Ørsta kleklypefabrikk: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Forsøkt å bedre forklaring på produksjonspårosessen)
(innhold høyre)
(6 mellomliggende versjoner av 2 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
{{innhold høyre}}
<onlyinclude>{{thumb|Ørsta kleklypefabrikk digernes ørsta.jpg|Den nye fabrikken som  vart sett opp etter brannen i 1950, og stod ferdig hausten 1951. Den nye fabrikken vart bygd av dei seks sønene til Johan Digernes, Ludvik Digernes, Jorulf Digernes, Rolf Digernes, Johannes Digernes, Ragnar Digernes og Odd Digernes. |Ørsta Kleklypefabrikk}}
<onlyinclude>{{thumb|Ørsta kleklypefabrikk digernes ørsta.jpg|Den nye fabrikken som  vart sett opp etter brannen i 1950, og stod ferdig hausten 1951. Den nye fabrikken vart bygd av dei seks sønene til Johan Digernes, Ludvik Digernes, Jorulf Digernes, Rolf Digernes, Johannes Digernes, Ragnar Digernes og Odd Digernes. |Ørsta Kleklypefabrikk}}
[[Fil:Ørsta klesklypefabrikk 1939.jpeg|miniatyr|349x349pk|Det fyrste fabrikkbygget som stod ferdig i 1933, fotografert kring 1939. Ved kaia ligg ei skute lasta med bjørkekubb som vart nytta til produksjon av Guri kleklyper. Dei tre vaksne frå høgre: Odd Digernes, Rolf Digernes og Johannes Digernes. Fotoeigar: Kari Hovde]]
'''[[Ørsta kleklypefabrikk|Ørsta kleklypefabrikk A/S]]''' var ei familiebedrift på Digernes i [[Ørsta kommune|Ørsta]]. Selskapet er mest kjent for sine treklyper av merke Guri og plastklyper av merke Solveig. Johan Digernes starta bedrifta i 1933 under namnet ''Ørsta Klæklypefabikk''. </onlyinclude>
'''[[Ørsta kleklypefabrikk|Ørsta kleklypefabrikk A/S]]''' var ei familiebedrift på Digernes i [[Ørsta kommune|Ørsta]]. Selskapet er mest kjent for sine treklyper av merke Guri og plastklyper av merke Solveig. Johan Digernes starta bedrifta i 1933 under namnet ''Ørsta Klæklypefabikk''. </onlyinclude>


Linje 21: Linje 21:


== Vanskelege tider, nye produkt og vendepunktet ==
== Vanskelege tider, nye produkt og vendepunktet ==
{{thumb|Solveig kleklype.jpg|Solveig plastklype vart produsert i gjennomsiktig plast i fargane gul, oransje, blålilla, rosa, raud og grøn.|Marianne Lindquist}}
[[Fil:Ørsta klærklypefabrikk 1937 Dagblad for Mørebygdene.png|miniatyr|350x350pk|Faksimile: Dagblad for Mørebygdene, 8. mars 1937]]
[[Fil:Ørsta klesklypefabrikk 1939.jpeg|miniatyr|350x350px|Det fyrste fabrikkbygget som stod ferdig i 1933, fotografert kring 1939. Ved kaia ligg ei skute lasta med bjørkekubb som vart nytta til produksjon av Guri kleklyper. Dei tre vaksne frå høgre: Odd Digernes, Rolf Digernes og Johannes Digernes. Fotoeigar: Kari Hovde]]
Utover 50-talet vart det lite å tene på eksportsal av kleklyper, og marknaden i Noreg var pressa, og enkelte store kundar truga med å starte eigen import av klyper. Ørsta Klæklypefabrikk utvida derfor sortimentet og tok til å produsera rundpinnar til kjærleik på pinne. Pinnane vart selde til Brynhildsens fabrikkar i Fredrikstad og eksportert til Sør-Afrika. Ein forsøkte seg og på ferdighusproduksjon utan at dette vart vellukka.<ref name=":0" />  
Utover 50-talet vart det lite å tene på eksportsal av kleklyper, og marknaden i Noreg var pressa, og enkelte store kundar truga med å starte eigen import av klyper. Ørsta Klæklypefabrikk utvida derfor sortimentet og tok til å produsera rundpinnar til kjærleik på pinne. Pinnane vart selde til Brynhildsens fabrikkar i Fredrikstad og eksportert til Sør-Afrika. Ein forsøkte seg og på ferdighusproduksjon utan at dette vart vellukka.<ref name=":0" />  


