Agnes Buen Garnås

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Agnes Buen Garnås (fødd 23. oktober 1946Kongsberg) er folkemusikar. Ho blir rekna blant våre fremste kvedarar, og har lagt ned stor innsats i å få fram dei gamle mellomalderballadene såvel som andre sjangrar i folkemusikken.

Slekt og familie

Ho er dotter av spelemann og gardbrukar Anders Buen (1910–1977) og kvedar Margit Buen f. Tjønn (1912–1998). Ho er storesyster til Knut Buen (f. 1948).

Den 19. juni 1971 vart ho gift med Per Garnås (f. 1946), som er son av gardbrukarane Per Garnås og Inger Helene Garnås.

Liv og virke

Med ein far som spela hardingfele og ei mor som kveda, fekk ho tidleg kjennskap til folkemusikken under oppveksten i Jondalen i dåverande Gransherad kommune. Etter kvart byrja ho å lære meir frå andre kvedarar, særleg i Telemark, men òg folk frå andre distrikt. Mellom dei som særleg forma ho som kvedar kan nemnast Aslak Brekke frå Vinje, Margit Gunvaldsjord, Torstein Reiassonstad, Margit Finnekåsa og mora hennar, Margit Buen. Ho lærte òg å kjenne songtradisjonane etter Svein Tveiten frå Hovden i Setesdal og Margit Tveiten frå Grungedal gjennom Brita Bratland i Vinje. Gjennom studiar og formidling av mellomalderballader og arbeid med andre folkemusikksjangrar tilegna ho seg ein heilt eigenarta tone, ein deklamatorisk rytmikk og hyppig bruk av forsiringar og gamle toneintervall. Stilen hennar har påverka mange yngre kvedarar gjennom fleire tiår.

I 1960-åra var ho med på å starte opp kvedekurs på Club 7 og hjå Oslo AOF, saman med mellom anna Dagne Groven Myhren, Hanne Kjersti Buen og Eli Storbekken. Utover i 1970-åra fekk dette miljøet i Oslo stor påverkingskraft. Mellom dei som kom inn i miljøet på Club 7 var Kirsten Bråten Berg, som blir rekna som ein av dei fremste kvedarane i Setesdal. Saman med Dagne Groven Myhren og Hanne Kjersti Buen gav ho i 1978 ut boka Ei vise vil eg kveda, med folketonar frå Telemark. Ho har seinare publisert fleire artiklar, og ikkje minst må ein nemne boka 54 viser og stev fra Øst-Telemark frå 1980 med tekster nedskrivne av mellom anna Ludvig Mathias Lindeman, Sophus Bugge og Olea Crøger. Artikkelen Kvedarskogen har runne på ny i 70-åra i Årbok for Telemark i 1980 vart òg viktig for det vaksande kvedarmiljøet.

Hovedfokuset for Garnås har vore den tradisjonelle solistiske kvedinga, men ho har òg samarbeidd med ei rekke musikarar. Mellom anna turnerte ho og gav ut albumet Rosensfole med Jan Garbarek. På albumet Tusseliten og Trippeliti samarbeida ho med broren Knut Buen om folkemusikk retta mot born. Då ho i 1984 spelte inn Draumkvedet, kunne ho innkassere Spellemannprisen for albumet.

I åra 1965–1973 vann ho kvedarklassen på Landskappleiken heile seks gongar, og ho har òg vunne klassen for nyskaping to gongar.

Garnås har vore styremedlem i Telemark folkemusikklag, og er æresmedlem i Landslaget for Spelemenn. I 2002 var ho ei av initiativtakarane til skipinga av Norsk Kvedarforum.

Mellom prisar ho har fått kan nemnast Lindemanprisen i 1990, Osaprisen i 1994, Sagaprisen i 1992 og 19954, Gammleng-prise i 1997 og Norsk kulturråds ærespris] i 2005, på toppen av Spellemannprisen som er nemnd over. Ho fekk i 2002 tildelt Kongens fortjenstmedalje i gull.

VG i 2013 kåra Noregs 100 viktigaste kvinner sette dei Berg saman med Kirsten Bråten Berg på 92. plass. Lesarane var ganske så einige, og sette dei på 94. plass.

Litteratur og kjelder