Årset notlag: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
m (Lenkar)
m (Retta årstal)
Linje 1: Linje 1:
{{thumb|Hamre_(Volda)_Aurstad_Aarset_mot_W.JPG|Hamre Aurstad Aarset. 2008}} <onlyinclude>'''[[Årset notlag]]''', og kalla ''Årsetnotalaget'', var eit av fleire [[Notlag_i_Austefjordområdet|notlag i Austefjorden]] eigd av gardane Årset, Årsetøya, Aurstad og Skjeret då det vart avvikla i 1963. Notlaget vart delt 1932. Dei som gjekk ut og danna [[Håvik notlag]] var fire bruk i Håvika, to bruk i Hamre. Vikestranda gjekk over frå Årset til Håvik notlag 6. juli 1946. Skjæret kjøpte seg inn i Årset notlag på dette tidspunktet.
{{thumb|Hamre_(Volda)_Aurstad_Aarset_mot_W.JPG|Hamre Aurstad Aarset. 2008}} <onlyinclude>'''[[Årset notlag]]''', og kalla ''Årsetnotalaget'', var eit av fleire [[Notlag_i_Austefjordområdet|notlag i Austefjorden]] eigd av gardane Årset, Årsetøya, Aurstad og Skjeret då det vart avvikla i 1963. Notlaget vart delt 1932. Dei som gjekk ut og danna [[Håvik notlag]] var fire bruk i Håvika, to bruk i Hamre. Vikestranda gjekk over frå Årset til Håvik notlag 6. juli 1946. Skjæret kjøpte seg inn i Årset notlag på dette tidspunktet.


Notlaget hadde hus til båt og bruk på Årset. Då det vart investert i endesnurpe i 1950 måtte ein også investere i nytt nothengje. Nytt nothengje på Laberget på Aurstad vart teke i bruk i 1952. Naust til båtane med halvetak på vestsida av nothengjet var ferdig i 1953. Medan Årset notlag byggde hengje turka dei not på nothengjet til Holsvik notlag.  
Notlaget hadde hus til båt og bruk på Årset. Då det vart investert i endesnurpe i 1951 måtte ein også investere i nytt nothengje. Nytt nothengje på Laberget på Aurstad vart teke i bruk i 1952. Naust til båtane med halvetak på vestsida av nothengjet var ferdig i 1953. Medan Årset notlag byggde hengje turka dei not på nothengjet til Holsvik notlag.  


Laget dreiv med [[sekkjenot]] og [[landnot]] i Austefjorden. Då Austefjordingane sette motor i fiskebåtane sine leigde Årset notlag motorbåt til sleping og då vart området å drive i utvida. "Litleveiren" vart kjøpt i 1937, nota vart heitande Landnota og brukt frå den nye båten. Ved kjøp av brukt øyresnurpe/[[snurpenot]] på Bergenskanten i 1950 vart denne brukt på sunnmørsfjordane med notbåt, øyrebåt, slepebåt og loddebåt / lettbåt.
Laget dreiv med [[sekkjenot]] og [[landnot]] i Austefjorden. Då Austefjordingane sette motor i fiskebåtane sine leigde Årset notlag motorbåt til sleping og då vart området å drive i utvida. "Litleveiren" vart kjøpt i 1937, nota vart heitande Landnota og brukt frå den nye båten. Ved kjøp av brukt øyresnurpe/[[snurpenot]] på Bergenskanten i 1951 vart denne brukt på sunnmørsfjordane med notbåt, øyrebåt, slepebåt og loddebåt / lettbåt.


{{thumb|Setjing av Storenota AMU-0044 15.jpg|Setjing av Storenota}}Årset notlag brukte not for siste gong sommaren 1963. Deretter vart brukbart utstyr selt, området på Aurstad rydda og laget avvikla som dei fleste andre store notlag langs fjordane her.
{{thumb|Setjing av Storenota AMU-0044 15.jpg|Setjing av Storenota}}Årset notlag brukte not for siste gong sommaren 1963. Deretter vart brukbart utstyr selt, området på Aurstad rydda og laget avvikla som dei fleste andre store notlag langs fjordane her.