Linje 40: Linje 41:
Fjørene til klypene blei produserte av Ørsta kleklypefabrikk. Til fjørproduksjon fekk fabrikken på Digernes i Ørsta levert store kveilar med ståltråd. Fjørtråd vart tredd inn i ein maskin og spunne til fjør rundt ein spindel. Deretter vart ståltråden klipt av, og fjøra sloppen ned i ein sekk.
Fjørene til klypene blei produserte av Ørsta kleklypefabrikk. Til fjørproduksjon fekk fabrikken på Digernes i Ørsta levert store kveilar med ståltråd. Fjørtråd vart tredd inn i ein maskin og spunne til fjør rundt ein spindel. Deretter vart ståltråden klipt av, og fjøra sloppen ned i ein sekk.


Det var litt skilnad på fjørene til klypene Guri og Solveig, men begge vart produsert lokalt. Fjøremaskinene var spesiallaga til kleklypeproduksjon. Det var tre like maskiner i drift på eit eige «fjørerom» til ein kvar tid. Nye meir moderne fjørmaskiner blei innkjøpt tidleg på 80-talet.
Det var litt skilnad på fjørene til klypene Guri og Solveig, men begge vart produsert lokalt. Fjøremaskinene var spesiallaga til kleklypeproduksjon. Det var tre like maskiner i drift på eit eige «fjørerom» til ein kvar tid. Nye meir moderne fjørmaskiner blei innkjøpt tidleg på 80-talet.[[Fil:Guri klesklyper ørsta kleklypefabrikk.jpg|miniatyr|Guri treklyper vart produsert samanhengande på Ørsta kleklypefabrikk frå 1933 til 1993, berre med eit opphald under krigen.  Foto: Musea på Sunnmøre|350x350pk]]
 
=== Treklypa Guri ===
=== Treklypa Guri ===
Ørsta kleklypefabrikk tok til med produksjonen av Guri treklype i 1933. Klypa var i produksjon samanhengande fram til 1993, berre med opphald under krigen. <ref>''Dagbladet 1994.07.03''. Norge;Oslo;;Oslo;;;;. 19940703. {{nb.no|NBN:no-nb_digavis_dagbladet_null_null_19940703_126_174_1}}.</ref>
Ørsta kleklypefabrikk tok til med produksjonen av Guri treklype i 1933. Klypa var i produksjon samanhengande fram til 1993, berre med opphald under krigen. <ref>''Dagbladet 1994.07.03''. Norge;Oslo;;Oslo;;;;. 19940703. {{nb.no|NBN:no-nb_digavis_dagbladet_null_null_19940703_126_174_1}}.</ref>


==== Bjørkekubb ====
==== Bjørkekubb ====
Treklypa Guri vart laga av bjørketre. Bjørketreet vart kjøpt frå bønder i Ørsta, andre stader i Møre og Romsdal<ref name=":0" /> og elles i Noreg. Familien Digernes skoga også bjørk sjølv i Åmdalen i Ørsta. [[Fil:Guri klesklyper ørsta kleklypefabrikk.jpg|miniatyr|Guri treklyper vart produsert samanhengande på Ørsta kleklypefabrikk frå 1933 til 1993, berre med eit opphald under krigen.  Foto: Musea på Sunnmøre]] Bjørkestamma blei kappa i meters lengder, kalla kubb, og levert til fabrikken. Her vart kubben skoren rett på 4 sider og stabla for tørking. Kubben vart tørka ved 40 grader i 3 veker. Etter tørkinga vart plankane (da vart det ikkje kalla kubb lenger) finjustert på lengda. Dette avkappet blei kalla knott, og var også ettertrakta som ved.
Treklypa Guri vart laga av bjørketre. Bjørketreet vart kjøpt frå bønder i Ørsta, andre stader i Møre og Romsdal<ref name=":0" /> og elles i Noreg. Familien Digernes skoga også bjørk sjølv i Åmdalen i Ørsta.  
 
Bjørkestamma blei kappa i meters lengder, kalla kubb, og levert til fabrikken. Her vart kubben skoren rett på 4 sider og stabla for tørking. Kubben vart tørka ved 40 grader i 3 veker. Etter tørkinga vart plankane (da vart det ikkje kalla kubb lenger) finjustert på lengda. Dette avkappet blei kalla knott, og var også ettertrakta som ved.


