Årset notlag: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
m (→‎Båtar ein veit om:: Skrivefeil og markering)
m (Gjer klar for opplasting bilete)
Linje 74: Linje 74:


[[Landnotset i Austefjordområdet|Oversikt over notaset / notakast i området]].
[[Landnotset i Austefjordområdet|Oversikt over notaset / notakast i området]].
==Bilde frå Årset notlag==
<gallery>
Bilde:Årset notlag Naust Nothengje MB «» M  VA b.jpg|Årset notlag
</gallery>


==Kjelder og informantar:==
==Kjelder og informantar:==

Sideversjonen fra 28. okt. 2010 kl. 19:08

Hamre Aurstad Aarset. 2008

Årset notlag, og kalla Årsetnotalaget, var eit av fleire notlag i Austefjorden eigd av gardane Årset, Årsetøya, Aurstad og Skjeret då det vart avvikla i 1963. Notlaget vart delt 1932. Dei som gjekk ut og danna Håvik notlag var fire bruk i Håvika, to bruk i Hamre. Vikestranda gjekk over frå Årset til Håvik notlag 6. juli 1946. Førebels trur ein at Skjæret kjøpte seg inn i Årset notlag på dette tidspunktet.

Notlaget hadde hus til båt og bruk på Årset. Frå 1952 på Laberget på Aurstad.

Laget dreiv fyrst med sekkjenot seinare og samtidig med landnot i Austefjorden. Då det vart laga snurpenot i 1951 vart denne brukt på sunnmørsfjordane med notbåt, øyrebåt, slepebåt og loddebåt / lettbåt.

Årset notlag brukte not for siste gong sommaren 1963. Deretter vart brukbart utstyr selt, området på Aurstad rydda og laget avvikla som dei fleste andre store notlag langs fjordane her.

Årset notlag er godt dokumentert gjennom notat og rekneskap tilbake til 1870-talet. Andreas Årsetøy f. 1902 har dokumentert drifta med:

Båtsamlinga til Sunnmøre Museum har to båtar frå dette laget: den andre notbåten (brukt til «Lissjeveren» overtok nota 1937) og den gamle spelbåten, brukt til 1951. Desse syner korleis notbåt og spelbåt såg ut så lenge det var robåtar.

Båtar ein veit om:

I stykket i Årbok 1976 Sunnmøre Museum seier Andreas at ein veit lite om dei fyrste båtane, men:

  • Fyrste notbåt: Ukjent namn, men: Bygd på Årset rundt 1850 av Elias Jonson Aurstad og at innveden var av naturvaksen skog frå Årsetmarka.
  • Andre notbåt: Ukjent namn. Står på Sunnmøre Museum. Gavlbåt 8.3 m lang, 2,7 m brei. «Spjakspel» (rull tvers over båten midt på?) og to eller tre par årar, dei lengste årane 4,60 m.
  • «Trygve» M 18 VA eller «Gamlesvarten»: Klinkerbygd kutter i tre. Bygd i 1909 med desse måla: 32,1 / 11,3 / 5,1 fot. Motor: Kampen 10 -12 HK, 4-takt, semidiesel (glødehaud- eller oppfyringsmotor) frå 1920.
  • MB «Joffre» M 13 VA eller «Stylkå / Joffå»: Klinkerbygd kutter i tre. Bygd i 1914 med desse måla: 37,5 / 11,6 / 5,5 fot. Motor: Volda 18 HK, 4-takt, semidiesel (glødehaud- eller oppfyringsmotor) frå 1914. Kjøpt av Årset notlag 3. jan 1952.
  • «Tempo» M 114 VA: Kravelbygd gavlbåt i tre. Bygd i 1938 med desse måla: 36,5 / 11,0 / 5,0 fot. Kjøpt hos Oskar Vik m / fleire, Slagnes i Vanylven med registreringsnummer M 22 VN.
  • «Spelbåten», robåt med eit årepar, brukt saman med «Storenota» (landnot), sterkbygd gavlbåt med rull og spel. Hang ved bruk i enden på landnota og vart sleppt med notenden og ein mann ved årane når nota skulle setjast. Størrelse 18 fot. Ut av drift 1951 ved bygging av ny spelbåt.
  • «Spelbåten», seinare «Øyrebåt til snurpenota», bygd i 1951 av Rasmus H. Høydalsvik. Materialen var teken i i skogen til Kaspar Årset og skoren på hans sag. Der var særs mykje frisk kvist i båteborda og dette synte seg å vere fortreffeleg til ein slik bruksbåt, bordinga er like heil framleis (2010). Robåt med eit årepar, brukt fyrste året saman med «Landnota» (140 famner), seinare som øyrebåt på snurpenota ved fjordfiske, sterkbygd gavlbåt med rull og spel. Hang ved bruk i enden på snurpenota, var festa slik at den la seg på tvert (90 grader på) nota og vart sleppt med notenden ved setjing. Størrelse 18 fot. Ein mykje stautare båt enn forgjengaren.
  • «Færing», bygd i 1954 av Rasmus H. Høydalsvik. Materialen var teken i skogen til Kaspar Årset og skoren på hans sag. Det var ein "alminneleg staut" 9-alna færing.
  • «Loddebåten / Lettbåten». Den fyrste lettbåten med motor var ein sterkbygd båt med stamn i begge endar, ca. 20 fot, Sleipner ca. 5 HK motor med rask omstyring, den typa med ein tung spak ein slo bakover og framover, hadde Simrad elektrisk ekkolodd. Leigd av Andreas Aarset, Stadtlandet (loddebåten normalt brukt saman med «Bror I» i notlaget til Andreas Aarset).
  • «Loddebåten / Lettbåten» (brukte «Joffre» sitt reg.nr.) M 13 VA, sterkbygd, kjøpt brukt hos Vartdal fiskeriselskap på Vartdal, ca. 20 fot, Marna 8 – 11 motor med rask omstyring, den typa med ein tung spak ein slo bakover og framover, hadde Simrad elektrisk ekkolodd med vått papir.

