Åslandsgrend

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Åslandsgrend ligg høgt og fritt på ein ås nordvest for Hegglandsgrend i Fyresdal


Namnet

Åslandsgrend og Hegglandsgrend har båe eit grendenamn som har noko til felles i land-nemninga og at dei båe har blitt borte i si opphavelege form. Truleg har heile Åslandsgrend vore ein gard med namn Åsland, men garden var oppdela og borte lenge før me har skrivne kjelder. Det er Breiland Gnr. 57/6 som peikar seg ut som den store funnstaden i grenda.


Gardar i Åslandsgrend

  • Austjord. Gnr. 54

Austjord, eller det austre jordet, må etter namnet å døme vore skild ut frå ein større gard som truleg heite Åsland.

  • Eiken. Gnr. 55

Gardsnamnet kjem truleg frå trenamnet eik.

  • Lundehall. Gnr. 56

Namnet kjem frå lund i ein skråning.

  • Rinden. Gnr. 57
  • Hadder. Gnr. 57/2
  • Breiland. Gnr. 57/6
  • Åsland skule. Gnr. 57/8

Ordet rindi tyder ein jordrygg eller ei lang høgde.

  • Haga. Gnr. 58
  • Hagajordet. Gnr. 58/2
  • Lauvland. Gnr. 58/5

Hage tyder hamnegang eller inngjerda jordstykke og er med på å teikne biletet av ein større gard dela opp i mindre partar i fjern fortid.

  • Holer. Gnr. 59

Namnet kan peike på rundaktige høgder.

  • Graver. Gnr. 60
  • Graver øvre. Gnr. 60/1

Ei grav er eit hol i bakken laga av menneskje og truleg har det vore dyregraver her til fangst i gamal tid.


Skule

Åslandsgrend skule Gnr. 57/8 er ein tradisjonsrik skulestad der det fyrste skulehuset vart bygd i 1863. Dette vart rive i 1926 og ny skule vart bygd same året. Skulen vart nedlagt i 1950 og bygningen fungerer i 2023 som eit godt drive grendehus.


Kulturlandskapet

Åslandsgrend har i ei rekke år stått på ei liste over verdifulle kulturlandskap frå Miljødirektoratet. Utskriftsdato: 07.02.2023.

  [1] Naturbase faktaark
ID KF00000271
Kulturminneverdi Verdifullt
Biologisk mangfold verdi Ikke registrert
Verdi -
Bruksgrad -
Registreringsdato -
Beskrivelse I et skogkledd og storlinjet landskap med slake åser, ligger Åslandsgrend på et sørvendt platå i en svakt skrånende li. Grenda ligger høyt, med en svakt buet amfiform med utsikt mot hoveddalføret. Jordbruksarealene er varierte og småskalapregede. Mesteparten av bebyggelsen er knyttet til landbruket, og mange av hovedbygningene kan spores tilbake til slutten av 1700 - eller begynnelsen av 1800-tallet. Enkelte tunanlegg preges av delvis uheldig modernisering og fargebruk. Men gode eksempler på tradisjonelt bevarte gårdsanlegg finnes fortsatt, og høyner områdets kvaliteter.
Beskrivelse beliggenhet -
Beskrivelse tilstand -
Beskrivelse naturtyper -
Beskrivelse kulturhistorie -
Areal fra kartobjekt (daa) 4 836,0
Nøyaktighetsklasse
-
Kommuner Fyresdal (3823)
Spesiell forvaltningsstatus Tilskuddsberettiget, Klima- og miljødepartementet

Kartverket, Geovekst, kommuner og OSM - Geodata AS | Miljødirektoratet |

Freda bygningar

I Åslandsgrend er det fleire freda bygningar. På Lundehald er hovudbygningen og loftet freda og på øvre Graver er eldhuset og loftet freda. På Hadder er det ei tømre inne i noverande låve som var nytta til stall. Denne kjem frå eit bur og er freda. På Rinden er og loftet blitt freda. Om freda bygningar og andre kulturminner er det rikeleg stoff å lese i kultutminnesøk.no

Støylar

I nordvest for sjølve grenda, og geografisk knytta til denne, ligg Åslandsheia som og er eit relativt avgrensa område. Her har det frå lang tid attende vore eit mangfald av støylar med utgangspunkt i dei enkelte gardane. Dette er i 2022 rikeleg og grundig dokumentert av Gunhild Austjord i ein artikkel som er å lese i årbok for sogelaget 2022.

Kjelder og til utdjupande lesnad

  • Austjord, Gunhild: Gamle støylar og støylsliv på Åslandsheia. "Sjå deg attyvi ", Fyresdal sogelag 2022 s. 7-52
  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Qvisling, J.L.: Fyresdals historie. Rasmussen & Aarhus’ boktrykkeri. Skien 1912, ny utgåve 2001.
  • Rygh, O.: Norske gaardnavne. Syvende bind, Bratsberg Amt. Bearbeidet af A. Kjær. W. C. Fabritius & Sønner A/S Kristiania 1914
  • Taraldlien, Bendik: Fyresdal. Med bilæte. Fyrste utgåve 1910. Alb. Cammermeyers forlag. Kristiania.
  • Taraldlien, Bendik.: Fyresdal. Andre utgåva 1949. Alb. Cammermeyers forlag. Oslo
  • Veum, Bendik: Fyresdal. Ættebok. Utgjevar Fyresdal kommune 1943 Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo

Biletgalleri