==== Høvel ====
==== Høvel ====
Linje 59: Linje 61:


Det fantes også mange klypeapparat på loftet på Ørsta kleklypefabrikk, og der kunne ungdomane på Digernes kome og tene seg ein ekstra slant. Det var særskilt før jul og før 17. mai at aktiviteten var stor på loftet. Ungdomane, nesten alle med etternamn Digernes, konkurrerte då om å montere raskast og tene mest pengar. Gamlefar Johan Digernes, sat også på loftet på fabrikken og monterte klyper på sine eldre dager, etter at han overlet drifta av fabrikken til borna.  {{Sitat|"Hele 10 gross i timen, eller 1440 klyper kunne de raskeste montere i timen. Men de var jenter. "|Rolf Digernes, Dagbladet 3.juli 1994 }}
Det fantes også mange klypeapparat på loftet på Ørsta kleklypefabrikk, og der kunne ungdomane på Digernes kome og tene seg ein ekstra slant. Det var særskilt før jul og før 17. mai at aktiviteten var stor på loftet. Ungdomane, nesten alle med etternamn Digernes, konkurrerte då om å montere raskast og tene mest pengar. Gamlefar Johan Digernes, sat også på loftet på fabrikken og monterte klyper på sine eldre dager, etter at han overlet drifta av fabrikken til borna.  {{Sitat|"Hele 10 gross i timen, eller 1440 klyper kunne de raskeste montere i timen. Men de var jenter. "|Rolf Digernes, Dagbladet 3.juli 1994 }}
[[Fil:Solveig klesklyper foto Thomas Mørch.jpg|miniatyr|350x350pk|Solveig kleklyper på klesnora. Foto: Thomas Mørch]]


=== Plastklypa Solveig ===
=== Plastklypa Solveig ===
Ørsta kleklypefabrikk tok til med produksjonen av Solveig plastklyper i 1963<ref name=":2" />. Klypa vart produsert samanhengande fram til 2001.<ref name=":3" />
Ørsta kleklypefabrikk tok til med produksjonen av Solveig plastklyper i 1963<ref name=":2" />. Klypa vart produsert samanhengande fram til 2001.<ref name=":3" />


Solveig blei produsert i plastmaterialet polystyren. <ref>''-bare plast?!''. Utg. Norsk form, Senter for design, arkitektur og bygningsmiljø i samarbeid med Messel[s] forl.. 1995. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2010043003069}}.</ref> Polystyren er laga av råolje og gass. Ørsta kleklypefabrikk fekk levert sekkar med plastgranulat frå Nederland. Plastgranulatet såg ut som gjennomsiktig ris. Solveig blei produsert i gjennomsiktig plast i fargane gul, oransje, blålilla, rosa, raud og grøn.[[Fil:To halve solveig klesklyper ørsta klesklypefabrikk.jpeg|miniatyr|To halve Solveig klesklyper og ei fjør produsert ved Ørsta klesklypefabrikk. Foto: Ingebjørg Hovde]]
Solveig blei produsert i plastmaterialet polystyren. <ref>''-bare plast?!''. Utg. Norsk form, Senter for design, arkitektur og bygningsmiljø i samarbeid med Messel[s] forl.. 1995. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2010043003069}}.</ref> Polystyren er laga av råolje og gass. Ørsta kleklypefabrikk fekk levert sekkar med plastgranulat frå Nederland. Plastgranulatet såg ut som gjennomsiktig ris. Solveig blei produsert i gjennomsiktig plast i fargane gul, oransje, blålilla, rosa, raud og grøn.[[Fil:To halve solveig klesklyper ørsta klesklypefabrikk.jpeg|miniatyr|To halve Solveig klesklyper og ei fjør produsert ved Ørsta klesklypefabrikk. Foto: Ingebjørg Hovde|350x350pk]]
==== Trommel ====
==== Trommel ====
Plastgranulatet og fargen blei blanda i ein stor trommel som gjekk ein halvtime av gongen. Ein produserte ein farge av gongen.  
Plastgranulatet og fargen blei blanda i ein stor trommel som gjekk ein halvtime av gongen. Ein produserte ein farge av gongen.  
Linje 76: Linje 79:


