Øystre Slidre kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 21. jan. 2020 kl. 06:51 av Cnyborg (samtale | bidrag) (nytt kommunenr)
Hopp til navigering Hopp til søk
Øystre Slidre
0544 Oystre Slidre komm.png
Basisdata
Kommunenummer 3453
Fylke Innlandet
Kommunesenter Heggenes
Areal 882.62  km²
Areal land 882.62  km²
Areal vatn 0  km²
Folketal 3 291 (2023)
Grunnlagt 1849
Målform Nynorsk
Nettside Nettside

Øystre Slidre kommune ligg i Valdres i Innlandet. Kommunen grensar til Vågå og Nord-Fron i nord, Sør-Fron og Gausdal i nordaust, Nord-Aurdal i søraust, Vestre Slidre i sørvest og Vang i vest.

Øystre Slidre kommune vart etablert i 1849, då Slidre kommune vart delt i to. Administrasjonssenteret er Heggenes, medan Moane og Beitostølen er dei to einaste tettstadene etter SSB sin definisjon.

Jord- og skogbruk er viktigaste næringsveg, men turistnæringa har i seinare år hatt ei sterk utvikling. I Øystre Slidre ligg ikkje minst vintersportstaden Beitostølen, med skianlegg, hotell og hyttefelt. Turismen er ein viktig årsak til at kommunen har hatt befolkningsvekst dei siste åra. I tiårsperioden 1996–2006 auka folketalet med 1,4 % mot ein nedgang på 3,5 % i Valdres som heilskap.

Kjelder og litteratur