Ørsta kleklypefabrikk: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Lagt inn bildetekst på et bilde og referanse til Norge Rundt reportasje)
(tusentallskille)
Linje 16: Linje 16:


== Brann ==
== Brann ==
18. april 1950 brann Ørsta Klæklypefabrikk ned til grunnen. Maskiner, varer og råmateriell til ein verdi av ca. 170 000 kroner gjekk tapt. Fabrikken hadde då ca. 20 mann i arbeid.<ref>''Bergens Arbeiderblad 1950.04.20''. Norge;Vestland;;Bergen;;;;. 19500420. {{nb.no|NBN:no-nb_digavis_bergensarbeiderblad_null_null_19500420_24_91_1}}.</ref> Så snart branntaksten var over vart det satt opp ein ny fabrikk. Den nye fabrikken vart sett opp av dei 6 sønene til Johan Digernes. Det var ikkje nødvendig å leige andre bygningsarbeidarar. <ref name=":0" />  
18. april 1950 brann Ørsta Klæklypefabrikk ned til grunnen. Maskiner, varer og råmateriell til ein verdi av ca. 170&nbsp;000 kroner gjekk tapt. Fabrikken hadde då ca. 20 mann i arbeid.<ref>''Bergens Arbeiderblad 1950.04.20''. Norge;Vestland;;Bergen;;;;. 19500420. {{nb.no|NBN:no-nb_digavis_bergensarbeiderblad_null_null_19500420_24_91_1}}.</ref> Så snart branntaksten var over vart det satt opp ein ny fabrikk. Den nye fabrikken vart sett opp av dei seks sønene til Johan Digernes. Det var ikkje nødvendig å leige andre bygningsarbeidarar. <ref name=":0" />  


Den nye fabrikken med moderne maskinar og god kapasitet sto ferdig hausten 1951.<ref name=":0" />
Den nye fabrikken med moderne maskinar og god kapasitet sto ferdig hausten 1951.<ref name=":0" />
Linje 24: Linje 24:
Utover 50-talet vart det lite å tene på eksportsal av kleklyper, og marknaden i Noreg var pressa, og enkelte store kundar truga med å starte eigen import av klyper. Ørsta Klæklypefabrikk utvida derfor sortimentet og tok til å produsera rundpinnar til kjærleik på pinne. Pinnane vart selde til Brynhildsens fabrikkar i Fredrikstad og eksportert til Sør-Afrika. Ein forsøkte seg og på ferdighusproduksjon utan at dette vart vellukka.<ref name=":0" />  
Utover 50-talet vart det lite å tene på eksportsal av kleklyper, og marknaden i Noreg var pressa, og enkelte store kundar truga med å starte eigen import av klyper. Ørsta Klæklypefabrikk utvida derfor sortimentet og tok til å produsera rundpinnar til kjærleik på pinne. Pinnane vart selde til Brynhildsens fabrikkar i Fredrikstad og eksportert til Sør-Afrika. Ein forsøkte seg og på ferdighusproduksjon utan at dette vart vellukka.<ref name=":0" />  


På 1960-talet tok eksporten seg opp att. I 1960 hadde Ørsta Klæklypefabrikk A/S ein produksjon på 100.000 gross (1 gross = 12 dusin = 144 klyper). 2/3 av produksjonen gjekk til eksport. Ein eksporterte treklyper til bl.a. Australia, New Zealand og USA.<ref>''Adresseavisen 1961.01.18''. Norge;Trøndelag;;Trondheim;;;;. 19610118. {{nb.no|NBN:no-nb_digavis_adresseavisen_null_null_19610118_195_15_1}}.</ref>   
På 1960-talet tok eksporten seg opp att. I 1960 hadde Ørsta Klæklypefabrikk A/S ein produksjon på 100&nbsp;000 gross (1 gross = 12 dusin = 144 klyper). 2/3 av produksjonen gjekk til eksport. Ein eksporterte treklyper til bl.a. Australia, New Zealand og USA.<ref>''Adresseavisen 1961.01.18''. Norge;Trøndelag;;Trondheim;;;;. 19610118. {{nb.no|NBN:no-nb_digavis_adresseavisen_null_null_19610118_195_15_1}}.</ref>   