==== Miljøklypa – plastklypa Solveig produsert av gamle plast-fiskekasser ====
==== Miljøklypa – plastklypa Solveig produsert av gamle plast-fiskekasser ====
[[Fil:Ørsta kleklypefabrikk solveig.jpeg|miniatyr|Produksjon av Solveig klyper på 80-tallet. I 1988 produserte klesklypefabrikken i Ørsta 12 millionar klyper i året, i følge NRK. Det  er 1 million klyper i månaden, 50&nbsp;000 per dag, og 2 klyper i sekundet. <ref name=":1">http://www.norge-rundt.no/video/2789?fbclid=IwAR0Dr4Zti6gygD8EtAk6dsbH8W_AxJz91qJOmrwakdj5F6Cq5ililm_OJRA</ref> Foto: Siv Digernes|alt=]]I 1992 kom det i gang eit samarbeid mellom Vartdal Plastindustri og Ørsta Klæklypefabrikk A/S, der gamle plast-fiskekasser vart laga om til miljøvenlege kleklyper. Miljøklypa likna på Solveig i design, men var ikkje gjennomsiktig.<ref>''Fiskaren 1992.07.08''. Norge;Vestland;;Bergen;;;;. 19920708. {{nb.no|NBN:no-nb_digavis_fiskaren_null_null_19920708_69_49_1}}.</ref> Det viste seg at Miljøklypa hadde lett for å knekke og derfor vart det blanda 50% polystyren og 50% gamle plast-fiskekasser. [[Fil:Ørsta kleklypefabrikk solveig pakking.jpg|miniatyr|Pakking av Solveig klyper på 80-tallet. Foto: Siv Digernes]]
[[Fil:Ørsta kleklypefabrikk solveig.jpeg|miniatyr|Produksjon av Solveig klyper på 80-tallet. I 1988 produserte klesklypefabrikken i Ørsta 12 millionar klyper i året, i følge NRK. Det  er 1 million klyper i månaden, 50&nbsp;000 per dag, og 2 klyper i sekundet. <ref name=":1">http://www.norge-rundt.no/video/2789?fbclid=IwAR0Dr4Zti6gygD8EtAk6dsbH8W_AxJz91qJOmrwakdj5F6Cq5ililm_OJRA</ref> Foto: Siv Digernes|alt=|350x350pk]]I 1992 kom det i gang eit samarbeid mellom Vartdal Plastindustri og Ørsta Klæklypefabrikk A/S, der gamle plast-fiskekasser vart laga om til miljøvenlege kleklyper. Miljøklypa likna på Solveig i design, men var ikkje gjennomsiktig.<ref>''Fiskaren 1992.07.08''. Norge;Vestland;;Bergen;;;;. 19920708. {{nb.no|NBN:no-nb_digavis_fiskaren_null_null_19920708_69_49_1}}.</ref> Det viste seg at Miljøklypa hadde lett for å knekke og derfor vart det blanda 50% polystyren og 50% gamle plast-fiskekasser. [[Fil:Ørsta kleklypefabrikk solveig pakking.jpg|miniatyr|Pakking av Solveig klyper på 80-tallet. Foto: Siv Digernes|350x350pk]]


=== Video av produksjonsprosessen ===
=== Video av produksjonsprosessen ===
Linje 103: Linje 106:
* Auser
* Auser
* Kostar
* Kostar
*Rundpinnar til kjærleik på pinne
*Rundpinnar til kjærleik på pinne<gallery>
Fil:Solveig klyper Ørsta klesklypefabrikk.jpg|Solveig i fargane gul, oransje, blålilla, rosa, raud og grøn. Foto: Ingebjørg Hovde
Fil:Solveig kleklype.jpg|Grøn og oransje Solveig klesklype. Foto: Marianne Lindquist
Fil:Solveig klesklyper raud grønn lilla blå rosa oransje gul.jpg|Solveig i fargane gul, oransje, blålilla, rosa, raud og grøn. Foto: Ingebjørg Hovde
Fil:Miljøklypa ørsta klesklypefabrikk.jpeg|Miljøklypa. Foto: Ingebjørg Hovde
Fil:Kleshenger ørsta klesklypefabrikk.jpg|Kleshenger produsert på Ørsta klesklypefabrikk. Foto: Ingebjørg Hovde
</gallery>


== Kjelder ==
== Kjelder ==

Sideversjonen fra 19. feb. 2021 kl. 11:03

Den nye fabrikken som vart sett opp etter brannen i 1950, og stod ferdig hausten 1951. Den nye fabrikken vart bygd av dei seks sønene til Johan Digernes, Ludvik Digernes, Jorulf Digernes, Rolf Digernes, Johannes Digernes, Ragnar Digernes og Odd Digernes.
Foto: Ørsta Kleklypefabrikk

Ørsta kleklypefabrikk A/S var ei familiebedrift på Digernes i Ørsta. Selskapet er mest kjent for sine treklyper av merke Guri og plastklyper av merke Solveig. Johan Digernes starta bedrifta i 1933 under namnet Ørsta Klæklypefabikk.