Sideversjonen fra 4. nov. 2010 kl. 22:46

Hamre Aurstad Aarset. 2008

Årset notlag, og kalla Årsetnotalaget, var eit av fleire notlag i Austefjorden eigd av gardane Årset, Årsetøya, Aurstad og Skjeret då det vart avvikla i 1963. Notlaget vart delt 1932. Dei som gjekk ut og danna Håvik notlag var fire bruk i Håvika, to bruk i Hamre. Vikestranda gjekk over frå Årset til Håvik notlag 6. juli 1946. Skjæret kjøpte seg inn i Årset notlag på dette tidspunktet.

Notlaget hadde hus til båt og bruk på Årset. Då det vart investert i endesnurpe i 1951 måtte ein også investere i nytt nothengje. Nytt nothengje på Laberget på Aurstad vart teke i bruk i 1952. Naust til båtane med halvetak på vestsida av nothengjet var ferdig i 1953. Medan Årset notlag byggde hengje turka dei not på nothengjet til Holsvik notlag.

Laget dreiv med sekkjenot og landnot i Austefjorden. Då Austefjordingane sette motor i fiskebåtane sine leigde Årset notlag motorbåt til sleping og då vart området å drive i utvida. "Litleveiren" vart kjøpt i 1937, nota vart heitande Landnota og brukt frå den nye båten. Ved kjøp av brukt øyresnurpe/snurpenot på Bergenskanten i 1951 vart denne brukt på sunnmørsfjordane med notbåt, øyrebåt, slepebåt og loddebåt / lettbåt.

Setjing av Storenota

Årset notlag brukte not for siste gong sommaren 1963. Deretter vart brukbart utstyr selt, området på Aurstad rydda og laget avvikla som dei fleste andre store notlag langs fjordane her.

Årset notlag er godt dokumentert gjennom notat og rekneskap tilbake til 1870-talet. Andreas Årsetøy f. 1902 har dokumentert drifta med:

  • Modellar om båtar, hus og nøter utstilt i Austefjord Museum.
  • Film, 8 mm, frå 1950-talet.
  • Stykke i Kjeldearkiv:Om Aarset notlag Årbok 1976 Sunnmøre Museum: Notlaget frå Austefjorden.

Båtsamlinga til Sunnmøre Museum har to båtar frå dette laget: "Storenotabåten" (brukt til «Lissjeveren» overtok nota 1937) og den gamle spelbåten, brukt til 1951. Desse syner korleis notbåt og spelbåt såg ut så lenge det var robåtar.

Båtar ein veit om:

Årset notlag Storenota går

I stykket i Årbok 1976 # Sunnmøre Museum i Borgundgavlen i Ålesund seier Andreas Årsetøy at ein veit lite om dei fyrste båtane, men:

  • Ukjent namn, men: Bygd på Årset mellom 1850 og 1880 av Elias Jonson Aurstad og at innveden var av naturvaksen skog frå Årsetmarka.
  • "Storenotabåten". Står på Sunnmøre Museum. Gavlbåt 8.3 m lang, 2,7 m brei. «Spjakspel» (rull tvers over båten midt på?) og tre par årar, dei lengste årane 4,60 m.
  • «Trygve» M 18 VA eller «Gamlesvarten», leigd av Ola J. Årseøy: Klinkerbygd kutter i tre. Bygd i 1909 med desse måla: 32,1 / 11,3 / 5,1 fot. Motor: Kampen 10 -12 HK, 4-takt, semidiesel (glødehaud- eller oppfyringsmotor) frå 1920.
MB Litleveiren set Landnota
  • MB «Joffre» M 13 VA eller «Stylkå / Joffå»: Klinkerbygd kutter i tre. Bygd i 1914 med desse måla: 37,5 / 11,6 / 5,5 fot. Motor: Volda 18 HK, 4-takt, semidiesel (glødehaud- eller oppfyringsmotor) frå 1914. Kjøpt av Årset notlag 3. jan 1952.
  • «Tempo» M 114 VA: Kravelbygd gavlbåt i tre. Bygd i 1938 med desse måla: 36,5 / 11,0 / 5,0 fot. Kjøpt hos Oskar Vik m / fleire, Slagnes i Vanylven med registreringsnummer M 22 VN.
MB Joffre M 13 VA og MB Litleveiren M 20 VA
  • «Spelbåten». Står på Sunnmøre Museum. Robåt med eit årepar, brukt saman med «Storenota» (landnot), sterkbygd gavlbåt med rull og spel. Hang ved bruk i enden på landnota og vart sleppt med notenden og ein mann ved årane når nota skulle setjast. Størrelse 18 fot. Ut av drift 1951 ved bygging av ny spelbåt.
  • «Spelbåten», seinare «Øyrebåt til snurpenota», bygd i 1951 av Rasmus H. Høydalsvik. Materialen var teken i skogen til Kaspar Årset og skoren på hans sag. Der var særs mykje frisk kvist i båteborda og dette synte seg å vere fortreffeleg til ein slik bruksbåt, bordinga er like heil framleis (2010). Robåt med eit årepar, brukt fyrste året saman med «Landnota» (140 famner), seinare som øyrebåt på snurpenota ved fjordfiske, sterkbygd gavlbåt med rull og spel. Hang ved bruk i enden på snurpenota, var festa slik at den la seg på tvert (90 grader på) nota og vart sleppt med notenden ved setjing. Størrelse 18 fot. Ein mykje stautare båt enn forgjengaren.
  • «Færing», bygd i 1954 av Rasmus H. Høydalsvik. Materialen var teken i skogen til Kaspar Årset og skoren på hans sag. Det var ein "alminneleg staut" 9-alna færing.
  • «Loddebåten / Lettbåten». Den fyrste lettbåten med motor var ein sterkbygd båt med stamn i begge endar, ca. 20 fot, Sleipner ca. 5 HK motor med rask omstyring, den typa med ein tung spak ein slo bakover og framover, hadde Atlas elektrisk ekkolodd med turt papir. Leigd av Andreas Aarset, Stadtlandet (loddebåten normalt brukt saman med «Bror I» i notlaget til Andreas Aarset).
  • «Loddebåten / Lettbåten» (brukte «Joffre» sitt reg.nr.) M 13 VA, sterkbygd, kjøpt brukt hos Vartdal fiskeriselskap på Vartdal, ca. 20 fot, Marna 8 – 11 motor med rask omstyring, den typa med ein tung spak ein slo bakover og framover, hadde Simrad elektrisk ekkolodd med vått papir.

Naust og hengje:

Årset notlag sitt nothengje litt aust for Tjørestøda

Notanaustet på Årset: Grindbygg på Årset aust for «Tjørestøa» (der notlaget tok fram båtane for å «tjørebræde» dei). Nota vart teken inn ei dør på langsida. Det vart brukt ein trekrok (notakroken) med tau over ei blokk som vart hengd i strenglykkjer i sperrene over notspjakane for å ta notbuktene opp så ein fekk trede «spjakar» under. Blokka vart flytt frå sperre til sperre etter kvart nota fyllte opp hengjet bakfrå.

Notakroken frå nothenget på Årset

Hamp- og bommullsnot hadde lett for varmgang i notdungane. Dei måtte anten turkast eller bløytast. Ofte vart dette handtert praktisk på den måten at dei hengde nota til tur om helga. Sume gonger sette dei ut nota på langs etter land for å halde den våt og for å få den eten rein for netjasild av småseien og annan småfisk. Årset notlag brukte Svodagrynna til dette.

