Ananias Christopher Harberg

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 28. sep. 2016 kl. 08:25 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Ananias Christopher Harberg (fødd 5. april 1696 i Ulstein, død 4. august 1760 i Bjordal) var son av residerande kapellan Hans Harberg i Ulstein, Møre og Romsdal, og Kirsten Finde.

Ananias Harberg var fut i Sogn frå 1734 til han døydde. I 1750-åra vart det utarbeidd ei handbok for futen i Sogn som det er rimeleg at Harberg stod bak.[1]

I 1737 overtok han garden Bjordal, no Høyanger, der han og huslyden vart buande.

Mora Kirsten Finde var dotter av presten Peder Finde i Førde, den største jordeigaren i Sunnfjord. Systera til Kirsten, Anne Finde, vart gift med den søkkrike soknepresten Iver Eriksen Leganger i Vik.

Ananias Harberg gifte seg dessutan inn i Leganger-ætta då han 21. september 1735 vart gift med Anne Sophie Leganger (1712-1770), dotter av sokneprest Iver Iversen Leganger i Leikanger, som var son til Iver Eriksen Leganger. Harberg fekk på denne måten hand om fleire gardar i Sogn og var ein rik mann. Skiftet etter enkja Anne Sophie i 1770 var eitt av dei største som hadde vore i Sogn, med ei brutto eige på 4314 rdl. og ei gjeld på 899 rdl.

Ananias og Anne Sophie fekk mellom anna desse borna:

  • Hans Otto Ananiassen Harberg (f. 1738), proprietær, Bjordal
  • Iver Christian Harberg (1742-1803)
  • Samuel Christopher Harberg (1745-1780), sokneprest i Hafslo
  • Kirsten Finde Harberg (1747-1835), gift med Simen Hansen, fut i Sogn
  • Peder Ananiassen Harberg (1751-1817)
  • Anna Sophia Randulf Harberg (f. 1755)

Notar

  1. Om handbok for futen, Jostedal historielag

Litteratur