Øvre Fåberg (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 28. feb. 2014 kl. 09:13 av Cnyborg (samtale | bidrag) (fikser infoboks)
Hopp til navigering Hopp til søk
Øvre Fåberg
Fyrst nemnd: 1596
Stad: Jostedalen
Sokn: Jostedalen
Fylke: Sogn og Fjordane
Kommune: Luster
Gnr.: 205

Øvre Fåberg (Luster, gnr. 205) er ein matrikkelgard i grenda Fåberg i Jostedalen, Luster kommune. Grenda Fåberg utgjer den nordlegaste busetnaden på austsida av Jostedøla og grensar i sør mot Elvekrok. Heimane under garden sokna til Mjølverdalen skule fram til krinsen vart nedlagd i 1968.

Bruk

Øvre Fåberg vart delt mellom tre sysken i tre jamstore bruk i 1929:

  • Bnr. 1 Øvre Fåberg - det opphavlege bruket
  • Bnr. 4 Bjørneheimen - fråskild 14.6.1929 frå bnr. 1, tidlegare husmannsplass
  • Bnr. 5 Optun (Stubben), fråskild 14.6.1929 frå bnr. 1, tidlegare husmannsplass

Husmannsplassar

Det har vore fem husmannsplasar under Øvre Fåberg:

  • Optun (Stubben) - rydda kring 1809, permanent i bruk frå 1816, plass under bnr. 1, fråskild 14.6.1929 som bnr. 5
  • Gamlestubben - rydda 1836, plass under bnr. 1, frå 1929 under bnr. 5, nedlagd 1939
  • Bjørneheimen 1 (Rabben, Kvernhusrabben) - rydda kring 1808, plass under bnr. 1, fråskild saman Bjørnheimen 2 den 14.6.1929 som bnr. 4
  • Bjørneheimen 2 - teken i bruk i 1913, plass under bnr. 1, fråskild saman Bjørnheimen 1 den 14.6.1929 som bnr. 4
  • Bruvoll - rydda sist i 1920-åra, plass under bnr. 5, nedlagd 1959


Personar frå Øvre Fåberg

Kjelder og litteratur