Plastklypa, Solveig vart lansert i 1963,<ref>''Sunnmørsposten 1963.03.28''. Norge;Møre og Romsdal;;Ålesund;;;;. 19630328. {{nb.no|NBN:no-nb_digavis_sunnmorsposten_null_null_19630328_81_74_1}}.</ref> og vart ein umiddelbar suksess da ho var svært haldbar. Dette vart eit vendepunkt i historia til Ørsta Klæklypefabrikk. Salet av treklyper minka då plastklypene kom på marknaden.  
Plastklypa, Solveig vart lansert i 1963,<ref>''Sunnmørsposten 1963.03.28''. Norge;Møre og Romsdal;;Ålesund;;;;. 19630328. {{nb.no|NBN:no-nb_digavis_sunnmorsposten_null_null_19630328_81_74_1}}.</ref> og vart ein umiddelbar suksess da ho var svært haldbar. Dette vart eit vendepunkt i historia til Ørsta Klæklypefabrikk. Salet av treklyper minka då plastklypene kom på marknaden.  


== Ny brann ==
== Ny brann ==
1968 tok det fyr i fabrikken igjen, men brannen vart raskt sløkt. «Ca. 10 000 klæklemmer og eit parti dropspinnar var skadde av eld og røyk.»<ref>''Møre 1968.08.08''. Norge;Møre og Romsdal;;Volda;;;;. 19680808. {{nb.no|NBN:no-nb_digavis_more_null_null_19680808_66_86_1}}.</ref>  
1968 tok det fyr i fabrikken igjen, men brannen vart raskt sløkt. «Ca. 10&nbsp;000 klæklemmer og eit parti dropspinnar var skadde av eld og røyk.»<ref>''Møre 1968.08.08''. Norge;Møre og Romsdal;;Volda;;;;. 19680808. {{nb.no|NBN:no-nb_digavis_more_null_null_19680808_66_86_1}}.</ref>  


== 1980-talet ==
== 1980-talet ==
Linje 38: Linje 38:


== Produkt ==
== Produkt ==
[[Fil:Ørsta kleklypefabrikk solveig.jpeg|miniatyr|Produksjon av Solveig klyper på 80-tallet. I 1988 produserte klesklypefabrikken i Ørsta 12 millionar klyper i året, i følge NRK. Det  er 1 million i klyper månaden, 50.000 per dag, og 2 klyper i sekundet. <ref>http://www.norge-rundt.no/video/2789?fbclid=IwAR0Dr4Zti6gygD8EtAk6dsbH8W_AxJz91qJOmrwakdj5F6Cq5ililm_OJRA</ref> Foto: Siv Digernes|alt=]]
[[Fil:Ørsta kleklypefabrikk solveig.jpeg|miniatyr|Produksjon av Solveig klyper på 80-tallet. I 1988 produserte klesklypefabrikken i Ørsta 12 millionar klyper i året, i følge NRK. Det  er 1 million i klyper månaden, 50&nbsp;000 per dag, og 2 klyper i sekundet. <ref>http://www.norge-rundt.no/video/2789?fbclid=IwAR0Dr4Zti6gygD8EtAk6dsbH8W_AxJz91qJOmrwakdj5F6Cq5ililm_OJRA</ref> Foto: Siv Digernes|alt=]]
* Guri treklype
* Guri treklype
* Solveig plastklype
* Solveig plastklype
Linje 56: Linje 56:
*[[Fil:Ørsta kleklypefabrikk solveig pakking.jpg|miniatyr|Pakking av Solveig klyper på 80-tallet. Foto: Siv Digernes]]Rundpinnar til kjærleik på pinne
*[[Fil:Ørsta kleklypefabrikk solveig pakking.jpg|miniatyr|Pakking av Solveig klyper på 80-tallet. Foto: Siv Digernes]]Rundpinnar til kjærleik på pinne
* Dommarflagg
* Dommarflagg
== Kjelder ==
== Kjelder ==
<references />
<references />

