Alvedans

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Alvedans er nemning på eit kulturminne som først og fremst er kjent frå Jæren. Det førekjem helst i utmark nytta til beite og slått. Alvedansar teiknar seg som regelmessige fordjupingar og forhøgingar i landskapet. Forma kan vera rund, oval, men også firsidig. Fordjupingane kjem av at terrenget er blitt grøfta. På eine eller begge sidene av grøfta er det danna vollar. Storleiken på desse anlegga kan variera frå 3 x 2,5 til opptil 12 x 19 meter. Dei kan finnast enkeltvis eller i grupper på inntil 12-13 stykke. Fleirparten av dei registrerte alvedansane ligg på Låg-Jæren. Særleg Hå kommune har mange.

Arkeologiske og naturvitskaplege granskingar knyttar alvedansane til kystlyngheia. Det dreier seg om stakkeplassar der det er blitt lagra høy. Grøfting har skjedd for at høystakkane skulle halda seg mest mogeleg tørre i vintermånadene. C-14 dateringar av alvedansar tyder på at dei kan gå tilbake til folkevandringstid (400-550 e.Kr.). Talet på slike stakketufter auka i takt med intensivert bruk av utmarka frå ca. 900 e.Kr. Nemninga alvedans kjem av at stakketufter i folketrua er sett på som stader alvane dansa nattestid. Dei dansa ringdans og sette spor etter seg i landskapet.

Litteratur

  • Lillehammer, Grete og Lisbeth Prøsch-Danielsen: Konflikt som kontakt. Kulturminnet alvedans på Jæren. I: Kulturminner og miljø. Forskning i grenseland mellom natur og kultur. Redigert av Birgitte Skar. Norsk institutt for kulturminneforskning, 2001
  • Lillehammer, Grete: Konflikter i landskapet. Kulturminner og kulturforståelse. Analyse av alvedans og utmarksmiljø i Hå kommune. Doktoravhandling. Universitetet i Bergen, 2004. Finst også som e-bok i AmS nettpublikasjoner