Anders Christenson Ormbergstøl

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. jan. 2013 kl. 11:32 av Kallrustad (samtale | bidrag) (utvidar ingressen)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyreAnders Christenson Ormbergstøl (A.C. Ormberg) (fødd 28. november 1829, død 30. mars 1917) var gardbrukar og ordførar i Jostedalen, no Luster kommune i Sogn og Fjordane. Han var eldste born av Christen Andersson Ormbergstøl (1798-1849) og Kari Eriksdotter (1811-1899) som var dei fyrste sjølveigarane på Ormbergstølen. Anders fekk 27. november 1849 skøyte på heimebruket etter at faren døydde og dreiv det til 1882.

Ekteskap og gardsdrift

Han gifte seg fyrste gongen 1. juli 1858 med Torborg Larsdotter (1830-1874). Den 15. januar 1880 gifte han seg så opp att med Kari Johnsdotter, enkja etter gardbrukar Sjur Larsson Bakken (1841-1878). I 1882 flytte så Anders og Kari opp i Bakken. Same året tok den nygifte eldstesonen Kristen over Ormbergstølen, men han fekk ikkje skøyte på garden før i 1917.

Anders hadde aldri skøyte på Bakken. Men sonen hans, Lars Bakken (1863-1940), gifte seg i 1885 med kona Kari si dotter Elisabeth Bakken (1868-1886). Dei fekk ta over Bakken i 1885, og Anders og Kari levde som kårfolk på garden levetida ut.

Bondeordførar

Anders Ormbergstøl tilhøyrde ein politisk engasjert familie. Faren Christen Andersson Ormbergstøl var formannskapsmedlem i fleire år frå kring 1840 og ein sentral mann i bygdestyringa. Det same vart Anders Ormbergstøl. Han var ordførar i Jostedalen i tre periodar, ei kort tid i 1876, 1879-1880 og 1884-1896. Etter dette tok sonen Kristen Andersson Ormbergstøl over vervet. Barnebarnet Kristen Bakken vart òg ordførar.

Ordførargjerninga til Anders Ormbergstøl markerte eit tydeleg skifte i det politiske livet i Jostedalen. Tidlegare hadde gjerne sokneprestane vore ordførarar, berre avbrotne av korte periodar der gardbrukarar hadde ombodet, oftast fordi det gjekk ei stund frå den eine presten drog frå bygda til den neste kom. Men då Ormbergstøl vart ordførar i mai 1884, avløyste han den aller siste presten i Jostedalen som var ordførar (Anton Hansen). Ormbergstøl innleidde såleis ein ny fase der det var gardbrukarar og i kortare periodar klokkarar og lærarar som hadde ombodet. Han var òg ein av ordførarane i Jostedalen som sat lengst.

Borna

Anders Ormbergstøl hadde fem born frå det fyrste ekteskapet med Torborg Larsdotter:

  • Christen Andersson Ormbergstøl (1859-1860)
  • Kristen Andersson Ormbergstøl (1861-1931), som overtok både Ormbergstølen og ordførarvervet etter faren
  • Lars Andersson Bakken (1863-1940), gardbrukar i Bakken
  • Kari Andersdotter Bakken (1866-1945), gift med gardbrukar Lars Larsson Breum frå Bruheim
  • Anders Andersson Ormbergstøl (1869-1935), flytte til Risør og seinare Grue

Frå det andre ekteskapet med Kari Johnsdotter fekk Anders desse tre borna:

  • Sjur Andersson Reina (1880-1962), gardbrukar på Reina
  • Thor Bakken (1882-1966), kjøpmann på Gjerde, far til Kristen Bakken
  • Torborg Andersdotter Bakken (1885-1965), gift med gardbrukar Peder Raaum i Hafslo

Kjelder og litteratur


Forgjengar:
 Andreas Emil Hansen 
Ordførarar i Jostedal kommune
Etterfølgjar:
 Tøger Larsson Kronen 


Forgjengar:
 Tøger Larsson Kronen 
Ordførarar i Jostedal kommune
Etterfølgjar:
 Anton Hansen 


Forgjengar:
 Anton Hansen 
Ordførarar i Jostedal kommune
Etterfølgjar:
 Kristen Andersson Ormbergstøl