Naust og hengje:

Notanaustet på Årset: Grindbygg på Årset aust for «Tjørestøa» (der notlaget tok fram båtane for å «tjørebræde» dei). Nota vart teken inn ei dør på langsida, det vart brukt ein trekrok med tau i for å ta notbuktene opp så ein fekk trede «spjakar» under. Nota måtte oftast på hengje til helga, det var mest praktisk slik då den rotna fort om ein ikkje handterte turking på ein god måte. På dette nothengjet vart laga eit tilbygg på sida mot sjøen som naust for laget sine båtar.

Notahengjet på Aurstad: Grunnarbeidet gjort 1951, her var teke ut ein heil del fjell, brukt til å mure kai for å ha godt tilflot. Bygt ca. 1952 og ferdig til bruk i 1953. Det hadde gjesa (opa / god opning mellom borda) bordkledning for å få terre til nota. Bordkledninga skulle hindre inndrev. Der var elektrisk drift på notrullane, dette var ein leik å turke not i høve til det gamle hengjet.

Ved vestveggen var det bygt naust med framtrekk til begge notbåtane med elektrisk framtrekk. Før det nye nothengjet kom i drift var det leigt hengje i Holmen hos Holsvik notlag.

Barkekaret, ved vestenden på nothengjet på Årset: Eit støypt kar ca. 2 x 2 x 2 m. Vedfyrt. Stod slik til at not kunne dragast i karet både frå bakre ende av nothengje. Då barkekaret vart for lite kjøpte notlaget ein stor koparkjel med skraphandlar Holck, skar ut eine enden og skøytte den til tidlegare betongkar. Dette var ein isolert tank for flybensin frå krigen. «Lissjeveren» var til Ålesund og henta ein slik til Årset notlag og ein til Holsvik notlag. Blanding i barkekaret: Bork av bjørk, katiko (eit bekstoff / asfalt) og tjøre. Til garn som skulle setjast på djupt vatn vart det og tilsett såkalla «blåstein» (her er skrivaren sin kunnskap syltynn, nokon som kan hjelpe ?)

Framtrekk for «Joffre» og «Lissjeveren»: På nothengjet på Aurstad vart laga eit tilbygg på sida mot sjøen som naust for laget sine båtar.

Nøter

Hugs at dette er hamp- eller bomullsnøter. For at nøtene ikkje skulle «gå varme» og byrja å rotne måtte dei hengjast til turk ofte. Hadde du fyrst «bløytt not» måtte du halde nota gjenomvåt til neste gong den skulle «hengjast». Sume tider ausa dei vatn på nota, andre gonger sette dei nota på langs etter «Svodagrynna» og let den stå over helga for å halde den våt.

At det heile tida var bruk for nytt notlin grunna skadar og rote syner desse tala frå rekneskapen med tekst: Innkjøpt notlin: 1924, notbolk kr. 1308,62. 1925, not kr. 107. 1029, not til ny stengjenot kr. 700,00. 1935, litt not kr. 119,08. 1939, Spjelkavik Not og Garn kr. 657,13. 1942, not kr. 1000,00. 1948, not kr. 1188,49. 1949, Snøre – not kr. 693,63.