Sideversjonen fra 11. jan. 2021 kl. 09:25

I april 1950 brann Ørsta Klæklypefabrikk ned til grunnen. Det vart sett opp ein ny fabrikk raskt. Den nye fabrikken vart bygd av dei seks sønene til Johan Digernes, Ludvik Digernes, Jorulf Digernes, Rolf Digernes, Johannes Digernes, Ragnar Digernes og Odd Digernes. Nybygget sto ferdig hausten 1951.
Foto: Ørsta Kleklypefabrikk

Ørsta kleklypefabrikk A/S var ei familiebedrift på Digernes i Ørsta. Selskapet er mest kjent for sine treklyper av merke Guri og plastklyper av merke Solveig. Johan Digernes starta bedrifta i 1933 under namnet Ørsta Klæklypefabikk.

Den spede byrjinga

I 1933 fekk Johan Digernes med søner sett opp eit lite fabrikkbygg ved sjøen på Digernes i Ørsta.[1] Bygget var berekna for kleklypeproduksjon. I 1934 kom dei fyrste klypene i sal. [2] [3] [4] Verksemda fekk namnet Ørsta Klæklypefabrikk, og produktet, kleklypa i tre, fekk etterkvart namnet Guri. I 1939 vart aksjeselskapet, Ørsta Klæklypefabrik A/S skipa. [5]

Den fyrste tida var det hard konkurranse. Det var ikkje mogleg å få i gang eksportsal til høvelege prisar. Ørsta Klæklypefabrikk måtte difor henge seg på den innanlandske marknaden, i konkurranse med tre andre fabrikkar. [5]

Andre verdskrig

Under krigen var jarnvarer rasjonerte, og det var ikkje mogleg å skaffe fjørtrå til klyper. Fabrikken byrja då å produsere dreia trebollar, treskeider, sleiver, auser og kleshengarar. I tillegg vart det laga ymse slag kostar, med bust av bjørkeris, blåbærlyng og av tauverk. Det vart også produsert skaft av bjørk.[5]

Etterkrigstida

Då krigen var over, kom produksjonen av treklypa Guri i gang igjen. I Noreg var det streng priskontroll med varehandel. Ørsta Klæklypefabrikk byrja difor med eksportsal, hovudsakleg til Skandinavia og middelhavsland, men også til Australia, New Zealand, Iran og Irak.[5][6]

Guri treklyper vart produsert samanhengande på Ørsta kleklypefabrikk frå 1933 til 1993, berre med eit opphald under krigen. Foto: Musea på Sunnmøre

I 1948 vart fabrikken utvida, og ein byrja også å produsere klehengarar, svingtrapper til bustadhus og vevstolar. Vevstolane vart selde av Erling Digernes, nevøen til Johan Digernes, som dreiv Rauma Ullvarefabrikk på Åndalsnes.[5]

Brann

18. april 1950 brann Ørsta Klæklypefabrikk ned til grunnen. Maskiner, varer og råmateriell til ein verdi av ca. 170 000 kroner gjekk tapt. Fabrikken hadde då ca. 20 mann i arbeid.[7] Så snart branntaksten var over vart det satt opp ein ny fabrikk. Den nye fabrikken vart sett opp av dei seks sønene til Johan Digernes. Det var ikkje nødvendig å leige andre bygningsarbeidarar. [5]

Den nye fabrikken med moderne maskinar og god kapasitet sto ferdig hausten 1951.[5]

Vanskelege tider og nye produkt

Solveig plastklype.
Foto: Marianne Lindquist

Utover 50-talet vart det lite å tene på eksportsal av kleklyper, og marknaden i Noreg var pressa, og enkelte store kundar truga med å starte eigen import av klyper. Ørsta Klæklypefabrikk utvida derfor sortimentet og tok til å produsera rundpinnar til kjærleik på pinne. Pinnane vart selde til Brynhildsens fabrikkar i Fredrikstad og eksportert til Sør-Afrika. Ein forsøkte seg og på ferdighusproduksjon utan at dette vart vellukka.[5]

På 1960-talet tok eksporten seg opp att. I 1960 hadde Ørsta Klæklypefabrikk A/S ein produksjon på 100 000 gross (1 gross = 12 dusin = 144 klyper). 2/3 av produksjonen gjekk til eksport. Ein eksporterte treklyper til bl.a. Australia, New Zealand og USA.[8]

Plastklypa, Solveig vart lansert i 1963,[9] og vart ein umiddelbar suksess da ho var svært haldbar. Dette vart eit vendepunkt i historia til Ørsta Klæklypefabrikk. Salet av treklyper minka då plastklypene kom på marknaden.