På Årset-nothengjet vart laga eit tilbygg på sida mot sjøen som naust for "Litleveiren".

Barkekaret, ved vestenden på nothengjet på Årset: Eit støypt kar ca. 2 x 2 x 2 m med avtappingspør og plugg i botnen. Stod slik til at not kunne dragast i karet frå bakre ende av nothengje. Borka vart kokt på fem vedfyrte gruer i koparkeilar (kvar heil lut hadde si grue).

Barka i koparkeilane: Bork av bjørk, katiko (eit bekstoff/asfalt) og tjøre. Til garn som skulle setjast på djupt vatn vart det og tilsett såkalla «blåstein».

Dei sila frå utkokt bork med sildehåvane og slo så borka over den turre nota som låg i barkekaret. Dei sirkulerte borka på den måten at dei tok ut botnpluggen i karet, tappa i bytter og slo innhaldet i byttene på toppen av nota att. Når barkinga av nøtene i fellesskapen var ferdig brukte dei restane av barka til private ting som som til dømes garn, snøre og jutesekkar.

Då barkekaret vart for lite kjøpte notlaget ein stor koparkjel med skraphandlar Holck, skar ut eine enden og skøytte den til tidlegare betongkar. Dette var ein isolert tank for flybensin frå krigen. «Lissjeveren» var til Ålesund og henta ein slik til Årset notlag og ein til Holsvik notlag.

Årset notlag nothengje på Laberget på Aurstad

Notahengjet på Aurstad: Grunnarbeidet gjort 1951, her var teke ut ein heil del fjell, brukt til å mure kai for å ha godt tilflot. Bygt 1952 og ferdig til bruk i 1953. Det hadde gjesa (opa / god opning mellom borda) bordkledning for å få terre til nota. Bordkledninga skulle hindre inndrev. Der var elektrisk drift på notrullane, det vart som ein leik å turke not i høve til det gamle henget.

Årset notlag nothengje på Laberget på Aurstad

Ved vestveggen var det bygt naust med elektrisk drive framtrekk til begge notbåtane.

Før det nye nothengjet kom i drift var det leigt hengje til snurpenota i Holmen hos Holsvik notlag.

Nøter

Årsetnota blir volla på Timbreberget på Årset

Hugs at dette er hamp- eller bomullsnøter. For at nøtene ikkje skulle «gå varme» og byrja å rotne måtte dei hengjast til turk ofte. Hadde du fyrst «bløytt not» måtte du halde nota gjenomvåt til neste gong den skulle «hengjast». Sume tider ausa dei vatn på nota, andre gonger sette dei nota på langs etter «Svodagrynna» og let den stå over helga for å halde den våt.

At det heile tida var bruk for nytt notlin grunna skadar og rote syner desse tala frå rekneskapen med tekst: Innkjøpt notlin: 1924, notbolk kr. 1308,62. 1925, not kr. 107. 1029, not til ny stengjenot kr. 700,00. 1935, litt not kr. 119,08. 1939, Spjelkavik Not og Garn kr. 657,13. 1942, not kr. 1000,00. 1948, not kr. 1188,49. 1949, Snøre – not kr. 693,63.

Sekkjenota: Rektangelforma not, godt innskoten, tau i fire hjørne. I tillegg tau med «dobl» på sidene. Ein færing for kvart hjørne i sitt tau (sjå modell på Austefjord Museum). Hans Aarset fortel etter far sin Knut H. Aarset f. 1894 som vaks opp på Storneset og fekk med seg dette som gutunge at «sekkjenota» var jamt i bruk rett før helga når landnota var komen på hengje.

