Aarflots prenteverk

Aarflots prenteverkEksetVolda vart skipa av Sivert Aarflot (1759–1817) i 1809, og var det fyrste prenteverket på landsbygda i Noreg. Aarflot hadde i 1807 sendt ei søknad om løyve til å opne trykkeriet, og fekk ho innvilga den 15. juli 1808. Prenteverket vart drive vidare av arvingane.

Ei side fra Billed-ABC-Bog for gode Børn, trykt på Aarflots prenteverk i 1815

Namnet «Aarflots prenteverk» er ein seinare konstruksjon. Prenteverket har nytta fleire namn gjennom åra, og Jostein Fet har påpeika at det ikkje berre var snakk om endringar over tid, men om endringar alt etter som kva slags trykksaker det var snakk om.[1] På viktige trykksaker kunne dei nytte namnet «Det Kongl. priviligerede Bogtrukkerie», medan mindre viktige trykk vart utgjeve under namn som «På Egset» eller berre «Aarflot». Namna som er kjend frå den fyrste tida er:

  • (S.) Aarflots Bogtrykkerie, nytta 1809–1817.
  • S. Aarflot, nytta 1812–1815.
  • Udgiverens Bogtrykkerie, nytta 1810–1817 og 1834.
  • S. Aarflots Officin, nytta 1815.
  • (Paa) Egset, Egsæt, Eegset, Egseth, Eegsæt eller Eegseth, nytta 1809–1849.
  • Det Kongl. priviligerede Boktrykkerie, nytta 1811–1813 og 1833–1838.
  • S. Aarflots Enke, nytta 1818–1832.
  • Det Aarflotske Bogtrykkerie, nytta 1819–1823 og 1838.

Sidan 1977 har det vore eit aksjeselskap med namnet Aarflots Prenteverk AS.

Aarflots trykkeri har stått bak fleire aviser og blad gjennom tida. Den fyrste var Norsk Landboeblad frå 1810. I 1833 kom fyrste utgåve av Landboeavisen, så kom Postbudet i 1845 og Ugebladet i 1888. I 1903 vart avisa Møre skipa av Maurits Aarflot d.y., og denne avisa vert framleis utgjeve på Volda og trykt av Aarflots Prenteverk AS.

Ein del av det eldste utstyret frå prenteverket er utstilt på Sivert Aarflot-museet på Ekset.

Referanser

  1. Fet 1995: 304 (note 17).

Litteratur

  • Fet, Jostein. «Kap 3. Bokproduksjon og bokhandel» i Læsande bønder. Litterær kultur i norske almugesamfunn før 1840. Utg. Universitetsforlaget. 1995.
  • Fet, Jostein: Sivert Aarflot i Norsk biografisk leksikon.
  • Sivert Aarflot-museet.


  Aarflots prenteverk er ein del av prosjektet Sivert Aarflot og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.