Den spede byrjinga

I 1933 fekk Johan Digernes med søner sett opp eit lite fabrikkbygg ved sjøen på Digernes i Ørsta.[1] Bygget var berekna for kleklypeproduksjon. I 1934 kom dei fyrste klypene i sal. [2] [3] [4] Verksemda fekk namnet Ørsta Klæklypefabrikk, og produktet, kleklypa i tre, fekk etterkvart namnet Guri. I 1939 vart aksjeselskapet, Ørsta Klæklypefabrik A/S skipa. [5]

Den fyrste tida var det hard konkurranse. Det var ikkje mogleg å få i gang eksportsal til høvelege prisar. Ørsta Klæklypefabrikk måtte difor henge seg på den innanlandske marknaden, i konkurranse med tre andre fabrikkar. [5]

Andre verdskrig

Under krigen var jarnvarer rasjonerte, og det var ikkje mogleg å skaffe fjørtrå til klyper. Fabrikken byrja då å produsere dreia trebollar, treskeider, sleiver, auser og kleshengarar. I tillegg vart det laga ymse slag kostar, med bust av bjørkeris, blåbærlyng og av tauverk. Det vart også produsert skaft av bjørk.[5]

Etterkrigstida

Då krigen var over, kom produksjonen av treklypa Guri i gang igjen. I Noreg var det streng priskontroll med varehandel. Ørsta Klæklypefabrikk byrja difor med eksportsal, hovudsakleg til Skandinavia og middelhavsland, men også til Australia, New Zealand, Iran og Irak.[5][6] I 1948 vart fabrikken utvida, og ein byrja også å produsere klehengarar, svingtrapper til bustadhus og vevstolar. Vevstolane vart selde av Erling Digernes, nevøen til Johan Digernes, som dreiv Rauma Ullvarefabrikk på Åndalsnes.[5]

Brann

18. april 1950 brann Ørsta Klæklypefabrikk ned til grunnen. Maskiner, varer og råmateriell til ein verdi av ca. 170 000 kroner gjekk tapt. Fabrikken hadde då ca. 20 mann i arbeid.[7] Så snart branntaksten var over vart det satt opp ein ny fabrikk. Den nye fabrikken vart sett opp av dei seks sønene til Johan Digernes. Det var ikkje nødvendig å leige andre bygningsarbeidarar. [5]

Den nye fabrikken med moderne maskinar og god kapasitet sto ferdig hausten 1951.[5]

Vanskelege tider, nye produkt og vendepunktet

Faksimile: Dagblad for Mørebygdene, 8. mars 1937
Det fyrste fabrikkbygget som stod ferdig i 1933, fotografert kring 1939. Ved kaia ligg ei skute lasta med bjørkekubb som vart nytta til produksjon av Guri kleklyper. Dei tre vaksne frå høgre: Odd Digernes, Rolf Digernes og Johannes Digernes. Fotoeigar: Kari Hovde

Utover 50-talet vart det lite å tene på eksportsal av kleklyper, og marknaden i Noreg var pressa, og enkelte store kundar truga med å starte eigen import av klyper. Ørsta Klæklypefabrikk utvida derfor sortimentet og tok til å produsera rundpinnar til kjærleik på pinne. Pinnane vart selde til Brynhildsens fabrikkar i Fredrikstad og eksportert til Sør-Afrika. Ein forsøkte seg og på ferdighusproduksjon utan at dette vart vellukka.[5]

På 1960-talet tok eksporten seg opp att. I 1960 hadde Ørsta Klæklypefabrikk A/S ein produksjon på 100 000 gross (1 gross = 12 dusin = 144 klyper). 2/3 av produksjonen gjekk til eksport. Ein eksporterte treklyper til bl.a. Australia, New Zealand og USA.[8]

Plastklypa, Solveig vart lansert i 1963,[9] og vart ein umiddelbar suksess da ho var svært haldbar. Etterkvart vart produksjonen av plastklypa Solveig nesten heilt automatisert.[5] Takka være denne automatiseringen klarte ein i 1986, med 5 ansatte, å produsere 12 millionar klesklyper i året. [10] Dette vart eit vendepunkt i historia til Ørsta Klæklypefabrikk. På omlag same tidspunkt laut fabrikkar i Noreg med umoderne plastklypeproduksjon gi opp. [5]

