Ørsta kleklypefabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 28. des. 2020 kl. 12:28 av Rkstokke (samtale | bidrag) (Lagt inn at treklypa i tre etterkvart fekk namnet Guri, da klypa ikkje hadde namn i byrjinga)
Hopp til navigering Hopp til søk
Solveig plastklype.
Foto: Marianne Lindquist

Ørsta kleklypefabrikk A/S var ei familiebedrift på Digernes i Ørsta. Selskapet er mest kjent for sine treklyper av merke Guri og plastklyper av merke Solveig. Johan Digernes starta bedrifta i 1933 under namnet Ørsta Klæklypefabikk.

Den spede byrjinga

I 1933 fekk Johan Digernes med søner sett opp eit lite fabrikkbygg ved sjøen på Digernes i Ørsta.[1] Bygget var berekna for kleklypeproduksjon. I 1934 kom dei fyrste klypene i sal. [2] [3] [4] Verksemda fekk namnet Ørsta Klæklypefabrikk, og produktet, kleklypa i tre, fekk etterkvart namnet Guri. I 1939 vart aksjeselskapet, Ørsta Klæklypefabrik A/S skipa. [5]

Den fyrste tida var det hard konkurranse. Det var ikkje mogleg å få i gang eksportsal til høvelege prisar. Ørsta Klæklypefabrikk måtte difor henge seg på den innanlandske marknaden, i konkurranse med tre andre fabrikkar. [5]

Andre verdskrig

Under krigen var jarnvarer rasjonerte, og det var ikkje mogleg å skaffe fjørtrå til klyper. Fabrikken byrja då å produsere dreia trebollar, treskeider, sleivar, auser og kleshengarar. I tillegg var det laga ymse slag kostar, med bust av bjørkeris, blåbærlyng og av tauverk. Det vart også produsert skaft av bjørk.[5]

Etterkrigstida

Då krigen var over kom produksjonen av treklypa Guri i gang igjen. I Noreg var det streng priskontroll med varehandel. Ørsta Klæklypefabrikk byrja difor med eksportsal, hovudsakleg til Skandinavia og middelhavsland, men også til Australia, New Zealand, Iran og Irak.[5][6]

I 1948 vart fabrikken utvida, og ein byrja også å produsere klehengarar, svingtrappar til bustadhus og vevstolar. Vevstolane vart selde av Erling Digernes, nevøen til Johan Digernes, som dreiv Rauma Ullvarefabrikk på Åndalsnes.[5]

Brann

18. april 1950 brann Ørsta Klæklypefabrikk ned til grunnen. Maskiner, varer og råmateriell til ein verdi av ca. 170 000 kroner gjekk tapt. Fabrikken hadde då ca. 20 mann i arbeid.[7] Så snart branntaksten var over vart det satt opp ein ny fabrikk. Den nye fabrikken vart satt opp av dei 6 sønene til Johan Digernes. Det var ikkje nødvendig å leige andre bygningsarbeidarar. [5]

Den nye fabrikken med moderne maskinar og god kapasitet sto ferdig hausten 1951.[5]

Vanskelege tider og nye produkt

Utover 50-talet vart det lite å tene på eksportsal av kleklyper, og marknaden i Noreg var pressa, og enkelte store kundar truga med å starte eigen import av klyper. Ørsta Klæklypefabrikk utvida derfor sortimentet og tok til å produsera rundpinnar til kjærleik på pinne. Pinnane vart selt til Brynhildsens fabrikker i Fredrikstad og eksportert til Sør-Afrika. Ein forsøkte seg og på ferdighusproduksjon utan at dette vart vellukka.[5]

På 1960-talet tok eksporten seg opp att. I 1960 hadde Ørsta Klæklypefabrikk A/S en produksjon på 100.000 gross (1 gross = 12 dusin = 144 klyper). 2/3 av produksjonen gjekk til eksport. Ein eksporterte treklyper til bla. Australia, New Zealand og USA.[8]

Plastklypa, Solveig vart lansert i 1963,[9] og vart ein umiddelbar suksess da ho var svært haldbar. Dette vart eit vendepunkt i historia til Ørsta Klæklypefabrikk. Salet av treklyper minka då plastklypene kom på marknaden.

Ny brann

1968 tok det fyr i fabrikken igjen, men brannen vart raskt sløkt. «Ca. 10 000 klæklemmer og eit parti dropspinnar var skada av eld og røyk.»[10]

1980 talet

I 1985 var Ørsta Kleklypefabrikk den einaste kleklypefabrikken i landet, og produserte nesten 12 millionar klyper i året. 8 millionar var Solveig plastklype og 3,6 millionar av Guri treklype.[11]

Konkurs

I 1996 gjekk Ørsta Klæklypefabrikk A/S konkurs.[12] Roger Digernes tok over fabrikken og dreiv han vidare til 2001.

Produkt

Produksjon av Solveig klyper på 80-tallet. Foto: Siv Digernes
  • Guri treklype
  • Solveig plastklype
  • Miljøklypa
  • Vaskebrett
  • Kleshengarar
  • Vevstolar
  • Svingtrappar til bustadhus
  • Byggeklossar av tre for born
  • Ferdighus
  • Karosseriplater i kryssfiner til barnevogner
  • Dreia trebollar
  • Treskeider
  • Sleivar
  • Auser
  • Kostar
  • Pakking av Solveig klyper på 80-tallet. Foto: Siv Digernes
    Rundpinnar til kjærleik på pinne
  • Dommarflagg

Kjelde

  1. Vikebladet 1933.02.03. Norge;Møre og Romsdal;;Ulstein;;;;. 19330203. Digital versjonNettbiblioteket.
  2. Grøvik, Ivar: Ørsta gjennom 75 år. Utg. Ørsta kommune. 1958. Digital versjonNettbiblioteket.
  3. Grøvik, Ivar: Ørsta samvirkelag 1919-1969. Utg. Samvirkelaget. Ørsta. 1969. Digital versjonNettbiblioteket.
  4. Grøvik, Ivar: Ørsta gjennom 100 år. Utg. Kommunen. 1983. Digital versjonNettbiblioteket.
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 5,7 Hovdebygda - mellom bakkar og berg. Utg. Hovdebygda soge- og velferdslag. 2006. Digital versjonNettbiblioteket.
  6. Dagbladet 1994.07.03. Norge;Oslo;;Oslo;;;;. 19940703. Digital versjonNettbiblioteket.
  7. Bergens Arbeiderblad 1950.04.20. Norge;Vestland;;Bergen;;;;. 19500420. Digital versjonNettbiblioteket.
  8. Adresseavisen 1961.01.18. Norge;Trøndelag;;Trondheim;;;;. 19610118. Digital versjonNettbiblioteket.
  9. Sunnmørsposten 1963.03.28. Norge;Møre og Romsdal;;Ålesund;;;;. 19630328. Digital versjonNettbiblioteket.
  10. Møre 1968.08.08. Norge;Møre og Romsdal;;Volda;;;;. 19680808. Digital versjonNettbiblioteket.
  11. 'Møre 1985.12.12. Norge;Møre og Romsdal;;Volda;;;;. 19851212. Digital versjonNettbiblioteket.
  12. Møre 1996.10.26. Norge;Møre og Romsdal;;Volda;;;;. 19961026. Digital versjonNettbiblioteket.