Åsvegen (Hjartdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 30. mar. 2018 kl. 15:28 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Åsvegen er den gamle vegen frå Gransherad til Tuddal. Vegen går frå Bakken i Gransherad til Løngdal i Tuddal. Vegen er omlag 12 kilometer lang, og det tek omlag 4 timar å gå den. Høgste punktet er på Saltkleiv som ligg ca. 650 moh. Vegen vert også kalla Kønnvegen fordi tuddølane kløvja (hestekløv) eller bar korn til bygda der når det var dårlege år. Den siste kjende kønnberaren var husmannen Tore Bergtjønn. Han bar ½ tønne (ca. 90 kg.) frå Tangenbrygga i Heddal til Bondal i 1830-åra. Sidan den gong har vegen stort sett blitt nytta som buveg (stulsveg) like til i 1960-åra. Dei som tek turen skal vite at her har folk gjennom hundrevis av år traska føre dei.

Åvegen vart rydda og merka av Hjartdal historielag i 2006. For at opplysningane skulle bli korrekte kontakta historielaget informantar som var godt kjende langs den gamle vegen. Blant desse var Knut Løndal frå Tuddalsida og Magne Hvamb frå Tåterhussida. Langs vegen eksisterte det fleire stadar det knytte seg særskilde hendingar til. Stadane Ivar T. Dahl trakk fram då han skreiv om Åsvegen i "Kontaktblad for Hjartdal Historielag" i 2006 var desse:

Tuddalsskåtet

Åsvegen startar eigentleg nedom Bakken ved Gransheradvegen. Han kryssar åa, Ørvella, like nedom Bakketjønna. Der er eit skåt oppover fjellet der det er lagleg å gå, og det blir kalla Tuddalsskåte. Ei lita historie fortel kor bratt her er: Gamle Gunleik Bakken og Halvor Særsland sat ein gong i Bakken og snakka om moderne teknikk. ”Hadde eg hatt ongar,” sa Halvor, ”så tenkjer eg dem sku gå på skular, fe nå bli det slutt på o arbei’, det e bære eletronikk o knappar o trykkje på.” ”Ja,” sa Gunleik, ”send ei slik maskin uppover Tuddalsskåte o hent ei tømmervende, så ska me sjå hått o kjem att med,” sa’n. Eit skåt tyder ein svært bratt bakke.

Tåterhus

Dette er ein veglaus, og nå huslaus husmannsplass, som har høyrd til Tjønnås. Ungane her måtte like til Sauland på skule. Eilev Deilkås (fødd 1921), fortel at han gjekk på skule på Landsverk i Sauland saman med ei jente frå Tåterhus. Ho måtte krysse den lange Ålamoen, ofte i djup snø. Is og snøklompane hang i skjørtet hennar da ho kom fram, og ho var silevåt på beina. Dette var rundt 1930, men det budde folk i Tåterhus til ca. 1960. Hjartdal kommune har eigd plassen i lange tider. Uthuset rotna ned, men kommunen selde stugu og det gamle buret. Det kom veg til Tåterhus da folka flytta derifrå.

Krossfuro

Dette er ei eldgammal malmfuru som står i delet mellom Vårstulen og Hjartdal kommuneskog. Djupt innskorne krossar på kvar side har truleg gitt furua namn. 300 meter nordvest for den er ein nedlagt stule som heiter Krossfurudalen. Denne stulen var vårstule til Vårstulen i Gransherad. Krossfuro var eit kjent vegmerke når budeiene fór med buferdene både frå Hafstein i Gransherad og Heddal. Så lenge desse buferdene fór, var Åsvegen godt opptråkka. Ei av dei siste som fór her, var Ingebjørg Bakken som sat som budeie på Femorklia ved Kovvatnet i Tuddal. Heddølane fór gjerne Åsvegen for å sleppe å fare gjennom Sauland. For bøndene her var ikkje alltid like blide når kyrne kom inn på åkrane deira om våren.

Solberg

Dette er eit slett berg mellom Krossfuro og Saltkleiv. Dette er ein fin kvilestad som nok har blitt mykje nytta.

Saltkleiv

Høgaste punktet på Åsvegen passerar du på Saltkleivhåvet, også kalla Saltkleivåsenn. Her var det ein triveleg kvileplass for dei som fór den gamle Tuddalsvegen, enten med kløvhest eller tung bør. ”Seltkleiv” har truleg namnet sitt etter alle dei tunge saltsekkane tuddølane bar til bygda gjennom hundrevis av år. Men mang ein salt sveittedråpe har nok òg drope av panna til fjellmennene, sjølv om det nå går unnabakke. Saltkleivølla, nokre hundre meter vidare langs vegen, var namngjeten og traut (blei aldri tørr). Ølla (olle, vasskjelde) ligg tett ved vegen nedunder Saltkleiv, under eit bratt berg. Den som kunne sjå alle som har sløkt tørsten her gjennom hundreåra, ville ha mykje å fortelje. I den tid folk var plaga av rovdyr, hadde Siljudalen og Vårstulen eit bjønnestille her. Dei låg i skjul her medan bjønnen forsynte seg av åta dei hadde lagt ut, oftast ein gammal hesteskrott. To tjønneputtar som ligg like under høgaste Saltkleiv, heiter Diplenn, men er også kalla Saltkleivtjønnenn.

