Åsen (Bykle gnr 15/13)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 13. mai 2020 kl. 06:59 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «fylke = Aust-Agder» til «fylke = Agder»)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Åsen
Gjerden 38.jpg
Øvre Åsen pr 30.4.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1926
Utskilt: 1926
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 15
Bnr: 13
Type: Utmarks- / bustadeigedom

Åsen, også kalla Øvre Åsen, er ein bustadeigedom i Bykle. Året etter at Auver Olavsson Åsen hadde overteke Åsen, gnr 13, bnr 9, hjå faren i 1925, kaupte han innåt eit lite stykke på vel 1 mål på øvre sida av bruket sitt. Seljaren var Åsmund O. Gjerden i Attistog, bnr 1.

Etter at Auver døydde i 1965, overtok døtrene, Torbjørg og Birgit, eigedomen hans. Fyrst på 1970-talet sette dei seg opp eit nytt bustadhus ovanfor det gamle tunet i Åsen. Det står på det jordstykket som faren kaupte i 1926, og vert kalla Øvre Åsen.

Torbjørg og Birgit budde her så lenge dei livde, Torbjørg til 1993 og Birgit til 1996. Då båe systrene var borte, kom det fram at dei hadde testamentert det dei åtte til Landsforeningen for Hjerte- og Lungesyke.

Våren 1997 selde den nemnde foreninga eigedomen vidare til valldølen Georg O. Rygnestad, som var (og framleis er) tilsett i Oslo-politiet. Han og kona hans, Heidi Johansen Rygnestad, budde her eitt års tid, men så flutte dei til HoleRingerike. Då Rygnestad-familien selde og flutte, det var våren 1998, vart eigedomen dela på to kauparar. Nedre Åsen med det gamle tunet vart kaupt av Olav Holen (sjå Åsen, gnr 13, bnr 9), medan Øvre Åsen med det nyare huset gjekk til Tor Gjerden og Anette Trydal.

Tor Gjerden er son åt Trygve T. Gjerden i Jarehaugen, gnr 15, bnr 41, og kona, Torbjørg Asbjørnsdotter, fødd Rysstad.

  • Tor Gjerden, f 1970
Anette Trydal, f 1973

Anette Trydal er frå Åsdokk Trydal, gnr 17, bnr 21, og dotter åt Hallvard Olavsson Trydal på det bruket og kona, Randi, fødd Arntsen.

Tor er elektrikar, medan Anette er sjukepleiar. I 2004 overtok han hennes del av huset. Ho flutte då til Bjårlii 21-23, bnr 109.


0941 Bykle komm.png Åsen (Bykle gnr 15/13) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Berg • Neste bolk: Vang