Ørsta kleklypefabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 27. jan. 2021 kl. 13:10 av Rkstokke (samtale | bidrag) (Lagt inn bilde av to halve klyper)
Hopp til navigering Hopp til søk
I april 1950 brann Ørsta Klæklypefabrikk ned til grunnen. Det vart sett opp ein ny fabrikk raskt. Den nye fabrikken vart bygd av dei seks sønene til Johan Digernes, Ludvik Digernes, Jorulf Digernes, Rolf Digernes, Johannes Digernes, Ragnar Digernes og Odd Digernes. Nybygget sto ferdig hausten 1951.
Foto: Ørsta Kleklypefabrikk

Ørsta kleklypefabrikk A/S var ei familiebedrift på Digernes i Ørsta. Selskapet er mest kjent for sine treklyper av merke Guri og plastklyper av merke Solveig. Johan Digernes starta bedrifta i 1933 under namnet Ørsta Klæklypefabikk.

Den spede byrjinga

I 1933 fekk Johan Digernes med søner sett opp eit lite fabrikkbygg ved sjøen på Digernes i Ørsta.[1] Bygget var berekna for kleklypeproduksjon. I 1934 kom dei fyrste klypene i sal. [2] [3] [4] Verksemda fekk namnet Ørsta Klæklypefabrikk, og produktet, kleklypa i tre, fekk etterkvart namnet Guri. I 1939 vart aksjeselskapet, Ørsta Klæklypefabrik A/S skipa. [5]

Den fyrste tida var det hard konkurranse. Det var ikkje mogleg å få i gang eksportsal til høvelege prisar. Ørsta Klæklypefabrikk måtte difor henge seg på den innanlandske marknaden, i konkurranse med tre andre fabrikkar. [5]

Andre verdskrig

Under krigen var jarnvarer rasjonerte, og det var ikkje mogleg å skaffe fjørtrå til klyper. Fabrikken byrja då å produsere dreia trebollar, treskeider, sleiver, auser og kleshengarar. I tillegg vart det laga ymse slag kostar, med bust av bjørkeris, blåbærlyng og av tauverk. Det vart også produsert skaft av bjørk.[5]

Etterkrigstida

Då krigen var over, kom produksjonen av treklypa Guri i gang igjen. I Noreg var det streng priskontroll med varehandel. Ørsta Klæklypefabrikk byrja difor med eksportsal, hovudsakleg til Skandinavia og middelhavsland, men også til Australia, New Zealand, Iran og Irak.[5][6] I 1948 vart fabrikken utvida, og ein byrja også å produsere klehengarar, svingtrapper til bustadhus og vevstolar. Vevstolane vart selde av Erling Digernes, nevøen til Johan Digernes, som dreiv Rauma Ullvarefabrikk på Åndalsnes.[5]

Brann

18. april 1950 brann Ørsta Klæklypefabrikk ned til grunnen. Maskiner, varer og råmateriell til ein verdi av ca. 170 000 kroner gjekk tapt. Fabrikken hadde då ca. 20 mann i arbeid.[7] Så snart branntaksten var over vart det satt opp ein ny fabrikk. Den nye fabrikken vart sett opp av dei seks sønene til Johan Digernes. Det var ikkje nødvendig å leige andre bygningsarbeidarar. [5]

Den nye fabrikken med moderne maskinar og god kapasitet sto ferdig hausten 1951.[5]

Vanskelege tider, nye produkt og vendepunktet

Solveig plastklype blei produsert i gjennomsiktig plast i fargane gul, oransje, blålilla, rosa, raud og grøn.
Foto: Marianne Lindquist

Utover 50-talet vart det lite å tene på eksportsal av kleklyper, og marknaden i Noreg var pressa, og enkelte store kundar truga med å starte eigen import av klyper. Ørsta Klæklypefabrikk utvida derfor sortimentet og tok til å produsera rundpinnar til kjærleik på pinne. Pinnane vart selde til Brynhildsens fabrikkar i Fredrikstad og eksportert til Sør-Afrika. Ein forsøkte seg og på ferdighusproduksjon utan at dette vart vellukka.[5]