Ny brann

1968 tok det fyr i fabrikken igjen, men brannen vart raskt sløkt. «Ca. 10 000 klæklemmer og eit parti dropspinnar var skadde av eld og røyk.»[11]

1980-talet

I 1985 var Ørsta Kleklypefabrikk den einaste kleklypefabrikken i landet, og produserte nesten 12 millionar klyper i året. 8 millionar var Solveig plastklype og 3,6 millionar av Guri treklype.[12]

Produksjonsprosessen

Ei klype består av to klypeemne og ei fjør. Klypeemna var enten i tre (Guri) eller plast (Solveig).

Klypefjøra

Fjørene til klypene blei produserte av Ørsta kleklypefabrikk. Til fjørproduksjon fekk fabrikken på Digernes i Ørsta levert store kveilar med ståltråd. Fjørtråd vart tredd inn i ein maskin og spunne til fjør rundt ein spindel. Deretter vart ståltråden klipt av, og fjøra sloppen ned i ein sekk.

Det var litt skilnad på fjørene til klypene Guri og Solveig, men begge vart produsert lokalt. Fjøremaskinene var spesiallaga til kleklypeproduksjon. Det var tre like maskiner i drift på eit eige «fjørerom» til ein kvar tid. Nye meir moderne fjørmaskiner blei innkjøpt tidleg på 80-talet.

Guri treklyper vart produsert samanhengande på Ørsta kleklypefabrikk frå 1933 til 1993, berre med eit opphald under krigen. Foto: Musea på Sunnmøre

Treklypa Guri

Ørsta kleklypefabrikk tok til med produksjonen av Guri treklype i 1933. Klypa var i produksjon samanhengande fram til 1993, berre med opphald under krigen. [13]

Bjørkekubb

Treklypa Guri vart laga av bjørketre. Bjørketreet vart kjøpt frå bønder i Ørsta, andre stader i Møre og Romsdal[5] og elles i Noreg. Familien Digernes skoga også bjørk sjølv i Åmdalen i Ørsta.

Bjørkestamma blei kappa i meters lengder, kalla kubb, og levert til fabrikken. Her vart kubben skoren rett på 4 sider og stabla for tørking. Kubben vart tørka ved 40 grader i 3 veker. Etter tørkinga vart plankane (da vart det ikkje kalla kubb lenger) finjustert på lengda. Dette avkappet blei kalla knott, og var også ettertrakta som ved.

Høvel

Etterpå sto rett- høvelen for tur, rett vinkel og bredde, før saging til 0,5 cm tjukke fjøler. For å sikre at alle fjølene var 0,5 cm tjukke vart alle plankane so ført gjennom dimensjonshøvelen. Dimensjonshøvelen overlevde brannen i 1950, då fabrikken vart totalskada, og var i viksomheit fram til fabrikkens nedlegging. Fjølene vart so førte inn i ei spesiallaga fresemaskin som freste ut klypeprofilen. Fresemaskina vart innkjøpt på 50-tallet og var den gongen revolusjonerande for produksjonen av treklyper. Halvklypene vart førte frå fesen til ein stor sylinder (trommel) der dei vart kasta rundt, tromla reine for flis og tilført voks. Ein tilførte voks for at klypene skulle tåle fukt og bli meir haldbare.

Montering av Guri

Det meste av monteringa av treklypene vart gjort utafor Ørsta kleklypefabrikk. Montering av klyper var ei kjærkommen ekstrainntekt i lokalsamfunnet.[5] Kleklypefabrikken leverte klypebord med fotpedal, klypefjører, halve klyper og emballasje til dei som ville setje saman klyper heime mot betaling. Ein fekk betalt for antall gross ferdig pakka i kasser for utskiping.

Klypebordet minna om ein skolepult med karmar på høgre og venstre side. Bakre halvdel var delt av. Klypedelane låg i bakre halvdel. Den halve klypa kom ut på høgre side gjennom eit hol i deleveggen. På venstre side framme låg fjørene. I midten framme stod det eit lite apparat som ein sette ei fjør på. Ein trykte so på fotpedalen som var festa til apparatet med ein streng. Dette førte til at fjøra opna seg, og en kunne skyve dei to halve klypene inn på kvar side av fjøra. So slapp ein fotpedalen, fjæra lukka seg, og klypa var ferdig.

