Forskjell mellom versjoner av «Åsta Holth»

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: {{thumb|Åsta Holt-museet.jpg|Åsta Holth-museet vart opna i heimen hennar på Svullrya i 2004. Bysta utafor vart laga av Skule Waksvik i 1995.|Siri Iversen|2018}} '''Åsta Holth'''…)
(Ingen forskjell)

Revisjonen fra 11. nov. 2019 kl. 10:24

Åsta Holth-museet vart opna i heimen hennar på Svullrya i 2004. Bysta utafor vart laga av Skule Waksvik i 1995.
Foto: Siri Iversen (2018).

Åsta Holth (fødd 13. februar 1904Svullrya, død 16. mars 1999Kongsvinger) var forfattar og skogfinsk kulturformidlar.

Slekt og familie

Ho var dotter av skomakar Aksel Holth (1853–1930) og sydame Olea Olsdotter Skaslien (1870–1953). Mora var av slekta Plathe.

Den 11. august 1951 vart ho gift med Per Vestlien, som var son av småbrukar Kardo Knutsen Tyskeberget og Marie Eberhardtsdotter, og bror av forfattaren Martin Vestlien.

Liv og verke

Ho vaks opp på finnetorpet Sør-RevholtGrue Finnskog som den yngste i ein stor syskenflokk. Det var trange kår, og som fjortenåring fekk ho sin første jobb som hushjelp. Det var hardt arbeid der klasseforskjellane mellom tenestefolk og arbeidsgjevarar var tydelege. Som ho skreiv i Piga i 1979: «...det skein igjennom ... at Finnskogen, det var ei grend av mindreverdige. ... Dei sa det ikkje med reine ord, men på eit eller anna vis fekk dei meg til å kjenne meg mindreverdig.».[1] Då ho seinare skreiv eit skodespel med replikker henta frå denne tida vart det avvist som overdrive og karikert; kritikarane kunne ikkje tru at det hadde vore så ille.

Ho klarte å få seg meire skulegang. Etter framhaldsskulen fulgte hagebruksskule, teiknekurs og eit kurs på Nordisk folkehøgskole i Genève. Dei skogfinske røtene og livet som landbrukar trakk ho mot Finnskogen, medan lysta til å skrive trakk ho mot den store verda.

Det var som dramatiker ho byrja, med sitt første skodespel for amatørteater i 1929. Det hadde tittelen I Luråsen, og vart publisert av Noregs ungdomslag. Det kom fleire slike, men i dag er dette ein mindre kjend del av forfattarskapet. Frå 1935 levde ha dels av skrivinga, mellom anna ved å skrive noveller for ukeblad. Særlig i Arbeidermagasinet fekk ho inn ein del. Somme av dei var underteikna med Åsta Paavolainen, slekta sitt finske namn; andre med Åsta Holth etter torpet Sør-Revholt. Ho sa sjølv om skrivemåten: «Visst er Holth eit jålet namn, med den h'en hengt på. Men det var mote den gongen far min forkorta Revholt.».[2]

Den første boka ho gav ut var novellesamlinga Gamle bygdevegen frå 1944. Dette er framleis ein klassikar, med nokre av dei finaste finnskogsforteljingane ho skreiv. Som lyrikar debuterte ho i 1946 med diktsamlinga Porkkalafela.

Etter krigen flytte ho attende til Finnskogen, der ho var lærarvikar og dreiv ein kafé ved sidan av skrivinga. Ho haldt fram med noveller, og arbeidde òg med sin første roman. Kornet og freden kom i 1955, og vart det litterære gjennombrotet hennar. Den var basert på stoff ho fann då ho granska farsslekta si. Romanen vart utvide til ein trilogi med Steinen blømer frå 1963 og Kapellet frå 1967. Historia følger eit finsk par og deira etterkomarar frå 1600-talet fram til hennar eiga tid. Ho tok òg for seg morsslekta Plathe, og det kom det nok ein trilogi ut av: Gullsmeden frå 1958, Presten frå 1971 og Johannes frå 1975. Her er det i stor grad kvinnene som står i sentrum, i skildringar av hardt slit, men òg av kjærleiken til jorda og dyra.

Ho vart i 1948 vald inn i heradsstyret i Grue for Norges Kommunistiske Parti, og der satt ho til 1963.

I 1957 kom barneboka Fem år på Nuttila, som i 1977 vart dramatisert for skulefjernsynet. Romanen Fattigmanns kokebok fortel om livet på eit småbruk, og i sjølvbiografien Piga fortel ho om sitt eiga slit, men òg om gleda i livet. I 1987 kom romanen Volva, der ho tok for seg mystikken som står sterkt i den skogfinske kulturen. I romanen Den blå hesten frå 1990 tok ho opp kvinnesak att i ei fortelking om ei kvinne som ikkje vart tilfreds med å stelle heime, men måtte finne ein måte å nytte evnene sine utafor garden.

Dei finske tradisjonane går som ein rød tråd gjennom heile forfattarskapet, og Åsta Holth engasjerte seg òg på andre måter i bevaring av tradisjonane. Ho var styremedlem på museet Finnetunet, og testamenterte huset sitt dit. Ho teikna Finnskogsbunaden for menn og kvinner, og ho tok initiative til Finnskogdagene på Svullrya. Under denne festivalen vert Finnskogen kvart år utropt som republikk, og Åsta Holth var livstidspresident for denne.

Ho fekk kunstnarstipend gjennom mange år, og mottok mellom anna Kongens fortenstmedalje i gull, Sunnmørsprisen (1955), Melsom-prisen (1956, Gyldendals legat (1963), Språklig samlings litteraturpris (1964), Doblougprisen (1977), Norsk-finsk kulturpris (1992) og Hedmark fylkeskommunes kulturpris (1995. I 1994 vart ho ridder av 1. klasse av Finlands løves orden.

Åsta Holth er gravlagt ved Grue Finnskog kyrkje. Ein byste av ho er satt opp ved huset hennar på Svullrya; den vart laga av Skule Waksvik i 1995. i 2004 opna ein permanent utstilling i Åsta Holth-museet, som er ein del av Norsk Skogfinsk Museum.

Bibliografi

Litteratur og kjelder

  • Holth 1979: 45.
  • Holth 1979: 44.