Alette Heyerdahl

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 27. mar. 2017 kl. 07:24 av Cnyborg (samtale | bidrag) (korr)
Hopp til navigering Hopp til søk
Alette Heyerdahl (Aagaard Hansen).
Foto: Ukjent, faksimile frå Øverås m. fl. (1952): Trondheim katedralskoles historie 1152-1952.

Alette Maren Helga Henriette Heyerdahl (fødd i BergSenja 20. september 1862, død på Alnabru i Oslo 31. mars 1957) var ein pioner blant kvinner som tok høgare utdanning. Ho var blant dei aller fyrste kvinnene i landet som tok eksamen artium. Ho var den fyrste kvinnelege teologistudenten ved universitetet i Kristiania, men satsa ikkje vidare på akademisk karriere. Da ho gifta seg og vart prestefrue, vigde ho evner og krefter til familie, foreiningsverksemd og lokalsamfunn. Ho var samfunnsengasjert, ivrig mellom anna med ungdomsarbeid, og hadde fleire offentlege verv. Ho arbeidde på fleire vis for å fremje kvinneleg samfunnsengasjement.

Bakgrunn og oppvekst

Alette Heyerdahl var dotter til sokneprest Christian August Aagaard Hansen (1818-1895) og hustru Amine Dorothea f. Falch (1821-1896). Alette hadde seks systrer. Familienamnet Aagaard vart tillate nytta ved kongeleg resolusjon i 1889. Da Alette var berre eitt år gammal, flytta familien til Vikedal (nå i Vindafjord kommune) i Ryfylke, der faren hadde fått nytt kall. Alette fekk altså barndomen sin der. I konfirmasjonsalderen kom ho til Strinda ved Trondheim, da faren vart sokneprest der frå 1876. Alette stod til konfirmasjon i Lade kyrkje i 1877.

Alette Heyerdahl fortel i sine memoarar at faren og hans familie hadde tilhøyrt den liberale, grundtvigianske krinsen til teologen Fredrik Wexelsen i Trondheim. Mora var meir pietistisk innstilt, alt frå ho i tidleg ungdom var blitt «vakt til kristelig alvor».

Utdanning

Grunnutdanninga fekk Alette i heimen frå 6-7-årsalderen, og det var faren som hovudsak stod for undervisninga av henne og systrene. Dei eldre systrene hadde tidlegare hatt guvernanter. I 1879 tok Alette eit eittårig middelskolekurs i Trondheim. Ei venninne oppfordra henne til å bli med og lese til artium. Det skjedde i 1882, det same året som det vart gjeve adgang for kvinner til å ta eksamen artium og bli studentar. Alette tok utfordringa, og ho vart oppmuntra til det av faren, som sjølv las dei klassiske faga med henne med tanke på den latinartiumen ho sikta mot.

I 1884 tok ho eksamen artium som privatist ved Trondheim katedralskule, latinlinja. Ho var da ei av til da fire kvinner som hadde teke artium. (Den fyrste var Cecilie Thoresen i 1882, så Marie Geelmuyden i 1883 og deretter Anna Bugge (gift Wicksell) same året som Alette i 1884.) Alette Heyerdahl tok artium med preseteris, beste karakter. Både førebuingane, eksamen og immatrikulering kravde stort mot og sjølvstende, slik det framgår av hennar eigne memoarar, og som blir utdjupa ved skildringa av latinskulemiljøet i Trondheim katedralskoles historie 1152-1952.

Alette Heyerdahl drog til Kristiania i 1885 og tok «anneneksamen» (førebuande ved universitetet). Ho byrja på eit fagstudium i filologi, men gjekk over til teologien i 1886 med det uttala føremålet å bli religionslærar. I 1887 tok ho eksamen i hebraisk. Etter tre års studium slutta ho ved universitetet, «da min helbred ikke var sterk nok til anstrengt eksamenslæsning», som ho sjølv skriv i studentjubileumsboka.

Ekteskap og bustader

I 1890 gifta ho seg med teologen Nils Roth Heyerdahl (1862-1956), som da skulle ta til i ei stilling som personalkapellan for soknepresten på Voss. På Voss vart dei buande til 1898, og der vart alle dei tre borna deira fødde: Marianne Kristine (1891), Kristian August Aagaard (1892) og Dorothea (Doro) (1894).

