Ambrosius Rhodius

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 13. mar. 2019 kl. 07:52 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Språkpirk)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyreAmbrosius Rhodius (fødd 10. november 1605 i Kemberg, Sachsen, død 1696 same stad) var lege, matematikar, fysikar og astrolog. Frå 1637 var han stadsfysikus (bylege) og professor i Christiania. Han var ein sentral person i det vesle lærde miljøet som var sentrert rundt domkyrkja og katedralskulen der. Han hadde direkte kontakt med vitskapsfolk i fleire europeiske land, og han åtte det som truleg var den største boksamlinga i Noreg i si tid.

I 1661 vart Rhodius og kona Anna Fredriksdotter sette i fengsel, og året etter forviste til soning på Vardøhus festning. Dei var dømde for injuriar mot makteliten i Christiania - to borgarmeistrar, biskop og lensherre/statthaldar.

Familie

Foreldra var Jacob Rhodius (død 1636) og Elisabeth Freiwaldin (død 1636). Faren var rektor og sokneprest i Kemberg.

Ambrosius Rhodius var gift to gonger. Fyrste kona var Anna Frederiksdotter, dotter av legen Frederik Sørensen (Fredericus Severinus, ca. 1587-1637) i København. Farfaren hennar var Peder Sørensen (Petrus Severinus, ca. 1540-1602), som hadde vore hofflege både for Fredrik 2 og Kristian 4. I 1643 utgav Ambrosius Rhodius ei avhandling om Peder Sørensens medisinske filosofi. Anna Rhodius døydde rundt 1670. Ambrosius Rhodius' andre ekteskap, inngått i Tyskland i 1675, var med Maria Dorothea Gröllmann (død 1729).

Utdanning og karriere til 1637

Ambrosius fekk undervisning heime, mellom anna av farbroren, som også heitte Ambrosius Rhodius. Som femtenåring byrja Ambrosius d.y. på universitetsførebuande undervisning i Grimma. Han studerte deretter i Wittenberg, tok magistergrad i 1629 og las deretter medisin i tre år. Den fyrste akademiske stillinga hadde han som fysikar og matematikar i Königsberg frå 1632.

I 1635 kom han til København, der han same året forsvarte offentleg si avhandling om skjørbuk. Han utgav samstundes eit astrologisk arbeid om samanhengen mellom menneskeleg sjukdom og stjernekonstellasjonar. Han var påverka av den sveitsiske medisinar, astrolog og alkymist Paracelsus (1493-1541). I boksamlinga til Rhodius i Christiania fanst det 14 verk av og om Paracelsus. Boksamlinga var elles imponerande etter si tid. I følgje ei buregistrering som vart gjort i samband med arrestasjonen i 1661, talde ho 437 band.[1]

Gjennom farbroren vart den unge Ambrosius også introdusert for det moderne, heliosentriske verdsbiletet slik dette var utdjupa av Johannes Kepler.

I 1636 tok Rhodius i mot ei stilling som lege på Bremerholm og ved Børnehuset i København.[2]

Stadsfysikus og professor i Christiania

I mai 1637 fekk statthaldaren i Noreg stadfesting frå kongen på at dei kunne ta Rhodius inn i stillinga som professor i matematikk og fysikk ved det nye gymnaset i Christiania.[3] Det var fastslått i fundasen for skulen at dette professoratet skulle fyllast av ein medicus. Rhodius skulle samstundes vere stadsfysikus i byen. I samband med krigen 1643-1645 (Hannibalsfeiden) vart Rhodius også knytta til Hæren. Han skal ha vore lege ved militærhospitalet som vart oppretta på Hovedtangen ved Akershus, og han skaffa medisinsk utstyr til hæren.[4]

Rhodius var i aktiv verksemd som lege under pestepidemiane i Christiania i 1645 og 1654, som han også hadde vore det under pesten i København i 1637. Han påpeikar sjølv dette i eit bøneskrift til kongen. Det vanlege var at legane og andre kondisjonerte forlet byane under slike epidemiar, og overlet arbeidet med dei sjuke til dårleg faglærde bartskjerarar (pestmeistrar).[5]

Dei astrologiske kunnskapane til Rhodius hjelpte han til å tolke eit syn han såg på himmelen over Eiker i 1657. Han spådde at det skulle skje ei systemendring i den dansk-norske staten. Bodskapen vart formidla i eit dikt som han skreiv på latin og tileigna kong Fredrik 3. Diktet vart utgjeve i 1660, året for innføringa av eineveldet.

