Abraham Bernhard Mahler

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Abraham Bernhard Mahler, frå Våre falne.
Snublestein til minne om Abraham Bernhard Mahler ved studiestaden i Volda.
Foto: Tove Aurdal Hjellnes (2018).
Etterkomarar etter to av syskena til Abraham Mahler var til stades då snublesteinen vart lagt ned i juni 2018.
Foto: Tove Aurdal Hjellnes (2018).

Abraham Bernhard Mahler (fødd 9. juni 1920 i Trondheim, død 1943 i Auschwitz) var kontorist på Strinda. Han vart pågripen på Volda i 1942 og sendt i konsentrasjonsleir.

Han var son av Simon Mahler (f. 1886) og Malke Rachel Mahler f. Leimann (f. 1896). Faren var frå Latvia, og mora frå Polen. Dei vart gifte i Trondheim i 1917, og fekk seg eit hus i Tempeveien 4. Dei fekk fem born, og Abraham Bernhard var nummer to av dei. I 1938 fekk heile familien norsk statsborgarskap.

Etter å ha gått på Strinda kommunale middelskole, handelsskule og eit korrespondansekurs jobba Abraham Mahler som kontorist i faren sin forretning, Trondhjems Avfallsforretning. Dei reiste rundt i Trøndelag og Møre og Romsdal og kjøpte opp tekstil frå skreddarar og konfeksjonsfabrikkar, flasker og anna som dei så selde vidare. Han byrja to år for tidleg på skulen, så berre femten år gamal hadde han hand om ikkje berre økonomien i foretaket, men òg i heimen når faren var på innkjøpsreise.

Hausten 1941 var han på Volda handelsgymnas for å få meir utdanning. Planen var å ta toårig handelsgymnas på eitt år. Han fekk hybel hos Anna og Johan Strand i Røysbakken, som leigde ut til fleire elevar. Då han kom dit fortalde han at han var jøde, for det var då klart at grepet stramma seg. Familien Strand tok han godt imot, og gav han seinare godt skussmål.

Den 31. oktober 1942 vart han pågripen på hybelen. Det var lensmannen i Volda og ein lensmannsbetjent som kom, saman med eit par personar folk i Volda ikkje kjende. Han vart satt i arresten i kjellaren på gymnaset. Folk som kjende han var opprørte over det som hende. Vertsfolket berga unna nokre eigedelar før politiet forsegla hybelen. Distriktslegen såg til han i arresten, og lensmannsbetjenten kom med mat frå ein kafé. Ein av lærarane, Gudrun Modalsli, ville sørge for at han fekk ein bibel. Ein annan lærar hadde to liggande, så Mahler fekk den eine. Modalsli fekk kome inn i arresten i lag med lensmannsbetjenten. Fleire kom òg til døra for å prate med han når betjenten ikkje var til stades. Nokre freista å få Abraham Mahler til å rømme, for dei hadde ein ekstranøkkel til døra liggande på skulen om det skulle byrja brenne. Men han ville ikkje, for han frykta at det ville gå ut over familien i Trondheim.

Ein rapport frå politiet i Ålesund syner at han vart transportert dit den 2. november. Det var lensmannsbetjenten på Volda som tok han dit. Han vart så sendt vidare til Berg interneringsleir 3. november. Den 26. november 1942 vart han deportert med D/S «Donau». Faren og broren Selik Elieser Mahler (f. 1923) var og på Berg, og vart sendt med same transport. Mora og søstera Mina Scholamis Mahler (f. 1927) vart sendt seinare med M/S «Gotenland». Søskena Sara Balla Mahler og Salomon Hirsch Mahler overlevde krigen.

Det er uklart kva som hende med Abraham Mahler då han kom til Auschwitz. Han var i arbeidsfør alder, og i utgangspunktet skal han difor ha vorte teken ut til arbeidsteneste i første omgang, om han ikkje var for sjuk til det. Når og korleis han døydde veit vi så langt ikkje. Ein av dei overlevande, Robert Savosnick, fortalde som vitne i Oslo tingrett i 1946 at han visste sikkert at Abraham Bernhard og Selik Eliesen Mahler døydde i 1943. Likvidasjonsstyret for inndratte formuer la ut proklama etter han i august 1943.[1]

I juni 2018 vart det sett ned ein snublestein til minne om Abraham Bernhard Mahler ved Volda legesenter.

Referansar

  1. «Proklama» i Fritt Folk 1943-08-17. Digital versjonNettbiblioteket.

Litteratur og kjelder


Snublesteiner Gml. Drammensvei Stabekk.JPG Abraham Bernhard Mahler inngår i Snublesteinprosjektet på Lokalhistoriewiki og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.