Årdal gamle kyrkje: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(litt formatering)
Linje 1: Linje 1:
{{thumb|Årdal gamle kyrkje.JPG|Årdal gamle kyrkje i Ryfylke. (Foto: Knut Rage)}}
<onlyinclude>{{thumb|Årdal gamle kyrkje.JPG|Årdal gamle kyrkje i Ryfylke.|[[Knut Rage]]}}
 
'''[[Årdal gamle kyrkje|Den gamle kyrkja i Årdal]]''', [[Hjelmeland kommune|Hjelmeland]] i [[Ryfylke]], vert rekna som ei av dei mest særprega renessansekyrkjene på [[Vestlandet]]. Kyrkja ligg i Årdal sokn i [[Søre Ryfylke prosti]]. Kyrkja har langplan og 175 sitjeplassar, og har vernestatus som freda.
Den gamle kyrkja i [[Årdal i Hjelmeland]], Ryfylke vert rekna som ei av dei mest særprega renessansekyrkjene på [[Vestlandet]]. Årdal gamle kyrkje ligg i Årdal sokn i Søre Ryfylke prosti. Kyrkja har langplan og 175 sitjeplassar, og har vernestatus som freda.

Bygginga tok til i 1619, då vart skipet bygd, så kom tårnet på plass i 1623 og koret stod ferdig i 1626. Ettersom folketalet i bygda auka utetter 1600-talet vart det bygd på endå eit korparti i åra mellom 1707 og 1709. Kyrkja vart altså utvida to gongar, og det er dette som har gjeve kyrkja den særeigne forma og kallenamnet "kyrkja under tre tak". Kyrkja er kanskje vel så kjend for sine frodige dekorasjonar.   

Tårnet viste seg å vera lite motstandsdyktig mot ver og vind. I 1670 vart det tilrådd å riva tårnet og byggja eit nytt. Men det skulle koma til å gå nokre år før det skjedde. Først då kyrkja vart utvida i åra 1707-1709 kom det nye tårnet på plass. Det er det same tårnet som framleis står i dag.
Tårnet viste seg å vera lite motstandsdyktig mot ver og vind. I 1670 vart det tilrådd å riva tårnet og byggja eit nytt. Men det skulle koma til å gå nokre år før det skjedde. Først då kyrkja vart utvida i åra 1707-1709 kom det nye tårnet på plass. Det er det same tårnet som framleis står i dag.</onlyinclude>

==Kyrkjestad frå 1200-talet==
==Kyrkjestad frå 1200-talet==
Linje 13: Linje 12:
==Frodige dekorasjonar==
==Frodige dekorasjonar==

{{thumb|Årdal gamle kyrkje nordvegg.JPG|Årdal gamle kyrkje er frodig dekorert, m.a. med figurar frå det gamle testamente. På nordveggen finn me Elesius og Jonas. (Foto: Knut Rage)}}  Dei innvendige dekorasjonane i Årdal gamle kyrkje verkar mest overveldande på den som trår inn i kyrkja for første gong. Interiøret er dekorert med frodige fargar frå golv til tak. Motiva vekslar frå store og enkle blomerankar nedst i skipet til altartavla som mellom anna viser ei framstilling av krossfestinga på Golgata.
{{thumb|Årdal gamle kyrkje nordvegg.JPG|Årdal gamle kyrkje er frodig dekorert, m.a. med figurar frå det gamle testamente. På nordveggen finn me Elesius og Jonas.|Knut Rage}}   
Dei innvendige dekorasjonane i Årdal gamle kyrkje verkar mest overveldande på den som trår inn i kyrkja for første gong. Interiøret er dekorert med frodige fargar frå golv til tak. Motiva vekslar frå store og enkle blomerankar nedst i skipet til altartavla som mellom anna viser ei framstilling av krossfestinga på Golgata.

Utsmykkinga av kyrkja stammar frå fleire epokar dei siste hundreåra, og det er såleis også mange dekoratørar som har vore i arbeid. Den eldste delen av skipet er dekorert med akantusrankar, Olavsroser, tulipanar og valmuar på kvit botn. Til venstre for inngangsdøra er det måla ei scene som framstiller Jesu dåp. Truleg stod døypefonten her i eldre tid. Over døra er ein engel komponert inn i rankemotivet i veggen. Taket over engelen er kvitmåla, men har truleg opphavleg vore dekorert. Over ei dør i nordveggen er det eit sirkelforma felt med ei framstilling av Salvator Mund - verdas frelsar. Her vart det sett inn ei dør etter at framstillinga var måla, ein kan tydeleg sjå at ein tredjedel av biletfeltet er skore vekk for å få plass til døra.