Bygard, urtehage og avlsgard

Til bustad hadde Rhodius kjøpt seg ein bygard i den nye byen som vart bygd under Akershus frå 1624. Huset vart for lite for han, og i slutten av 1640-åra sette han i gang med å byggje på det. Da berre noko takarbeid stod att, fekk han vanskar med dei kommunale styresmaktene. Byfuten stogga arbeidet av di Rhodius ikkje hadde søkt om nødvendig byggeløyve. Rhodius påpeikte at han som medlem av domkapitelet ikkje låg under byens jurisdiksjon, men byfuten sende likevel sine menn til byggeplassen og befalte tømmermennene om å halde opp arbeidet.[6] Rhodius klaga med ein gong dette inn for statthaldaren, Hannibal Sehested, som gav han medhald. Byfuten vart refsa for ikkje å sjå tilstrekkeleg forskjell på folk, og for å la sine sveinar opptrå fornærmeleg. Ein meir enn anar her at det eksisterte spenningar mellom byens lærde og borgarskapet, ei spenning som venteleg gjorde seg sterkt gjeldande da prosessen mot Anna og Ambrosius Rhodius starta ei tid etter.

Året før dette, i 1647, hadde Rhodius fått seg tillagt ei av godssamlingane som tilhøyrde domkapitelet i Christiania.[7] Samlinga bestod av ei lang rad gardar og gardpartar spreidd over store delar av det sentrale Austlandet, og som han nå fekk leigeinntektene av. Iallfall ein av gardane, Grorud nær Christiania, kan det ut frå ei innførsel i skattematrikkelen 1647[8] sjå ut til at Rhodius dreiv for eiga rekning som avlsgard. Han budde ikkje der, men leigde folk til å drive gardsbruket. Det er kjent at Rhodius hadde urtehage for å dyrke planter til medisinsk bruk. Ein avlsgard som Grorud kan sjølvsagt ha vore nytta til det føremålet. Meir sannsynleg er det likevel at urtehagen låg på ei av løkkene rett ved byen, og at gardsbruket på Grorud heller vart drive for å forsyne doktorens hushald i Christiania med kjøt, korn og mjølk til dagleg bruk.

Fangenskapet

Mal:Thumb høyre Ambrosius Rhodius’ hustru Anna retta i 1657 sterke skuldingar mot dei to borgarmeistrane i Christiania, Hans Eggertsen og Nils Lauritsen. Ho skulda dei for tjuveri, korrupsjon og umoral på andre måtar. Måten den saka utvikla seg på, gjorde at ho utvida klagene til også å omfatte statthaldaren Nils Trolle og biskop Henning Stockfleth (bror til borgarmeister Hans Eggertsen). Klagegrunnlaget var misleg embetsførsel og rettshandheving, tyranni og heleri. Ho appellerte saka til kongen. Saka gjekk i fleire år, til dom fall på herredagen som vart halden i samband med arvehyllinga i Christiania i 1661. Anna vart da saman med ektemannen, som hadde støtta henne i saka, dømd for injuriar. Herredagen meinte at dei to ikkje hadde gode nok prov for skuldingane. Dommen vart tap av ære og forvaring så lenge kongen fann det for godt.

Ekteparet sat fyrst ei tid på Akershus, men vart i 1662 forvist til Vardøhus. Dette fall saman i tid med ein stor trolldomsprosess der, og ekteparet fekk nær kontakt med fleire arresterte kvinner og småjenter som var mistenkte for å stå i pakt med djevelen. Det er kjent at Anna Rhodius hjelpte til med å overtale fleire av småjentene til å bekjenne.

