Øvregarden (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Øvregarden
Øvregarden.JPG
Øvregarden sett frå nordaust (Hauglid i framgrunnen).
Rydda: Kring 1720
Stad: Jostedalen
Sokn: Jostedalen
Fylke: Vestland
Kommune: Luster
Gnr.: 193
Bnr: 2 og 4

Øvregarden (Luster, gnr. 193/2 og 4) er to småbruk i Jostedalen i Luster kommune, Sogn og Fjordane under matrikkelgarden Jostedal prestegard. Tunet ligg på vestsida av Jostedøla på høgda bak Sagarøy, ca 1 km nord for Jostedal kyrkje.

Øvregarden høyrde til Kreken skulekrins fram til skulesamanslåinga i 1960-åra.

Husmannsplassar

Den fyrste husmannsplassen i Øvregarden skal ha vorte rydda som plass under Prestegarden i 1720-åra, og ein plass til (Øvregard 2) vart rydda kring 1737. Øvregard 1 vart øydelagd av eit snøskred vinteren 1893-94 og deretter fråflytt.

Bnr. 2 Øvregarden: klokkargard

Ved delingsforretning 28.6.1897 vart så eit område som tilsvarte den tidlegare husmannsplassen Øvregarden 1, fråskild som klokkargard. Den fyrste klokkaren som budde her var Anders Hjellum, som flytte hit i 1898. Han sette truleg då òg opp stovehuset. Garden vart nytta som klokkargard fram til 1965. Garden var i denne perioden med og gjorde Sagarøy til det administrative sentrumet i Jostedalen.

Bnr. 4 Øvregarden

Plassen Øvregarden 2 vart fråskild Jostedal prestegard den 4.9.1951.

Kjelder og litteratur

  • Bræums Præstegaard i folketelling 1801 for Jostedal prestegjeld fra Digitalarkivet
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 352-366. Digital versjonNettbiblioteket
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag, side 210-213.