Anders Christenson Ormbergstøl: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(retta start på siste ordf-periode til 1884)
mIngen redigeringsforklaring
Linje 13: Linje 13:
Anders hadde aldri skøyte på [[Bakken (Jostedalen)|Bakken]]. Men sonen hans, Lars Bakken (1863-1940), gifte seg i 1885 med kona Kari si dotter Elisabeth Bakken (1868-1886). Dei fekk ta over Bakken i 1885, og Anders og Kari levde som kårfolk på garden levetida ut.
Anders hadde aldri skøyte på [[Bakken (Jostedalen)|Bakken]]. Men sonen hans, Lars Bakken (1863-1940), gifte seg i 1885 med kona Kari si dotter Elisabeth Bakken (1868-1886). Dei fekk ta over Bakken i 1885, og Anders og Kari levde som kårfolk på garden levetida ut.


Faren [[Christen Andersson Ormbergstøl]] var formannskapsmedlem frå kring 1840 og i fleire år, og han var sentral i bygdestyringa. Det same vart Anders Ormbergstøl. Han var [[Ordførarar i Jostedal kommune|ordførar i Jostedalen]] i tre periodar, ei kort tid i 1876, 1879-1880 og 1884-1896. Etter dette tok sonen [[Kristen Andersson Ormbergstøl]] over vervet. Ordførargjerninga til Anders Ormbergstøl markerte eit tydeleg skifte i det politiske livet i Jostedalen. Tidlegare hadde gjerne sokneprestane vore ordførarar, berre avbrotne av korte periodar der gardbrukarar hadde ombodet, oftast fordi det gjekk ei stund frå den eine presten drog frå bygda til den neste kom. Men då Ormbergstøl vart ordførar i mai 1884, avløyste han den aller siste presten i Jostedalen som var ordførar ([[Anton Hansen]]). Ormbergstøl innleidde såleis ein ny fase der det var gardbrukarar og i kortare periodar klokkarar og lærarar som hadde ombodet. Han var òg ein av ordførarane i Jostedalen som sat lengst.
Faren [[Christen Andersson Ormbergstøl]] var formannskapsmedlem i fleire år frå kring 1840 og ein sentral mann i bygdestyringa. Det same vart Anders Ormbergstøl. Han var [[Ordførarar i Jostedal kommune|ordførar i Jostedalen]] i tre periodar, ei kort tid i 1876, 1879-1880 og 1884-1896. Etter dette tok sonen [[Kristen Andersson Ormbergstøl]] over vervet. Ordførargjerninga til Anders Ormbergstøl markerte eit tydeleg skifte i det politiske livet i Jostedalen. Tidlegare hadde gjerne sokneprestane vore ordførarar, berre avbrotne av korte periodar der gardbrukarar hadde ombodet, oftast fordi det gjekk ei stund frå den eine presten drog frå bygda til den neste kom. Men då Ormbergstøl vart ordførar i mai 1884, avløyste han den aller siste presten i Jostedalen som var ordførar ([[Anton Hansen]]). Ormbergstøl innleidde såleis ein ny fase der det var gardbrukarar og i kortare periodar klokkarar og lærarar som hadde ombodet. Han var òg ein av ordførarane i Jostedalen som sat lengst.


==Kjelder og litteratur==
==Kjelder og litteratur==

Sideversjonen fra 7. mai 2011 kl. 08:36

Mal:Thumb høyre

Anders Christenson Ormbergstøl (fødd 28. november 1829, død 30. mars 1917) var gardbrukar og ordførar i Jostedalen, Luster kommune i Sogn og Fjordane.

Han var eldste born av Christen Andersson Ormbergstøl (1798-1849) og Kari Eriksdotter (1811-1899) som var dei fyrste sjølveigarane på Ormbergstølen.

Anders fekk 27. november 1849 skøyte på heimebruket etter at faren døydde og dreiv det til 1882.

Han gifte seg fyrste gongen 1. juli 1858 med Torborg Larsdotter (1830-1874).

Den 15. januar 1880 gifte han seg så opp att med Kari Johnsdotter, enkja etter gardbrukar Sjur Larsson Bakken (1841-1878). I 1882 flytte så Anders og Kari opp i Bakken. Same året tok den nygifte eldstesonen Kristen over Ormbergstølen, men han fekk ikkje skøyte på garden før i 1917.

Anders hadde aldri skøyte på Bakken. Men sonen hans, Lars Bakken (1863-1940), gifte seg i 1885 med kona Kari si dotter Elisabeth Bakken (1868-1886). Dei fekk ta over Bakken i 1885, og Anders og Kari levde som kårfolk på garden levetida ut.

Faren Christen Andersson Ormbergstøl var formannskapsmedlem i fleire år frå kring 1840 og ein sentral mann i bygdestyringa. Det same vart Anders Ormbergstøl. Han var ordførar i Jostedalen i tre periodar, ei kort tid i 1876, 1879-1880 og 1884-1896. Etter dette tok sonen Kristen Andersson Ormbergstøl over vervet. Ordførargjerninga til Anders Ormbergstøl markerte eit tydeleg skifte i det politiske livet i Jostedalen. Tidlegare hadde gjerne sokneprestane vore ordførarar, berre avbrotne av korte periodar der gardbrukarar hadde ombodet, oftast fordi det gjekk ei stund frå den eine presten drog frå bygda til den neste kom. Men då Ormbergstøl vart ordførar i mai 1884, avløyste han den aller siste presten i Jostedalen som var ordførar (Anton Hansen). Ormbergstøl innleidde såleis ein ny fase der det var gardbrukarar og i kortare periodar klokkarar og lærarar som hadde ombodet. Han var òg ein av ordførarane i Jostedalen som sat lengst.

Kjelder og litteratur


Forgjengar:
 Andreas Emil Hansen 
Ordførarar i Jostedal kommune
Etterfølgjar:
 Tøger Larsson Kronen 


Forgjengar:
 Tøger Larsson Kronen 
Ordførarar i Jostedal kommune
Etterfølgjar:
 Anton Hansen 


Forgjengar:
 Anton Hansen 
Ordførarar i Jostedal kommune
Etterfølgjar:
 Kristen Andersson Ormbergstøl