhed i de militaire hvilestunde ». [5] Elles meiner Neumann det ville vera naturleg om det på ein så stor førhistorisk gravstad òg fanst merke etter eit tempel, eit heilagdomshus, og han vil ikkje forlata Arbakka før han har granska dette, seier han. Han meiner òg han har funne eit rektangulert søkk i jorda «der saae ud som en tomt til en fortidsbygning». Det er langt til Moster og andre stadar i Sunnhordland, der heidne tempel kunne ha funnest, og difor meiner han det var rimeleg om Årbakka var ein slik samlingsstad, endå om det sjølvsagt er berre «antikvarisk gisning».

A. Lorange tok opp arbeidet med å få feltet sakkunnig granska i 1880, vart det fortalt at det for ein del år tilbake hadde kome ein lauskar frå Hardanger og fått fritt opphald i fleire månader, ettersom han lova å finna skattar på «Årbakkjen». For det meste grov han åleine, difor kunne ingen gje nærare opplysning om kva han hadde funne, men det han kom til gards med, var berre småting av jarn eller metal (bronse), og så tre leirpotter. Då han grov i den største haugen hadde ein av karane på garden vore med han, og då hadde dei funne ei mura grav med urne og bein. Det vart òg fortalt at dei hadde grave i fleire haugar tidlegare. Det som elles kom for dagen var vanlege funnrestar, som bjørneklør og glasbetar - kanskje også spelbrikkar.

Skattegravaren frå Hardanger gav seg ikkje berre med å rota i haugane, han grov under ein av bautasteinane også, og denne vart liggjande over ende. Lorange sytte for å få han reist opp att. Bautasteinen som er nytta til bryggja, var ein av dei seks steinane Paasche nemner 1626.

Gravfelt for eit større område

Den nordlege delen av gravfeltet, med den største av bautasteinane. Foto frå 1960-talet.

Gravrøysene på Arbakka er spreidde i fire-fem flokkar utover den store sandstranda. Det liggjer også nokre haugar spreidde litt i frå, og ei røys ligg på ein haug i nærleiken.

Den store gravstaden på Årbakkasanden låg eit godt stykke frå gardane kring, sjølv om det kan tenkjast at det i jarnalderen låg ein sentralgard i nærleiken. Her var berre sand og stein, korkje tun eller teig. Likevel ser det ut til at dei ein gong i eldre jarnalder har nytta denne staden til gravstad for eit større område. Busetnaden på Liastrando og Onarheim var i desse hundreåra truleg ikkje stor, og når me dertil tenkjer oss at det berre var dei rådande i samfunnet som fekk så vyrdeleg gravferd at dei vart lagde i haug, skulle ein ikkje tru at dette gjeld avlidne berre frå Onarheim, men frå ein større krins.

Ser me dette gravfeltet i samband med ein mogeleg heilagdom på Onarheim, som har samla folket andre stader frå, slik me kjenner til det først i historisk tid - då kan ein sjå denne gravstaden som ein parallell til Vossabakkjen ved Onarheim kyrkje. Innanfor ei slik vid råme fell det lettare å skjøna denne store samlinga av minnesmerke på ein stad. Det kunne vera storfolka dei gravla på denne måten, haugla somme og reiste steinringar med bautaer i midten for dei hovdingane som fall i striden på sjøen, kanskje i teneste som romerske leigesoldatar. Gravstaden kan ha vorte til over eit langt tidsrom. Eldre jarnalder tøyer seg over 1000 år, og det er rimeleg at desse minnesmerka skriv seg frå byrjinga av tidsrekninga vår, frå romertid og folkevandringstid.

Andre fortidsminne på Årbakka

Det finst ei røys på Vardvikhaugen (namnet tyder på at røysa har heitt Varden), ein knaus 150 meter nord for landhandelen på Årbakka, 20 meter over flodmålet og svært bratt ned. Røysa er 6 meter i tverrmål. Opphaveleg opp mot 1 meter høg, seinare svært utkasta, men ikkje til botnar.

Frå denne minnegravstaden kjenner me til nokre funn som seinare er bortkomne. Mellom anna to spyd, ein skjerding, leirkrukke og urne.

Referansar

  1. Drange, Ernst B.: Tysnes gards og ættesoge, band 4 s. 89 ff
  2. Heggland, Johannes: Tysnes det gamle Njardarlog, band 1, 1963 s. 130
  3. Sitert etter Heggland frå «Antiquitates eller fortegnelse oc afritzing paa huis gamle monumenter som nu kunde findes udi Bergens Stichb".
  4. Heggland, Johannes: Tysnes det gamle Njardarlog, band 1, 1963 s. 133
  5. Heggland, Johannes: Tysnes det gamle Njardarlog, band 1, 1963 s. 134

Litteratur og kjelder

  • Heggland, Johannes: Tysnes, det gamle Njardarlog, band 1. Utg. Tysnes Sogelag, 1963.
  • Drange, Ernst B.: Tysnes gards- og ættesoge, band 4. Utg. Tysnes Sogelag, 1991.
  • Sagen på Årbakkastranden. Innspill fra Arkikon Bergen 08.10.2008. Skriv til Tysnes kommune. Tysnes kommune, 2008.

Utgåande lenker