Linje 29: Linje 29:

==Altartavla og preikestolen==
==Altartavla og preikestolen==
{{thumb|Årdal gamle kyrkje mot altaret.JPG|Årdal gamle kyrkje er overdådig dekorert og eit godt døme på den såkalla Stavanger-renessansen. Fotografert mot altaret. (Foto: Knut Rage)}} På 1600-talet kom fleire utanlandske kunstnarar til [[Noreg]] som fekk viktige oppgåver med utsmykking av kyrkjene. I Rogaland fekk [[Godtfred Hendtzschel]] ei rekkje oppgåver som kyrkjemalar. Altartavla og preikestolen i Årdal gamle kyrkje er typiske døme på malarkunsten hans.
{{thumb|Årdal gamle kyrkje mot altaret.JPG|Årdal gamle kyrkje er overdådig dekorert og eit godt døme på den såkalla Stavanger-renessansen. Fotografert mot altaret.|Knut Rage}}
På 1600-talet kom fleire utanlandske kunstnarar til [[Noreg]] som fekk viktige oppgåver med utsmykking av kyrkjene. I Rogaland fekk [[Godtfred Hendtzschel]] ei rekkje oppgåver som kyrkjemalar. Altartavla og preikestolen i Årdal gamle kyrkje er typiske døme på malarkunsten hans.

Altartavla vart laga i 1635 av [[Thomas Snekker]], som også er kjend for sine arbeid i andre kyrkjer i Rogaland. Maleriet på altartavla er delt inn i tre biletfelt. Midtfeltet viser krossfestinga på Golgata, medan feltet til venstre er ei framstilling av Moses med dei ti bod, og til høgre ser ein Johannes med alterets sakramente. I gavlfelta er våpenskjolda til lensherre [[Jørgen Brockenhus]] og [[Margaretha van der Lycke]] attgjeve. Altartavla er skoren ut i furu i åra 1631-1632, medan ho vart måla i åra 1634-1635. Thomas Snekker laga truleg også to skriftstolar til kyrkja, ein ombodsmannstol og ein bispestol kring 1630. I koret står også ein brudebenk som i følgje rekneskapane for kyrkja vart laga i 1639.

Linje 39: Linje 40:

==Kjelder og litteratur==
==Kjelder og litteratur==
:*Årdal  gamle kyrkje. Tekst: Njål Tjeltveit og Olav Frantzen Utg. Årdal sokneråd, 2012.
*Årdal  gamle kyrkje. Tekst: Njål Tjeltveit og Olav Frantzen Utg. Årdal sokneråd, 2012.
:*Brandal, Trygve: Hjelmeland bygdesoge 1 og 2.1997 og 1994. Christie, Sigrid Marie: Årdal gamle kirke. Artikkel i Foreningen til fortidsminnemerkes bevaring. Årbok 1965. Eikeland, Sigurd: Årdal. Frå istid til nåtid. 1969.
*Brandal, Trygve: Hjelmeland bygdesoge 1 og 2.1997 og 1994. Christie, Sigrid Marie: Årdal gamle kirke. Artikkel i Foreningen til fortidsminnemerkes bevaring. Årbok 1965. Eikeland, Sigurd: Årdal. Frå istid til nåtid. 1969.
:*Frantzen, Olav: Årdal gamle kyrkje - kyrkja under tre tak. Artikkel i Prei (Kyrkjeblad for Hjelmeland, Strand og Forsand) nr. 03/2012.
*Frantzen, Olav: Årdal gamle kyrkje - kyrkja under tre tak. Artikkel i Prei (Kyrkjeblad for Hjelmeland, Strand og Forsand) nr. 03/2012.
:*Hals, Harald: Hus og Kirke. Stavanger Turistforenings årbok 1933.
*Hals, Harald: Hus og Kirke. Stavanger Turistforenings årbok 1933.
:*Kaland, Bjørn: Årdal gamle kirke. Artikkel i Foreningen til norske fortie merkes bevaring. Årbok 1965.
*Kaland, Bjørn: Årdal gamle kirke. Artikkel i Foreningen til norske fortie merkes bevaring. Årbok 1965.
:*[http://Nettressurs:%20Kirkesøk:%20Årdal%20gamle%20kirke Nettressurs: Kirkesøk: Årdal gamle kirke]  
*[http://Nettressurs:%20Kirkesøk:%20Årdal%20gamle%20kirke Nettressurs: Kirkesøk: Årdal gamle kirke]  

[[Kategori: Kirker]]
[[Kategori: Kirker]]
[[Kategori: Hjelmeland kommune ]]
[[Kategori: Hjelmeland kommune]]
[[Kategori: Rogaland fylke]]

Sideversjonen fra 4. feb. 2014 kl. 11:54

Årdal gamle kyrkje i Ryfylke.
Foto: Knut Rage

Den gamle kyrkja i Årdal, Hjelmeland i Ryfylke, vert rekna som ei av dei mest særprega renessansekyrkjene på Vestlandet. Kyrkja ligg i Årdal sokn i Søre Ryfylke prosti. Kyrkja har langplan og 175 sitjeplassar, og har vernestatus som freda.