Gullbotshønn

Til denne staden knyter det seg ei dramatisk hending. Segna fortel at kyra Gullbot stanga ihel ein bjørn. Gamle Gregar Siljudalen har fortalt at ein gong var ein bjørn etter buskapen frå Løngdal. Men den dyrvonde kyra, Gullbot, rende på og fekk bjørnen klemt imot ei ufs. Ho sette horna i sida på bjørnen, og han sto der som fastnagla. Kyra fekk sperre i beina så ho stivna, og da folk fann dei, sto begge stive og daude. Horna hadde gått igjennom bjørnen. Etter denne hendinga blei kyra grave ned og ein masse stein blei røysa oppå for at ikkje andre rovdyr skulle grave ho oppatt. Så sette dei horna av Gullbot på ein stake, og når dei fór til stules langs Åsvegen om våren, snudde dei horna oppover imot fjellet. Når dei kom heimatt om høsten, måtte dei snu horna heimover. Det var nok ei tru bak dette, kan hende eit ønske om ein god busommar (god sommar på stulen) fri for rovdyr. Røysa der dei mura ned Gullbot var synleg til etter krigen, men nå er ho nedgrodd, seier Eilev Deilkås. ”Gransheradsoga” fortel at dei sette horna av ”Gullbot” på ein stake i røysa og at horna ikkje hadde hatt klåter. Ho skulle ha spisse horn å verge seg med. Den vardeliknande røysa der, er ifølgje Tarald Wårstulen, ei delerøys.

Mannbeintjønna

Om lag ein kilometer vidare frå Gullbotshønn, kjem Åsvegen til Mannbeintjønna. Ei gammal segn fortel om tri karar frå Sønderland i Tuddal. Hendinga er ikkje historisk (ikkje i kyrkjebøkene), men lever i eldre folk sitt minne. Det heittes at dei tri Sønderlandskarane, ein far med to søner, hadde vore i Skien. Da det leid mot kvelds, sette dei seg ved ei stor tørrfuru ved tjønna. Det var tyri i fururota, og det brann og vermde godt. Men dei må ha vore utkjørde, desse karane, for medan dei sov, fall furua over dei og drap alle tri. Tri steinstøtter er reist på staden. Ei stor for faren, ei litt mindre for den største guten, og ei lita for minsteguten. Men jord og mose har pakka seg langt oppover minnesteinane nå, slik at den vesle bare er ein liten steintopp over marka. Nå er det stilt og hemmeleg der ved den vesle tjønna under Bodik. ”Gransheradsoga” fortel at etter ei segn skulle dette ha foregått i året 1840, men det virkar lite sannsynleg. Ved sønste oset i Mannbeintjønna kjem vegen over heia frå Siljudalen. For gransheringar som vil gå Åsvegen er det naturleg å fare her. Vegen vidare frå Mannbeintjønna, mot Tuddal, kryssar det djupe Løngdalsjuvet og går framom plassane Haugland og Knutsgard. Haugland skal ha vore ein kvileplass for dei som fór Åsvegen. På Knutsgard er tuftene synlege, og vi veit at ein ”Gvite Knut” budde her kring år 1800. Tarald Wårstulen er nok den i dag som har fare Åsvegen med buferd flest gonger. Han fortel at vegen var grei heilt til dei kom til Løngdal. For å unngå å gå gjennom tunet der med buskapen, måtte dei fylgje Løngdalsbekken langs juvet like ned mot Skogsåa. Så måtte dei fare langs østsida av åa like til Sønderlandsvatnet. Dei gamle tuddølane var, som ein skjønar, redde for heimebeitet sitt.

Løngdal

Løngdal ligg vakkert under fjellet Bodik. I Bodik budde Bøyg Bodik, eit av dei fem tuddalstrolla som kasta steinar etter kyrkja, fordi kyrkjeklokkene uroa dei. Men steinane til Bøyg datt ned halvvegs og heiter Tjønnesteinen. Du ser ennå ein av dei, tett på oppsida av Tuddalsvegen, ved Tjønnehølen. Staden er kjent for mykje spøkeri. Løngdal tyder lyngdal. Lyng (røsslyng) heiter altså løng i Tuddal. Når du kjem Åsvegen til Løngdal, får du eit fint utsyn. Ein vakker dal møter deg med blenkande vatn og runde skogkledde nutar. Og bak alle blåner reiser dei to Gaustaknea og sjølve Gaustagubben seg mot himmelen. Du er i Tuddal. Ennå lever nok dei gamle orda om at du blir tatt vél imot i bygda: ”Du kjem’kje bort når du kjem te Tuddal.”

Kjelder

  • Dahl, Ivar T., "Åsvegen" i Kontaktblad for Hjartdal Historielag, nr. 40, desember 2007, s. 3 ff. Digital utgåve på historielaget si heimeside.