På 1960-talet tok eksporten seg opp att. I 1960 hadde Ørsta Klæklypefabrikk A/S ein produksjon på 100 000 gross (1 gross = 12 dusin = 144 klyper). 2/3 av produksjonen gjekk til eksport. Ein eksporterte treklyper til bl.a. Australia, New Zealand og USA.[8]

Plastklypa, Solveig vart lansert i 1963,[9] og vart ein umiddelbar suksess da ho var svært haldbar. Etterkvart vart produksjonen av plastklypa Solveig nesten heilt automatisert.[5] Takka være denne automatiseringen klarte ein i 1986, med 5 ansatte, å produsere 12 millionar klesklyper i året. [10] Dette vart eit vendepunkt i historia til Ørsta Klæklypefabrikk. På omlag same tidspunkt laut fabrikkar i Noreg med umoderne plastklypeproduksjon gi opp. [5]

Ny brann

1968 tok det fyr i fabrikken igjen, men brannen vart raskt sløkt. «Ca. 10 000 klæklemmer og eit parti dropspinnar var skadde av eld og røyk.»[11]

1980-talet

I 1985 var Ørsta Kleklypefabrikk den einaste kleklypefabrikken i landet, og produserte nesten 12 millionar klyper i året. 8 millionar var Solveig plastklype og 3,6 millionar av Guri treklype.[12]

Produksjonsprosessen

Ei klype består av to klypeemne og ei fjør. Klypeemna var enten i tre (Guri) eller plast (Solveig).

Klypefjøra

Fjørene til klypene blei produserte av Ørsta kleklypefabrikk. Til fjørproduksjon fekk fabrikken på Digernes i Ørsta levert store kveilar med ståltråd. Fjørtråd vart tredd inn i ein maskin og spunne rundt ein spindel. Deretter vart ståltråden klipt av, og fjøra sloppen ned i ein sekk.

Det var litt skilnad på fjørene til klypene Guri og Solveig, men begge vart produsert på Ørsta kleklypefabrikk. Fjøremaskinene var spesiallaga til Ørsta kleklypefabrikk. Det var tre like maskiner i drift på eit eige «fjørerom» til ein kvar tid. Ørsta kleklypefabrikk kjøpte inn nye fjøremaskiner tidleg på 80-talet.

Treklypa Guri

Ørsta kleklypefabrikk tok til med produksjonen av Guri treklype i 1933. Klypa vart produsert samanhengande fram til 1993, berre med opphald under krigen. [13]

Treklypa Guri vart laga av bjørketre. Bjørketreet vart kjøpt frå bønder i Ørsta, andre stader i Møre og Romsdal[5] og elles i Noreg. Familien Digernes skoga også bjørk sjølv i Åmdalen i Ørsta.

Guri treklyper vart produsert samanhengande på Ørsta kleklypefabrikk frå 1933 til 1993, berre med eit opphald under krigen. Foto: Musea på Sunnmøre

Bjørkestammen blei kappa i meters lengder, kalla kubb, og levert til Ørsta Kleklypefabrikk. Her vart kubben skoren rett på 4 sider og stabla for tørking. Kubben vart tørka ved 40 grader i 3 veker. Etter tørkinga vart plankane (da vart det ikkje kalla kubb lenger) finjustert på lengda. Dette avkappet blei kalla knott, og var også ettertrakta som ved.

Etterpå sto rett- høvelen for tur, rett vinkel og bredde, før saging til 0,5 cm tjukke fjøler. For å sikre at alle fjølene var 0,5 cm tjukke vart alle plankane so ført gjennom dimensjonshøvelen. Dimensjonshøvelen overlevde brannen i 1950, då fabrikken vart totalskada, og var i viksomheit fram til fabrikkens nedlegging. Fjølene vart so førte inn i ei spesiallaga fresemaskin som freste ut klypeprofilen. Fresemaskina vart innkjøpt på 50-tallet og var den gongen revolusjonerande for produksjonen av treklyper. Halvklypene blei so lasta inn i en stor sylinder (trommel) der dei blei kasta rundt mens dei blei finslipte og tilført voks. Ein tilførte voks for at klypene skulle bli glatte, ikkje gje flisar, ikkje trekke til seg fukt og dermed bli meir haldbare. Det meste av monteringa av treklypene vart gjort utafor Ørsta kleklypefabrikk. Montering av klyper var ei kjærkommen ekstrainntekt i lokalsamfunnet.[5] Kleklypefabrikken leverte klypebord med fotpedal, klypefjører, halve klyper og emballasje til dei som ville setje saman klyper heime mot betaling.