Rhodius' interesse for Paracelsus og religiøs aktivisme frå Anna si side, har reist spørsmålet om det låg noko anna og meir enn injuriesaka bak dommen og straffeutmålinga. Dei kan ha tilhøyrt eit dissentarmiljø i Christiania som «utgjorde en trussel mot eneveldets luthersk-pietistiske statsform».[9]

Rhodius vart benåda i 1666, men vart verande i Vardø eit års tid eller noko lenger etter det. Anna vart sitjande på Vardøhus til ho døydde. Dødsåret er usikkert. Berner[10] meiner 1669 eller 1672. Det kan naturleg nok ha vore konas død som gjorde Rhodius fri til å dra sørover att. Han tok til att som lege i Christiania. Men i 1672 forlet han Noreg og slo seg ned i fødebyen Kemberg, der han også gifta seg på nytt i 1675.

Bibliografi (eit utval av Rhodius' verk)

  • Theses medicæ de scorbuto. København 1635. (Avhandlinga om skjørbuk.)
  • Disputatio astrologica de astrorum influxu quomodo homines ad certas constellationes morbis fiant obnoxii. København 1635. (Om stjernene og sjukdom.)
  • Dialogus de transmigratione animarum pythagorica, quomodo eadem concipi et defendi possit. København 1638. (Om sjelevandring.)
  • Disputationes supra ideam medicinæ philosophicæ Petri Severini. København 1643.(Om Peder Severinus' filosofisk medisin.)
  • «Ehren-Gedicht for Sophie Brockenhuus», i H. Stockfleth: Guds Børns Kostelige og Baadelige Døed. Ved Sophie Brockenhuus' død 1656. (Jens Bjelkes hustru.)
  • Supra Visiones Anno 1657 d. 1. Augusti hora tertia pomeridiana in Ditione Egrana Norigorum observatas Dikt til Fredrik 3, 1660. (Om visjonen han hadde på Eiker i 1657)

Referansar

  1. Bull, E. 1920:263-270
  2. Kjøbenhavns Diplomatarium bd. III s. 164-165 nr. 209
  3. NRR VII side 337 (14.05.1637).
  4. Berner, J.H.
  5. Berner, J.H.
  6. Statholderskabets Extractprotokol bd. 2 side 152-153
  7. NRR VIII side 517-518 (9.6.1647).
  8. Skattematrikkelen 1647, Akershus side 68
  9. Moseng, O.G. 2003:32. Moseng refererer til Shackelford, J. 1989.
  10. Berner, J. H. 19??.

Kjelder og litteratur

  • Berner, Jørgen H.: Artikkel om Rhodius i Norsk biografisk leksikon, Oslo 19??
  • Bull, Edv.: «En læge i det eldste Kristiania», i St. Hallvard 1920.
  • Ehrencron-Müller, H.: Forfatterlexikon omfattende Danmark, Norge og Island indtil 1814. Bd. VII (København 1929) og VIII (København 1930), oppslag Rhodius, Ambrosius, Sørensen, Frederik og Sørensen, Peder.
  • Kjøbenhavns Diplomatarium, band 3.
  • Moseng, Ole Georg: Ansvaret for undersåttenes helse 1603-1850. Bd. 1 i Det offentlige helsevesen i Norge 1603-2003, Universitetsforlaget, Oslo 2003.
  • Norske Herredags-Dombøger, 4. rekke (1652-1664), 2. bind. Kjeldeskriftfondet, Oslo 1945.
  • Norske Rigs-Registranter
  • Roggen, Vibeke: Artikkel om Rhodius i Norsk biografisk leksikon
  • Sprauten, Knut: Byen ved festningen. Oslo bys historie 2, Cappelen, Oslo 1992.
  • Statholderskabets Extractprotokol af Supplicationer og Resolutioner 1642-1650. Bd. 2. Utg. av Riksarkivet, Christiania 1906.
  • Willumsen, Liv Helene: «Barn anklaget for trolldom i Finnmark - en narratologisk tilnærming», i Heimen nr. 3 2011.

Kjelder og litteratur som førebels ikkje er utnytta i artikkelen

  • Ingerslev, E.: Ambrosius Rhodius og hans Hustru, Medicinsk-historiske Smaaskrifter 14, København 1663.
  • Shackelford, Jole: Paracelsianism in Denmark and Norway in the 16th and 17th Centuries, Madison (Wisconsin) 1989.
  • Shackelford, Jole: «A Reappraisal of Anna Rhodius: Relgious Enthusiasm and Social Unrest in Seventeenth-Century Christiania, Norway», i Scandinavian Studies 65, 1993.