For dei som arbeidde på Ørsta kleklypefabrikk var vekas høgdepunkt fredagen med utkøyring på bygda av materialar, og henting av samansette klyper. Bygdesladder og nyhende var en kjærkommen avveksling frå produksjonen på fabrikken.

Det fantes også mange klypeapparat på loftet på Ørsta kleklypefabrikk, og der kunne ungdomane på Digernes kome og tene seg ein ekstra slant. Det var særskilt før jul og før 17. mai at aktiviteten var stor på loftet. Ungdomane, nesten alle med etternamn Digernes, konkurrerte då om å montere raskast og tene mest pengar. Gamlefar Johan Digernes, sat også på loftet på fabrikken og monterte klyper på sine eldre dager, etter at han overlet drifta av fabrikken til borna.

"Hele 10 gross i timen, eller 1440 klyper kunne de raskeste montere i timen. Men de var jenter. "
– Rolf Digernes, Dagbladet 3.juli 1994
Solveig kleklyper på klesnora. Foto: Thomas Mørch

Plastklypa Solveig

Ørsta kleklypefabrikk tok til med produksjonen av Solveig plastklyper i 1963[9]. Klypa vart produsert samanhengande fram til 2001.[14]

Solveig blei produsert i plastmaterialet polystyren. [15] Polystyren er laga av råolje og gass. Ørsta kleklypefabrikk fekk levert sekkar med plastgranulat frå Nederland. Plastgranulatet såg ut som gjennomsiktig ris. Solveig blei produsert i gjennomsiktig plast i fargane gul, oransje, blålilla, rosa, raud og grøn.

To halve Solveig klesklyper og ei fjør produsert ved Ørsta klesklypefabrikk. Foto: Ingebjørg Hovde

Trommel

Plastgranulatet og fargen blei blanda i ein stor trommel som gjekk ein halvtime av gongen. Ein produserte ein farge av gongen.

Plastmaskin med former

Den farga granulatmassen vart fylt i plastmaskina, og varma opp til 340 grader. Den flytande massen vart deretter spruta inn i kleklype-forma. Forma vart kjølt ned ved hjelp av kjølevatn, før ho åpna seg og ein «klase» med halvklyper festa til samlepinne datt ned i ein trommel. Klasane vart tromla for å separere dei halve klypene. Trommelen hadde spiler slik at lause klyper datt ut.

Montering av plastklypa Solveig

I starten vart Solveig- klypene  monterte rundt i heimane på bygda, men etter kvart tok ei monteringsmaskin på fabrikken over jobben.

Dei ferdigproduserte halve klypene vart fylt opp i to store trakter i monteringsmaskina. Under kvar trakt var det vibratorar, som førte dei halve klypene mot kvarandre. Ei fjør vart opna, og dei halve klypene vart dytta inn på kvar si side av fjøra. Når tolv klyper var ferdig monterte, og låg ved sida av kvarandre, vart dei opna og ein pappstrimmel vart dytta inn slik at alle klypene beit seg fast på pappstrimmelen. Til slutt stod det ein arbeidar og pakka klypene i esker. Seinare vart Solveig-klypene pakka lause i plastposar, utan pappstimmel.

Miljøklypa – plastklypa Solveig produsert av gamle plast-fiskekasser

Produksjon av Solveig klyper på 80-tallet. I 1988 produserte klesklypefabrikken i Ørsta 12 millionar klyper i året, i følge NRK. Det er 1 million klyper i månaden, 50 000 per dag, og 2 klyper i sekundet. [16] Foto: Siv Digernes

I 1992 kom det i gang eit samarbeid mellom Vartdal Plastindustri og Ørsta Klæklypefabrikk A/S, der gamle plast-fiskekasser vart laga om til miljøvenlege kleklyper. Miljøklypa likna på Solveig i design, men var ikkje gjennomsiktig.[17] Det viste seg at Miljøklypa hadde lett for å knekke og derfor vart det blanda 50% polystyren og 50% gamle plast-fiskekasser.

Pakking av Solveig klyper på 80-tallet. Foto: Siv Digernes

Video av produksjonsprosessen

NRKs program Norge Rundt dokumenterte 21.oktober 1988 produksjonen av klesklyper ved Ørsta kleklypefabrikk med eit innslag. Innslaget viste ein automatisert produksjon med få innslag av menneskehender.[16]


Konkurs

I 1996 gjekk Ørsta Klæklypefabrikk A/S konkurs.[14] Roger Digernes tok over fabrikken og dreiv han vidare til 2001.