Klypebordet minna om ein skolepult med karmar på høgre og venstre side. Bakre halvdel var delt av. Klypedelane låg i bakre halvdel. Den halve klypa kom ut på høgre side gjennom eit hol i deleveggen. På venstre side framme låg fjørene. I midten framme stod det eit lite apparat som ein sette ei fjør på. Ein trykte so på fotpedalen som var festa til apparatet med ein streng. Dette førte til at fjøra opna seg, og en kunne skyve dei to halve klypene inn på kvar side av fjøra. So slapp ein fotpedalen, fjæra lukka seg, og klypa var ferdig.

For dei som arbeidde på Ørsta kleklypefabrikk var vekas høgdepunkt fredagen med utkøyring på bygda av materialar, og henting av samansette klyper.

Det fantes også mange klypeapparat på loftet på Ørsta kleklypefabrikk, og der kunne ungdomane på Digernes kome og tene seg ein ekstra slant. Det var særskilt før jul og før 17. mai at aktiviteten var stor på loftet. Ungdomane, nesten alle med etternamn Digernes, konkurrerte då om å jobbe fortast.

"Hele 10 gross i timen, eller 1440 klyper kunne de raskeste montere i timen. Men de var jenter. "
– Rolf Digernes, Dagbladet 3.juli 1994

Plastklypa Solveig

Ørsta kleklypefabrikk tok til med produksjonen av Solveig plastklyper i 1963[9]. Klypa vart produsert samanhengande fram til 2001.[14]

Solveig blei produsert i plastmaterialet polystyren. [15] Polystyren er laga av råolje og gass. Ørsta kleklypefabrikk fekk levert sekkar med plastgranulat frå Nederland. Plastgranulatet såg ut som gjennomsiktig ris. Solveig blei produsert i gjennomsiktig plast i fargane gul, oransje, blålilla, rosa, raud og grøn.

Produksjon av Solveig klyper på 80-tallet. I 1988 produserte klesklypefabrikken i Ørsta 12 millionar klyper i året, i følge NRK. Det er 1 million i klyper månaden, 50 000 per dag, og 2 klyper i sekundet. [16] Foto: Siv Digernes

Trommel

Plastgranulatet og fargen blei blanda i ein stor trommel som gjekk ein halvtime av gongen. Ein produserte ein farge av gongen.

Plastmaskin med former

Den farga granulatmassen vart so fylt i plastmaskina, og varma opp til 340 grader. Den flytande massen vart deretter spruta inn i kleklype-forma. Forma vart so kjølt ned ved hjelp av kjølevatn, før ho åpna seg og ein «klase» med halve klyper falt ut. Klasane datt ned i ein trommel som rista dei halve klypene laus. Trommelen hadde spiler slik at lause klyper datt ut.

Montering av plastklypa Solveig

I starten vart Solveig- klypene  monterte rundt i heimane på bygda, men etter kvart tok ei monteringsmaskin på fabrikken over jobben.

Dei ferdigproduserte halve klypene vart fylt opp i to store trakter i monteringsmaskina. Under kvar trakt var det vibratorar, som førte dei halve klypene mot kvarandre. Ei fjør vart opna, og dei halve klypene vart dytta inn på kvar si side av fjøra. Når tolv klyper var ferdig monterte, og låg ved sida av kvarandre, vart dei opna og ein pappstrimmel vart dytta inn slik at alle klypene beit seg fast på pappstrimmelen. Til slutt stod det ein arbeidar og pakka klypene i esker. Seinare vart Solveig-klypene pakka lause i plastposar, utan pappstimmel.

Miljøklypa – plastklypa Solveig produsert av gamle plast-fiskekasser

To halve Solveig klesklyper og en fjær produsert ved Ørsta klesklypefabrikk. Foto: Ingebjørg Hovde

I 1992 kom det i gang eit samarbeid mellom Vartdal Plastindustri og Ørsta Klæklypefabrikk A/S, der gamle plast-fiskekasser vart laga om til miljøvenlege kleklyper. Miljøklypa likna på Solveig i design, men var ikkje gjennomsiktig.[17] Det viste seg at Miljøklypa hadde lett for å knekke og derfor vart det blanda 50% polystyren og 50% gamle plast-fiskekasser.

