Anders Christenson Ormbergstøl

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Anders Christenson Ormbergstøl (fødd 28. november 1829, død 30. mars 1917) var gardbrukar og ordførar i Jostedalen, Luster kommune i Sogn og Fjordane.

Han var eldste born av Christen Andersson Ormbergstøl (1798-1849) og Kari Eriksdotter (1811-1899) som var dei fyrste sjølveigarane på Ormbergstølen.

Anders fekk 27. november 1849 skøyte på heimebruket etter at faren døydde og dreiv det til 1882.

Han gifte seg fyrste gongen 1. juli 1858 med Torborg Larsdotter (1830-1874).

Den 15. januar 1880 gifte han seg så opp att med Kari Johnsdotter, enkja etter gardbrukar Sjur Larsson Bakken (1841-1878). I 1882 flytte så Anders og Kari opp i Bakken. Same året tok den nygifte eldstesonen Kristen over Ormbergstølen, men han fekk ikkje skøyte på garden før i 1917.

Anders hadde aldri skøyte på Bakken. Men sonen hans, Lars Bakken (1863-1940), gifte seg i 1885 med kona Kari si dotter Elisabeth Bakken (1868-1886). Dei fekk ta over Bakken i 1885, og Anders og Kari levde som kårfolk på garden levetida ut.

Anders Ormbergstøl var sentral i bygdestyringa. Han var ordførar i Josetdalen i tre periodar, ei kort tid i 1876, 1879-1880 og 1883-1896. Etter dette tok sonen Kristen Andersson Ormbergstøl over vervet.

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 90 og 377-378. (Digital utgåve, NBdigital)