Frå 1898 til 1910 budde familien i Sandeherred (Sandar) ved Sandefjord, der mannen var kallskapellan. Så vart Nils R. Heyerdahl sokneprest i Tinn i 1910, og frå 1917 i Holla, der ekteparet da budde til han gjekk av for aldersgrensa i 1932. Etter det flytta Alette og Nils Heyerdahl til Alnabru i Østre Aker/Oslo, der båe døydde i høg alder i heimen sin, Bakkelund, ved Tvetenveien.

Alette Heyerdahl er gravlagt i familiegrav på Vår Frelsers gravlund i Oslo.

Yrke og samfunnsvirke

Alette Heyerdahl er gravlagt i familiegrav på Vår Frelsers gravlund i Oslo.
Foto: Stig Rune Pedersen (2016)

Etter at ho hadde gifta seg søkte ikkje Alette Heyerdahl noko aktiv yrkeskarriere. Men ho tok på seg ymse skulelæraroppdrag. Mellom anna gav ho privattimar i språk både på Voss og i Sandeherred. På Voss stod ho saman med mannen for «hurtigkursus» for vaksne gutar som etter folkeskulen ynskte å kome inn i øvste klassen av mellomskulen. Ho var elles nytta som vikar ved Sandefjords middelskole, mest i engelsk, historie og religion.

Av offentlege verv kan nemnast at ho sat i skulestyret i Sandeherred i fire år, og var også med i fattigstyret der.

Alette Heyerdahl seier sjølv at (kristeleg) ungdomsarbeid var hennar «væsentligste interesse», og ho engasjerte seg i dette både på Voss og i Sandeherred. Mellom anna var ho mykje brukt som foredragshaldar, spesielt i ungdomsforeiningane i Vestfold krets av Norges Kristelige Ungdomsforbund. Fleire av foredraga vart trykte i organisasjonens blad Den Unges Ven.

Frå 1904 og i mange år etter det var Alette Heyerdahl medarbeidar i bladet Bymissionæren, eit vekeblad utgjeve av Kristiania indremisjonsforening. Mellom anna hadde ho i fleire år i oppdrag og levere ei forteljing i veka, som oftast slike som ho hadde omsett frå andre språk.

I 1901 var ho medstiftar av og i mange år styremedlem i «Sandefjords og Sandehereds samtaleforening for kvinder». Foreininga hadde i følgje Heyerdahl som føremål «ved foredrag og diskussioner at fremme kvindernes interesse for kommunale og sociale spørsmaal, ligesom den ogsaa sætter i gang forskjellige almennyttige foretagender.»

Kjelder og litteratur

  • Adressebok for Aker herred 1934/35. Prost Nils Roth Heyerdahl oppført på Bakkelund, Tvetenveien.
  • Heyerdahl, Alette: «I prestegård og forelesingssal», i Christie, Elisabeth (red.): Prestegårdsliv. Minner fra norske prestegårder. Fjerde samling. Land og kirke. Gyldendal 1969 Mal:Bokhylla. Side 193-222. Det er ei forkorta utgåve av Alette Heyerdahl: Barndoms- og ungdomserindringer. (1946).
  • Øverås, Asbjørn m. fl.: Trondheim katedralskoles historie : 1152-1952. Trondheim : Brun, 1952. Mal:Bokhylla. Alette Aagaard Hansen omtalt på sidene 471/472.
  • Alette Heyerdahl i folketelling 1900 for Sandeherred herred fra Digitalarkivet. Alette Heyerdahl, ektemannen og dei tre borna er oppført på Sandehereds presteg. (Aasly)
  • Annette (sic!) Heyerdahl i folketelling 1910 for Sandeherred herred fra Digitalarkivet. Alette (feilskrive Annette) er oppført med mann, to av døtrene og ei tenestejente på gnr. 43.39 Eikevoll i Sandeherred.
  • Studenterne fra 1881 : biografiske meddelelser samlede i anledning af deres 25-aars studenterjubilæum. Mal:Bokhylla. Omtale av Nils Roth Heyerdahl, med opplysninger om svigerforeldra Christian August Aagaard Hansen og hustru Amine Dorothea f. Falch, og om namnet Aagaard, som vart tillate nytta ved kgl. res. i 1889.
  • Studenterne fra 1884: Biografiske meddelelser samlet i anledning av deres 25-aars studenterjubilæum.Mal:Bokhylla Alette Heyerdahl omtala på s. 157.

Eksterne lenker