Nota vart lagd på botnen bort for Stornesnaustet. Her er rein botn og her har alltid vore ein fiskerik plass. Når nota var komen på botnen byrja ein å «fly». Dette er å strø knust blåskjel eller småsild (agn / åte) på sjøen rett over nota. Dette sakk sakte mot sjøbotnen og då samla fisken seg for å ete rett over nota. Dei venta ei stund, etter gamal røynsle, så drog dei opp nota på signal. Alle hjørna måtte dragast på likt slik at det danna seg ein pose for samling av fisken. Ofte fekk dei svært mykje fisk. Dette var fisk laget delte og hadde med heim til helga som mat til familiane sine. Nota måtte naturlegvis hengjast opp til turk før ein gjekk heim.

Sleping av steng

Bolkenota var landnota / storenota / jagenota på 60 famner som utvikla seg gjennom åra til 140 famner: Frå lydband etter Martinus Holsvik f. 1887: Partshavarane kjøpte bomull- eller hampetråd og batt nota sjølve. Så sette dei saman bolkane og laga på denne måten ei not. Kvar hadde bumerket sitt på korkane for sin bolk.

Bolkenot var nok meir namn på organisasjonsforma av notlaget enn på nota. I og med at den som ville delta i eit notbruk måtte legge ned eit stort arbeid for å lage sin «bolk» var det ikkje berre å verte med. Fyrste tida kjøpte dei hamp og konene spann tråd, den var stiv og vanskeleg å spinne. Å binde småmauska not tok mykje tid. Det måtte lagast mykje tau og alt skulle vedlikehaldast ved bruk. «Bolkenota» vart etter kvart ei felles not der bolkane vart utskift med kjøpt notlin og var utgangspunktet for det som til slutt var landnota på 140 famner.

Snurpenota: Bruk av snurpenot, endesnurpe/øyresnurpe ca: 150 famner lang og ca: 21 famner djup. Nota var bygd slik: Brislingband frå «kavlen» og 17 famner ned, siste 4 famnene mot grunnen 36 omfar. Denne delen sleppte gjennom meir vatn og gav rask «snurping». I fyrste enden ein set frå båten, «øyra», er «bussen», 20 – 30 famner med brislingband heilt til botnen (tråd nr. 34 og 96 omfar pr. alen), dette dannar posen ein tek opp fisken med når nota er hala inn. På nota er ca. 20 «ringar» for snurpewire med «haneføter» («haneføter» er eit «skrev» av to tau som nede er knytt i ein ring og er knytt i grunnlina i nota eit stykke frå kvarandre i den andre enden?).

Til snurpeline var brukt wire som vart spola opp på ein rull, kalla «snurpelinesnelda». Etter setjing drog en snurpeline frå begge endar, når nota var på båten att drog ein snurpelina gjennom «ringane» på «haneføtene» og inn på snurpelinesnelda, klar til nytt «kast».

Stengjenot: Tre nøter: Storestengjenota, Lissjestengjenota. Den tredje hadde størrelse mellom dei to andre men hadde ikkje noko spesielt namn. Laga som ei vanleg landnot, ikkje «innskoten», grunnare i «geilbolkane» (notendane som er mot land). Vart sett ut med «fljøt» / kagge / lita tynne, seinare blåser, med stengjefot på hjørna og begge geilane / notendane på land. Ein må sikre at nota botnar også på full flo.

Stengjeposar / Merde: Ved kjøp av snurpenot i 1951 fylgde det med to posar. Dei var svært anvendelege til småslumpar. Notposane, rektangulære med «fljøt» i fire hjørner. Normalt brukt med to stengjeføter og to «landtog». Kan òg setjast med fire stengjeføter.

Framtakarnota (Orkastnota): Ei lita spesialnot / landnot 20 - 25 famner til å ta passelege slumpar frå stengjenot for levering. Vart sett på innsida av stengjenota frå ein færing. Ein mann låg på kne framme i færingen og drog fram etter kavlen på stengjenota. Den andre sette framtakarnota tett på innsida av stengjenota. Det tok si tid å levere så ein tok ut små slumpar i gongen for å halde kvaliteten på fisken oppe før ising.

Oversikt over notaset / notakast i området.


Kjelder og informantar: