Agder Tidend

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kolofon i Agder Tidend 2. januar 1920.

Agder Tidend vart skipa som dagsavis i Kristiansand i 1919, og fyrste utgåve kom den 1. september 1919. Ho var ei bonde- og fiskaravis på landsmål, og skulle dekke både Aust-Agder og Vest-Agder. I dette området sto Venstre sterkt, men Agder Tidend fekk mange lesarar, og vart i mellomkrigstida den nest største avisa i bondepressa.

I sitt fyrste år talte avisa for at bøndene i Norsk Landmandsforbund skulle danne eit eige parti, Bondepartiet. Det vart ein realitet i 1920. Andre kampsaker var språkleg jamstilling, sjølberging, kristendom og avhold. Landsmålsprofilen var viktig, men det var stor språkleg variasjon i avisa. I lovene for bladet heitte det at «Bladet skal halda fram med aa vere bondeblad, styrt på landsmaal, men elles med rom for baae maal».[1]

Ved kriseforliket i 1935 var Agder Tidend mindre aggressiv i tonen enn dei austlandske bondeavisene, men dei kom med klare åtvaringar mot ein sosialistisk valsiger. Særleg i leserbreva kunne ein møte ein krass tone i ordskiftet. Etter kvart som Bondepartiet fekk fleire ordførarar på landsbygda, vart Agder Tidend eit viktig organ for lokalparti i Agder.

Mot slutten av 1930-åra fekk avisa eit meir høgreradikalt preg. Bland dei som trakk avisa i den retninga finn vi Olga Bjoner, som redigerte kvinnesidene i denne og andre bondeaviser. Avisa kom ut under heile okkupasjonstida, og Bjoner haldt ffram med å bidra. Etter at krigen tok slutt meldte avisa den 23. mai 1945 at «Olga Bjoner er arrestert. Ho gjekk det siste under namnet "Riksrøya".».[2]

I 1963 vart avisa råka av den store avisdøden, og den 1. oktober 1963 kom det som skulle vere siste utgåve. Men allereie ei uke seinare vart avisa attoppliva, då som ukeavis på bokmål. Fokuset var på reportasjestoff frå bygdene i Agder og på Senterpartiet sin verksemd i regionen. Den 30. april 1985 vart avisa nedlagd for godt.

Referansar

  1. Agder Tidend 1919.09.01. Digital versjonNettbiblioteket.
  2. Agder Tidend 1945.05.23. Digital versjonNettbiblioteket.

Litteratur og kjelder