Øistein Aarseth

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Øistein Aarseth
Foto: Norske skolefolk (1966)

Øistein Aarseth (fødd 1. desember 1904 i Flatanger, død 15. mars 1968) var lærar, kyrkjesongar og lokalpolitikar i Nord-Trøndelag. Han var mellom anna ordførar i Flatanger 1938-40 og 1945-48. Aarseth virka i skulen i Flatanger, Ogndal og Nærøy. Han engasjerte seg elles i både fråhaldsarbeid og 4H.

Bakgrunn og familie

Han var son av kjøpmann Anton Aarseth og Karen f. Lindseth. I 1910 budde familien i Strinda ved Trondheim.

Aarseth vart i 1927 gift med Margrete Fuglår, dotter av kyrkjesongar Samuel Fuglår og Severine. Dei fekk ein son og fire døtrer.

Lærar og skulestyrar

Øistein Aarseth
Foto: Norske skolefolk (1952)

Øistein Aarseth tok millomskuleeksamen i 1922 og eksamen ved Oslo lærerskole i 1926.

I 1923 vikarierte han eit halvt år i Nordli, og året etter gjorde han det same i Flatanger. I 1926 vart han tilsett som lærar og kyrkjesongar i Sørflatanger. Lærarposten på Hilstad skule vart tradisjonelt kombinert med klokkarstillinga i Vik kyrkje.

I 1948 flytta Aarseth til Ogndal, der han var lærar fram til 1962. Då vart han tilsett som skulestyrar i Værum krins i Nærøy.

Tillitsverv

Utanom ordførarvervet i Flatanger hadde Øistein Aarseth fleire ombod. Han var formann i idrettsrådet i Flatanger, satt som lagrettemann og var medlem av Nord-Trøndelag fylke sitt tilsetjingsråd for lensmenn. Frå 1947 til 1957 var han styremedlem i Nord-Trøndelag E-verk.

I 1931 vart han innvald i styret i avholdslaget Symra, eitt av fleire D.N.T.lag i Sør-Flatanger som vart stifta same året. Under andre verdskrigen, i mai 1943, vart han arrestert av tyskarane og sat fanga eitt år, fyrst i Trondheim og dinest på Saltfjellet.

Ettermæle

Aarseth, som døydde i 1968, sette sitt preg på lokalsamfunnet i alle bygdene han hadde virka i, nemleg Flatanger, Ogndal og Nærøy. Dette kom til uttrykk gjennom den store deltakinga i gravferda, som vart omtala i Trønder-Avisa (25. mars 1968):

Det var en stor sørgeskare som i går fulgte lærer Øistein Aarseth til sitt siste hvilested på Kolvereid kirkegård i går, etter en gripende sørgehøytidelighet i kirka, der avdødes bror, sokneprest til Aurland i Sogn, Sverre Aarseth, forrettet. I kirka var det vakkert pyntet med blomster, alle lys var tent, og det var en mengde kranser å se, både på båren og omkring.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenkjer