Anders Fjellner

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 12. sep. 2017 kl. 12:45 av Kallrustad (samtale | bidrag) (røde kategorier)
Hopp til navigering Hopp til søk
Anders Fjellner.
Foto: Lotten von Düben (1871).

Anders Fjellner (f. 18. september 1795 på Rödfjället i Härjedalen; d. 22. februar 1876 i Sorsele) var ein sørsamisk prest og diktar. Han er mest kjent for diktverket Päiven pardne, som han skreiv i ei samisk språkform som er eit kompromiss mellom herjedalssamisk og tornesamisk. Päiven pardne byggjer ifølgje honom sjølv på songar og segner som han hadde skrive ned frå samar frå fleire ulike stader i Sameland.

Oppvekst og utdaning

Anders Thomasson vart fødd fredagen den 18. september 1795 på Rödfjellet i Ljusnedals församling i noverande Härjedalens kommun som det andre av seks born av reindriftssamane Thomas Jonsson (17611804) og Märta Andersdotter. Da far hans døydde den 5. juli 1804, tok ein slektning til seg Anders, som da fikk gå på skule ved Frösö trivialskola i Östersund. I løpet av skulegangen der tok Anders Thomasson etternamnet Fjellner. Han studerte vidare ved Härnösands gymnasium, og begynte så teologistudia ved Uppsala universitet i 1818. Etter tre år i Uppsala arbeidde han først som misjonær i kyrkjesokna Jukkasjärvi og Karesuando føre han så vart vigsla til prest i 1828. Same året som Anders Fjellner begynte universitetsstudia, vart den første samlinga av finske folkedikt utgjeven av Carl Axel Gottlund. Fjellner vart vener med Gottlund og fatta ei livslang interesse for finsk folkedikting. Under heile studietida hadde han arbeidd i reindrifta om somrane, og kom aldri til å sleppte taket på sin samiske bakgrunn.

Familien

Anders Fjellner med kona Christina og dottera Marta Eleonora.
(Lotten von Dübner).

I Karesuando møtte Anders Fjellner Christina Päivadtj (Päiviö; f. 25. oktober 1813 i Kongama i Finland; d. 10. september 1876 i Sorsele). Namnet Päivadtj kan tolkast som 'litlesol', og i eit brev til ein gammal ven skreiv Fjellner: «Jag har fått tag på Solens dotter». Fredagen den 6. januar 1837 gifta dei seg, og dei fikk etterkvart sju born:

  1. Thomas Fjellner (1838–1885)
  2. Ella Amalia Fjellner (1840–1916)
  3. Napoleon Fjellner (1842–1885)
  4. Emma Christina Fjellner (1845–1857)
  5. Carolus Fjellner (1847–1914)
  6. Anna Antonia Fjellner (1851–1931)
  7. Marta Eleonora Fjellner (1855–1913)
«Kløvraide»
Foto: Johan Turi (1910).

Christina hadde med seg ein liten reinflokk inn i ekteskapet, og slik vart Anders Fjellner involvert i reindrift att. Da Anders Fjellner vart tilsett som kyrkoherde i Sorsele i 1841, selte han og Christina unna det meste av reinflokken, men beheldt elleve kjørereinar. Med desse kjørte dei seks veker i raide til Sorsele; den siste delen av strekninga var det slutt på snøføret, så Anders og Christina og dei to småborna ankom Sorsele med kløvrein. Dei lokale svenskane seiest å ha vore noko skuffa over ankomsten til nypresten — dei hadde nok heller venta seg ein høgtidelegare entré med hest og vogn — men dei lokale samane tok nypresten straks til hjarta som ein av sitt folk.

Yrkeslivet

Jukkasjärvi kyrka i vår tids Kiruna kommun.
Foto: Marcimarc (2007).

Frå 1821 av arbeidde Anders Fjellner som misjonær i Jukkasjärvi og Karesuando. Etter at han vart prestevigsla i 1828 vart han pastorsadjunkt. Han vart i området i mange år. I denne perioden var det òg at Lars Levi Læstadius arbeidde i Karesuando — han vart kyrkoherde der den 1. mai 1826, eit års tid etter at han vart prestevigsla i Härnösands domkyrka i 1825.

Sorsele kyrka, bygd 1859–1860 som erstatning for den førre kyrkja frå 1744.

I 1841 vart Anders Fjellner tilsett som kyrkoherde i Sorsele og flytta dit med kona og dei to små borna. Han fann seg godt til rettes og var godt likt der. Han vart verande i Sorsele resten av livet. Trass at synet tidleg begynte å svikte, tok han til skriveriet for alvor i Sorsele, og eit par år etter at han kom dit fikk han utgjeve sine første dikt med samisk tema. Synsproblema, og etterkvart blindheita, gjorde at Fjellner i periodar fikk hjelp i tenesta av ein pastor. Frå 1866 til 1872 var det Johannes Mörtsell frå Malå som assisterte honom. Mörtsell var òg interessert i samisk dikting og gav ut eit eige studium om dette.

Forfattaren Fjellner

Anders Fjellner.
Foto: Lotten von Dübner (1871).

Kjelder