Abraham Leiser Borøchstein

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Abraham Leiser Borøchstein (1892–1943).
Foto: ukjent, fra Våre falne 1

Abraham Leiser Borøchstein (f. 15. september 1892 i Žagarė i Litauen; d. 1. april 1943 i Auschwitz) var ein litauiskfødd, norsk-jødisk handelsmann som for det meste budde og arbeidde i Kristiansund. Han var gift med Mascha Marijasa Gochin (19101943), og dei hadde fem born saman. Abraham og heile familien vart deportert i 1942 og drepne av nazistane i Auschwitz.

Fødsel og oppvekst

Abraham Leiser Borøchstein vart fødd i Žagarė i det noverande Litauen den 15. september 1892 av Rosa og Leopold Borochstein. Han hadde to søsken — broren Josef Michael Borøchstein (18891963) og søstra Sara Borøchstein, g. Granstein, som òg begge emigrerte til Norge, og ei søster som emigrerte til USA. Abraham kom til Norge i 1906.

Trondheim

Abraham og Josef Borøchstein budde i *Trondheim dei første åra etter at dei kom til Norge. Dei første åra dreiv dei omførselshandel i Nord-Norge, men i 1910 starta brødrene, som da budde i Kirkegata 10 i Trondhjem, klesforretninga A/S Brødrene Borøchstein med adresse Nedre Bakklandet 70. Forretninga opphørte i april 1913.

Kristiansund

Kring 1914 flytta Abraham og Josef til Kristiansund. Josef etablerte Ekviperingsmagasinet Moderne i 1916. Abraham avtente verneplikt og avla handelsskuleeksamen. I 1918 tok Abraham over Dressmagasinet Central av Leopold Reiff. Han gifta seg med Mascha Marjasa Gochin, som kom til Norge frå Litauen i 1919, og både Mascha og Josef vart med som aksjonærar i Dressmagasinet Central.

Familien

Det er lagt ned snublesteinar til minne om Abraham Leiser Borøchstein og familien hans på staden der han jobba i Kristiansund, i Nedre Enggate.
Foto: Chris Nyborg (2017).

Abraham og Mascha fikk fem born:

  1. Rosa Borøchstein (f. 1930 i Kristiansund; d. 3. mars 1943 i Auschwitz)
  2. Moses Leopold Borøchstein (f. 1932 i Kristiansund; d. 3. mars 1943 i Auschwitz)
  3. Nathan Meyer Philip (Filip) Borøchstein (f. 1933 i Kristiansund; d. 3. mars 1943 i Auschwitz)
  4. Sonja Henny Borøchstein (f. 1936 i Kristiansund; d. 3. mars 1943 i Auschwitz)
  5. Isak Julius Borøchstein (f. 1937 i Kristiansund; d. 3. mars 1943 i Auschwitz)

Krigen

Abraham Borøchstein vart arrestert i mai 1942, i samband med ein aksjon mot jødiske forretningar i Midt-Noreg. Varelagra til Borøchstein, Marcus Bermann og Hermann Fischer vart inndratt, og vart etter kvart overtekne av to lokale kjøpmenn. Aksjonen vart leia av Reidar Landgraff med deltaking frå tysk politi. Politimannen Odd Marsteen, som hadde frivakt og var på ferja då tyskarane kom, skjønte kva som var i ferd med å hende. Han gjekk til Hermann Fischer sin butikk i Enggata, Beklædningsmagasinet Fix. Der var allereie to lokale NS-folk i gong med å sortere tøyet, men Hermann var ikkje der. Han gjekk så til BOrøchstein sin forretning i same gata, men heller ikkje han var kome på jobb enno. Ved eit tilfelle traff Marsteen så Borøchstein på gata like etter, og åtvara han. Borøchstein skjønte meldinga, og drog heimover. Men han rakk ikkje å koma seg unna, og både han og Fischer vart arrestert.

Eit par dagar etter arrestasjonen vart dei sende med ferja «Trygge» til Ålesund, der dei vart plassert i Ålesund kretsfengsel den 23. mai kl. 01:30. Han fekk skrive til kona, og sa at han hadde det bra. Søstra Sara prøvde å vitje han i fengselet, men måtte stikke av då vaktarane byrja spørje om ho òg var jøde. Den 12. juli vart dei sendt vidare til Trondheim, der dei vart innsett på Vollan fengsel. Trygve Bratteli hadde vorte arrestert i Kristiansund, og vart sendt til Trondheim same dagen. På Vollan var forholda brutale, og verst var det for jødane.

7. august 1942 vart Fischer og Borøchstein sendt vidare til Kvænangen. Dei vart sendt med D/S «Bodø», tidlegare hurtigruteskipet «Erling Jarl» saman med kring 400 fangar frå Grini som hadde kome med tog frå Oslo. Mellom dei var arkitekten Odd Nansen, son av Fridtjof Nansen. Den 12. august kom dei til Oksfjordhamn, der jødar og kriminelle vart plukka ut. Dei vart så sendt vidare til Badderen fangeleir, dit dei kom den 14. august. Her skreiv Borøchstein sine siste brev heim. Han la skjul på kor ille det var, og fortalde kona at alt var bra og at ho skulle ta det med ro. Noko anna ville han heller ikkje fått lov til å skrive, då hadde sensuren stoppa brevet. Den 1. november 1942 skreiv han det siste brevet. Den 11. november vart fangane sendt til Trondheim med det tyske skipet «Moltkefels». Så gjekk ferda vidare med tog, og den 21. november kom dei til Grini.

Den 26. november 1942 vart Fischer og Borøchstein, saman med andre jødar, sendt med M/S «Monte Rosa». Ferda endte i Auschwitz. Der vart Borøchstein truleg satt i arbeid ei tid, inntil han vart drepen den 1. april 1943.

Litteratur og kjelder


Snublesteiner Gml. Drammensvei Stabekk.JPG Abraham Leiser Borøchstein inngår i Snublesteinprosjektet på Lokalhistoriewiki og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.