Ny brann

1968 tok det fyr i fabrikken igjen, men brannen vart raskt sløkt. «Ca. 10 000 klæklemmer og eit parti dropspinnar var skadde av eld og røyk.»[10]

1980-talet

I 1985 var Ørsta Kleklypefabrikk den einaste kleklypefabrikken i landet, og produserte nesten 12 millionar klyper i året. 8 millionar var Solveig plastklype og 3,6 millionar av Guri treklype.[11]

Konkurs

I 1996 gjekk Ørsta Klæklypefabrikk A/S konkurs.[12] Roger Digernes tok over fabrikken og dreiv han vidare til 2001.

Produkt

Produksjon av Solveig klyper på 80-tallet. I 1988 produserte klesklypefabrikken i Ørsta 12 millionar klyper i året, i følge NRK. Det er 1 million i klyper månaden, 50 000 per dag, og 2 klyper i sekundet. [13] Foto: Siv Digernes
  • Guri treklype
  • Solveig plastklype
  • Miljøklypa
  • Vaskebrett
  • Kleshengarar
  • Vevstolar
  • Svingtrapper til bustadhus
  • Byggeklossar av tre for born
  • Ferdighus
  • Karosseriplater i kryssfiner til barnevogner
  • Dreia trebollar
  • Treskeider
  • Sleiver
  • Auser
  • Kostar
  • Pakking av Solveig klyper på 80-tallet. Foto: Siv Digernes
    Rundpinnar til kjærleik på pinne
  • Dommarflagg

Kjelder

  1. Vikebladet 1933.02.03. Norge;Møre og Romsdal;;Ulstein;;;;. 19330203. Digital versjonNettbiblioteket.
  2. Grøvik, Ivar: Ørsta gjennom 75 år. Utg. Ørsta kommune. 1958. Digital versjonNettbiblioteket.
  3. Grøvik, Ivar: Ørsta samvirkelag 1919-1969. Utg. Samvirkelaget. Ørsta. 1969. Digital versjonNettbiblioteket.
  4. Grøvik, Ivar: Ørsta gjennom 100 år. Utg. Kommunen. 1983. Digital versjonNettbiblioteket.
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 5,7 Hovdebygda - mellom bakkar og berg. Utg. Hovdebygda soge- og velferdslag. 2006. Digital versjonNettbiblioteket.
  6. Dagbladet 1994.07.03. Norge;Oslo;;Oslo;;;;. 19940703. Digital versjonNettbiblioteket.
  7. Bergens Arbeiderblad 1950.04.20. Norge;Vestland;;Bergen;;;;. 19500420. Digital versjonNettbiblioteket.
  8. Adresseavisen 1961.01.18. Norge;Trøndelag;;Trondheim;;;;. 19610118. Digital versjonNettbiblioteket.
  9. Sunnmørsposten 1963.03.28. Norge;Møre og Romsdal;;Ålesund;;;;. 19630328. Digital versjonNettbiblioteket.
  10. Møre 1968.08.08. Norge;Møre og Romsdal;;Volda;;;;. 19680808. Digital versjonNettbiblioteket.
  11. 'Møre 1985.12.12. Norge;Møre og Romsdal;;Volda;;;;. 19851212. Digital versjonNettbiblioteket.
  12. Møre 1996.10.26. Norge;Møre og Romsdal;;Volda;;;;. 19961026. Digital versjonNettbiblioteket.
  13. http://www.norge-rundt.no/video/2789?fbclid=IwAR0Dr4Zti6gygD8EtAk6dsbH8W_AxJz91qJOmrwakdj5F6Cq5ililm_OJRA