Bygginga tok til i 1619, då vart skipet bygd, så kom tårnet på plass i 1623 og koret stod ferdig i 1626. Ettersom folketalet i bygda auka utetter 1600-talet vart det bygd på endå eit korparti i åra mellom 1707 og 1709. Kyrkja vart altså utvida to gongar, og det er dette som har gjeve kyrkja den særeigne forma og kallenamnet "kyrkja under tre tak". Kyrkja er kanskje vel så kjend for sine frodige dekorasjonar.

Tårnet viste seg å vera lite motstandsdyktig mot ver og vind. I 1670 vart det tilrådd å riva tårnet og byggja eit nytt. Men det skulle koma til å gå nokre år før det skjedde. Først då kyrkja vart utvida i åra 1707-1709 kom det nye tårnet på plass. Det er det same tårnet som framleis står i dag.

Kyrkjestad frå 1200-talet

I eit diplom frå 1286 står det nemnd at det fanst ei stavkyrkje på den same staden som kyrkja frå 1600-talet står i dag. Det tyder at den eldste kyrkja i Årdal kan ha blitt reist på 1200-talet. Kyrkja stod på staden fram til den nye kyrkja vart bygd på 1600-talet. Noko av materialane i takkonstruksjonen skriv seg truleg frå gamlekyrkja. Det kjende Årdalskrusifikset , datert til 1250, er den einaste gjenstanden som framleis eksisterer frå stavkyrkja. Krusifikset følgde med til den nye kyrkja i 1619, men vart teke vekk då det kom ei ny altartavle i kyrkja. Fram til 1880-åra hang krusifikset over inngangsdøra, men vart til slutt frakta til Stavanger Museum der det no er oppbebvart. Årsdalskrusifikset framstillar den lidande Jesus, som står eller heng høgt på krossen. Det er det einaste større mellomalderkrufikset som framleis eksisterer i Rogaland, men er ikkje i særleg god stand. Både armane og det eine fotbladet manglar.

Frodige dekorasjonar

Årdal gamle kyrkje er frodig dekorert, m.a. med figurar frå det gamle testamente. På nordveggen finn me Elesius og Jonas.
Foto: Knut Rage

Dei innvendige dekorasjonane i Årdal gamle kyrkje verkar mest overveldande på den som trår inn i kyrkja for første gong. Interiøret er dekorert med frodige fargar frå golv til tak. Motiva vekslar frå store og enkle blomerankar nedst i skipet til altartavla som mellom anna viser ei framstilling av krossfestinga på Golgata.

Utsmykkinga av kyrkja stammar frå fleire epokar dei siste hundreåra, og det er såleis også mange dekoratørar som har vore i arbeid. Den eldste delen av skipet er dekorert med akantusrankar, Olavsroser, tulipanar og valmuar på kvit botn. Til venstre for inngangsdøra er det måla ei scene som framstiller Jesu dåp. Truleg stod døypefonten her i eldre tid. Over døra er ein engel komponert inn i rankemotivet i veggen. Taket over engelen er kvitmåla, men har truleg opphavleg vore dekorert. Over ei dør i nordveggen er det eit sirkelforma felt med ei framstilling av Salvator Mund - verdas frelsar. Her vart det sett inn ei dør etter at framstillinga var måla, ein kan tydeleg sjå at ein tredjedel av biletfeltet er skore vekk for å få plass til døra.

I skråtaket er ti figurar frå det gamle testamentet måla inn i bogeforma nisjar. I loftet over profetane svevar lubne englar i luftige gevantar. Kvar profet står fram med sine typiske attributtar, saman med namna deira. Taket under hanebjelkane er dekorert med blomar og englar. I halvveggen mot koret er St. Peter og St. Andreas framstilt ståande på kvar si side av kong Fredrik IV sitt monogram. På nordveggen finn me, rekna frå skipet, Amos, Sakarias, Malakias, Elesius og Jonas, på sørsida omfattar figurframstillinga Elias, Daniel, Esekiel, Jeremias og Samuel. Over dei bibelske figurane er det måla rankar i oransje og oker.

I skråtaket over den nordre veggen i koret, som statuar ganske fritt i ein open park, er måla dei tre dygdene Justitia, Fortitudo og Temperantia (rettferd, styrke og måtehald). I kyrkjesamanheng er desse tre figurane ganske spesielle. Stor kunst er det rett nok ikkje, og ein veit heller ikkje kven som har måla dei. All dekor i kyrkja er utført med limfarge, med unnatak av dei tre nedste tømmerstokkane der det er måla draperiar i oljefarge.

To av målarne som har arbeidd i kyrkja er kjende. Hans Sager arbeidde i fleire kyrkjer i Rogaland og andre stader i landet tidleg på 1700-talet. Det er truleg han som har måla figurane i Årdal gamle kyrkje, men neppe figurane i kyrkjetaket. Altartavla og preikestolen er måla av Godtfred Hendtzschel, som er langt meir rutinert enn dei noko naive framstillingane me finn elles i kyrkja.

Totalt sett fortel dekorasjonane i Årdalskyrkja om korleis kyrkjekunst vart utført i ulike periodar.

Skipper i prestedrakt

I nordveggen av skipet er det to blyinnfatta vindauge. Det eine er montert i den eldste delen av kyrkja, med grønt glas og delt inn i små felt. I den nyare delen er det eit lite glasmaleri som stammar frå renessansen. Det blir fortald at dette vindauget vart gjeve i gåve til Årdalskyrkja av ein skipper fordi han var så lukkeleg etter at han hadde overlevd eit forlis. Skipperen er framstilt som prest i renessansedrakt med pipekrage der han sit ombord i skipet sitt med ein fylt pokal i den eine handa.

Altartavla og preikestolen

Årdal gamle kyrkje er overdådig dekorert og eit godt døme på den såkalla Stavanger-renessansen. Fotografert mot altaret.
Foto: Knut Rage

På 1600-talet kom fleire utanlandske kunstnarar til Noreg som fekk viktige oppgåver med utsmykking av kyrkjene. I Rogaland fekk Godtfred Hendtzschel ei rekkje oppgåver som kyrkjemalar. Altartavla og preikestolen i Årdal gamle kyrkje er typiske døme på malarkunsten hans.

Altartavla vart laga i 1635 av Thomas Snekker, som også er kjend for sine arbeid i andre kyrkjer i Rogaland. Maleriet på altartavla er delt inn i tre biletfelt. Midtfeltet viser krossfestinga på Golgata, medan feltet til venstre er ei framstilling av Moses med dei ti bod, og til høgre ser ein Johannes med alterets sakramente. I gavlfelta er våpenskjolda til lensherre Jørgen Brockenhus og Margaretha van der Lycke attgjeve. Altartavla er skoren ut i furu i åra 1631-1632, medan ho vart måla i åra 1634-1635. Thomas Snekker laga truleg også to skriftstolar til kyrkja, ein ombodsmannstol og ein bispestol kring 1630. I koret står også ein brudebenk som i følgje rekneskapane for kyrkja vart laga i 1639.

Preikestolen vart laga samstundes som altartavla, også den av Thomas Snekker, måla av Godtfred Hendtzschel. På preikestolen, som har utskoren renessanseornamentikk med bogeforma felt, er evangelistane måla i halvfigur, med Markus, Lukas og Johannes på sjølve preikestolen, medan den fjerde evangelisten, Marus, er framstilt i trappeoppgangen. I 1870 vart preikestolen flytta lenger ned i kyrkja.

Sitjeplassar for bygdefolket

Etter reformasjonen vart det laga benker til å sitja på under gudstenesta - i katolsk tid stod kyrkjelyden gjerne under messa, og kyrkja var truleg utan benkjer då. Til liks med det øvrige interiøret vart også benkene laga av Thomas Snekker. Dei seinare sitjeplassane vart laga av Lauritz Snekker. Kvar gard hadde sin faste benk med namn på dørane til sitjeplassane. I fleire av dørene er det såleis skore inn namna på gardeigarane i bygda, somme stader er det også skore inn årstal. Gardar og folk med høgast status var plassert lengst framme. Husmenn i bygda hadde ikkje merka plassar. Folk betalte for sitjeplassane, så det var dermed høgast prestisje knytt til det å sitja lengs framme.

Kjelder og litteratur

  • Årdal gamle kyrkje. Tekst: Njål Tjeltveit og Olav Frantzen Utg. Årdal sokneråd, 2012.
  • Brandal, Trygve: Hjelmeland bygdesoge 1 og 2.1997 og 1994. Christie, Sigrid Marie: Årdal gamle kirke. Artikkel i Foreningen til fortidsminnemerkes bevaring. Årbok 1965. Eikeland, Sigurd: Årdal. Frå istid til nåtid. 1969.
  • Frantzen, Olav: Årdal gamle kyrkje - kyrkja under tre tak. Artikkel i Prei (Kyrkjeblad for Hjelmeland, Strand og Forsand) nr. 03/2012.
  • Hals, Harald: Hus og Kirke. Stavanger Turistforenings årbok 1933.
  • Kaland, Bjørn: Årdal gamle kirke. Artikkel i Foreningen til norske fortie merkes bevaring. Årbok 1965.
  • Nettressurs: Kirkesøk: Årdal gamle kirke