Pakking av Solveig klyper på 80-tallet. Foto: Siv Digernes

Video av produksjonsprosessen

NRKs program Norge Rundt dokumenterte 21.oktober 1988 produksjonen av klesklyper ved Ørsta kleklypefabrikk med eit innslag. Innslaget viste ein automatisert produksjon med få innslag av menneskehender.[16]


Konkurs

I 1996 gjekk Ørsta Klæklypefabrikk A/S konkurs.[14] Roger Digernes tok over fabrikken og dreiv han vidare til 2001.

Produkt

  • Guri treklype
  • Solveig plastklype
  • Miljøklypa
  • Hobbyklyper
  • Vaskebrett
  • Kleshengarar
  • Vevstolar
  • Svingtrapper til bustadhus
  • Byggeklossar av tre for born
  • Ferdighus
  • Karosseriplater i kryssfiner til barnevogner
  • Dreia trebollar
  • Treskeider
  • Sleiver
  • Auser
  • Kostar
  • Rundpinnar til kjærleik på pinne

Kjelder

  1. Vikebladet 1933.02.03. Norge;Møre og Romsdal;;Ulstein;;;;. 19330203. Digital versjonNettbiblioteket.
  2. Grøvik, Ivar: Ørsta gjennom 75 år. Utg. Ørsta kommune. 1958. Digital versjonNettbiblioteket.
  3. Grøvik, Ivar: Ørsta samvirkelag 1919-1969. Utg. Samvirkelaget. Ørsta. 1969. Digital versjonNettbiblioteket.
  4. Grøvik, Ivar: Ørsta gjennom 100 år. Utg. Kommunen. 1983. Digital versjonNettbiblioteket.
  5. 5,00 5,01 5,02 5,03 5,04 5,05 5,06 5,07 5,08 5,09 5,10 5,11 Hovdebygda - mellom bakkar og berg. Utg. Hovdebygda soge- og velferdslag. 2006. Digital versjonNettbiblioteket.
  6. Dagbladet 1994.07.03. Norge;Oslo;;Oslo;;;;. 19940703. Digital versjonNettbiblioteket.
  7. Bergens Arbeiderblad 1950.04.20. Norge;Vestland;;Bergen;;;;. 19500420. Digital versjonNettbiblioteket.
  8. Adresseavisen 1961.01.18. Norge;Trøndelag;;Trondheim;;;;. 19610118. Digital versjonNettbiblioteket.
  9. 9,0 9,1 Sunnmørsposten 1963.03.28. Norge;Møre og Romsdal;;Ålesund;;;;. 19630328. Digital versjonNettbiblioteket.
  10. Munthe, Preben: Markedsøkonomi. Utg. Universitetsforlaget. Oslo. 1986. Digital versjonNettbiblioteket.
  11. Møre 1968.08.08. Norge;Møre og Romsdal;;Volda;;;;. 19680808. Digital versjonNettbiblioteket.
  12. 'Møre 1985.12.12. Norge;Møre og Romsdal;;Volda;;;;. 19851212. Digital versjonNettbiblioteket.
  13. Dagbladet 1994.07.03. Norge;Oslo;;Oslo;;;;. 19940703. Digital versjonNettbiblioteket.
  14. 14,0 14,1 Møre 1996.10.26. Norge;Møre og Romsdal;;Volda;;;;. 19961026. Digital versjonNettbiblioteket.
  15. -bare plast?!. Utg. Norsk form, Senter for design, arkitektur og bygningsmiljø i samarbeid med Messel[s] forl.. 1995. Digital versjonNettbiblioteket.
  16. 16,0 16,1 http://www.norge-rundt.no/video/2789?fbclid=IwAR0Dr4Zti6gygD8EtAk6dsbH8W_AxJz91qJOmrwakdj5F6Cq5ililm_OJRA
  17. Fiskaren 1992.07.08. Norge;Vestland;;Bergen;;;;. 19920708. Digital versjonNettbiblioteket.