Produkt

  • Guri treklype
  • Solveig plastklype
  • Miljøklypa
  • Hobbyklyper
  • Vaskebrett
  • Kleshengarar
  • Vevstolar
  • Svingtrapper til bustadhus
  • Byggeklossar av tre for born
  • Ferdighus
  • Karosseriplater i kryssfiner til barnevogner
  • Dreia trebollar
  • Treskeider
  • Sleiver
  • Auser
  • Kostar
  • Rundpinnar til kjærleik på pinne
  • Solveig i fargane gul, oransje, blålilla, rosa, raud og grøn. Foto: Ingebjørg Hovde

    Solveig i fargane gul, oransje, blålilla, rosa, raud og grøn. Foto: Ingebjørg Hovde

  • Grøn og oransje Solveig klesklype. Foto: Marianne Lindquist

    Grøn og oransje Solveig klesklype. Foto: Marianne Lindquist

  • Solveig i fargane gul, oransje, blålilla, rosa, raud og grøn. Foto: Ingebjørg Hovde

    Solveig i fargane gul, oransje, blålilla, rosa, raud og grøn. Foto: Ingebjørg Hovde

  • Miljøklypa. Foto: Ingebjørg Hovde

    Miljøklypa. Foto: Ingebjørg Hovde

  • Kleshenger produsert på Ørsta klesklypefabrikk. Foto: Ingebjørg Hovde

    Kleshenger produsert på Ørsta klesklypefabrikk. Foto: Ingebjørg Hovde

Kjelder

  1. Vikebladet 1933.02.03. Norge;Møre og Romsdal;;Ulstein;;;;. 19330203. Digital versjonNettbiblioteket.
  2. Grøvik, Ivar: Ørsta gjennom 75 år. Utg. Ørsta kommune. 1958. Digital versjonNettbiblioteket.
  3. Grøvik, Ivar: Ørsta samvirkelag 1919-1969. Utg. Samvirkelaget. Ørsta. 1969. Digital versjonNettbiblioteket.
  4. Grøvik, Ivar: Ørsta gjennom 100 år. Utg. Kommunen. 1983. Digital versjonNettbiblioteket.
  5. 5,00 5,01 5,02 5,03 5,04 5,05 5,06 5,07 5,08 5,09 5,10 5,11 Hovdebygda - mellom bakkar og berg. Utg. Hovdebygda soge- og velferdslag. 2006. Digital versjonNettbiblioteket.
  6. Dagbladet 1994.07.03. Norge;Oslo;;Oslo;;;;. 19940703. Digital versjonNettbiblioteket.
  7. Bergens Arbeiderblad 1950.04.20. Norge;Vestland;;Bergen;;;;. 19500420. Digital versjonNettbiblioteket.
  8. Adresseavisen 1961.01.18. Norge;Trøndelag;;Trondheim;;;;. 19610118. Digital versjonNettbiblioteket.
  9. 9,0 9,1 Sunnmørsposten 1963.03.28. Norge;Møre og Romsdal;;Ålesund;;;;. 19630328. Digital versjonNettbiblioteket.
  10. Munthe, Preben: Markedsøkonomi. Utg. Universitetsforlaget. Oslo. 1986. Digital versjonNettbiblioteket.
  11. Møre 1968.08.08. Norge;Møre og Romsdal;;Volda;;;;. 19680808. Digital versjonNettbiblioteket.
  12. 'Møre 1985.12.12. Norge;Møre og Romsdal;;Volda;;;;. 19851212. Digital versjonNettbiblioteket.
  13. Dagbladet 1994.07.03. Norge;Oslo;;Oslo;;;;. 19940703. Digital versjonNettbiblioteket.
  14. 14,0 14,1 Møre 1996.10.26. Norge;Møre og Romsdal;;Volda;;;;. 19961026. Digital versjonNettbiblioteket.
  15. -bare plast?!. Utg. Norsk form, Senter for design, arkitektur og bygningsmiljø i samarbeid med Messel[s] forl.. 1995. Digital versjonNettbiblioteket.
  16. 16,0 16,1 http://www.norge-rundt.no/video/2789?fbclid=IwAR0Dr4Zti6gygD8EtAk6dsbH8W_AxJz91qJOmrwakdj5F6Cq5ililm_OJRA
  17. Fiskaren 1992.07.08. Norge;Vestland;;Bergen;;;;. 19920708. Digital versjonNettbiblioteket.