Sekkjenota: Rektangelforma not, godt innskoten, tau i fire hjørne. I tillegg tau med «dobl» på sidene. Ein færing for kvart hjørne i sitt tau (sjå modell på Austefjord Museum). Hans Aarset fortel etter far sin Knut H. Aarset f. 1894 som vaks opp på Storneset og fekk med seg dette som gutunge at «sekkjenota» var jamt i bruk rett før helga når landnota var komen på hengje.

Nota vart lagd på botnen bort for Stornesnaustet. Her er rein botn og her har alltid vore ein fiskerik plass. Når nota var komen på botnen byrja ein å «fly». Dette er å strø knust blåskjel eller småsild (agn / åte) på sjøen rett over nota. Dette sakk sakte mot sjøbotnen og då samla fisken seg for å ete rett over nota. Dei venta ei stund, etter gamal røynsle, så drog dei opp nota på signal. Alle hjørna måtte dragast på likt slik at det danna seg ein pose for samling av fisken. Ofte fekk dei svært mykje fisk. Dette var fisk laget delte og hadde med heim til helga som mat til familiane sine. Nota måtte naturlegvis hengjast opp til turk før ein gjekk heim.

Bolkenota var landnota / storenota / jagenota på 60 famner som utvikla seg gjennom åra til 140 famner: Frå lydband etter Martinus Holsvik f. 1887: Partshavarane kjøpte bomull- eller hampetråd og batt nota sjølve. Så sette dei saman bolkane og laga på denne måten ei not. Kvar hadde bumerket sitt på korkane for sin bolk.

Bolkenot var nok meir namn på organisasjonsforma av notlaget enn på nota. I og med at den som ville delta i eit notbruk måtte legge ned eit stort arbeid for å lage sin «bolk» var det ikkje berre å verte med. Fyrste tida kjøpte dei hamp og konene spann tråd, den var stiv og vanskeleg å spinne. Å binde småmauska not tok mykje tid. Det måtte lagast mykje tau og alt skulle vedlikehaldast ved bruk. «Bolkenota» vart etter kvart ei felles not der bolkane vart utskift med kjøpt notlin og var utgangspunktet for det som til slutt var landnota på 140 famner.

Snurpenota: Ei «endesnurpe» ca: 150 famner lang og ca: 21 famner djup. Nota var bygd slik: Brislingband frå «kavlen» og 17 famner ned, siste 4 famnene mot grunnen 36 omfar. Denne delen sleppte gjennom meir vatn og gav rask «snurping». I fyrste enden ein set frå båten, «øyra», er «bussen», 20 – 30 famner med brislingband heilt til botnen (tråd nr. 34 og 96 omfar pr. alen), dette dannar posen ein tek opp fisken med når nota er hala inn. På nota er ca. 20 «ringar» for snurpewire med «haneføter» («haneføter» er eit «skrev» av to tau som nede er knytt i ein ring og er knytt i grunnlina i nota eit stykke frå kvarandre i den andre enden?).

Til snurpeline var brukt wire som vart spola opp på ein rull, kalla «snurpelinesnelda». Etter setjing drog en snurpeline frå begge endar, når nota var på båten att drog ein snurpelina gjennom «ringane» på «haneføtene» og inn på snurpelinesnelda, klar til nytt «kast».

Stengjenot: Tre nøter: Storestengjenota, Lissjestengjenota. Den tredje hadde størrelse mellom dei to andre men hadde ikkje noko spesielt namn. Laga som ei vanleg landnot, ikkje «innskoten», grunnare i «geilbolkane» (notendane som er mot land). Vart sett ut med «fljøt» / kagge / lita tynne, seinare blåser, med stengjefot på på hjørna og begge geilane / notendane på land. Ein må sikre at nota botnar også på full flo.

Stengjeposar / Merde: Ved kjøp av snurpenot i 1951 fylgde det med to posar. Dei var svært anvendelege til småslumpar. Notposane, rektangulære med «fljøt» i fire hjørner. Normalt brukt med to stengjeføter og to «landtog». Kan òg setjast med fire stengjeføter. Det var fleire størrelsar der ein valde stengjenotstørrelse etter fangst.

Orkastnota: Ei lita spesialnot / landnot til å ta passelege slumpar frå stengjenot for levering.

Oversikt over notaset / notakast i området.

Bilde frå Årset notlag

Kjelder og informantar: