Anders Hagaseth (1909–1967)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 25. feb. 2022 kl. 11:59 av Kallrustad (samtale | bidrag) (rettare nynorsk)
Hopp til navigering Hopp til søk
Anders Hagaseth i Norges Lensmenn (1967).

Anders Hagaseth (fødd 17. mai 1909, død 19. juli 1967) var lensmann i Etnedal i Valdres frå 1945 til 1967. Han sat også i kommunestyret og hadde mange andre tillitsverv.

Bakgrunn og familie

Han var son av gardbrukarparet Ingeborg (Ingebjørg) f. Sletten (1888–1914) og Tore Hagaseth (1880–1952) i Sørre Hagaset (gnr. 29/1) i Nord-Etnedalen.

Den 27. juni 1909 vart han døypt i Nord-Etnedal kyrkje. Dåpsbornet heitte i praksis opp att etter begge bestefedrene: morfaren Anders Nilsson Rundesletten (f. Steinset, 1854–ca. 1895) og farfaren Anders Toreson Hagaseth (1855–1912). To år seinare fekk han ei syster, Margit (1911–1976). Mora Ingeborg døydde i 1914, berre 26 år gammal. Faren gifta seg i 1925 opp att med Anna Jørstad og fekk sju born med henne.

Sjøl gifta Anders Hagaseth seg i 1939 med Ruth Kjoss (1915–1998), dotter av sjøkaptein Arne Kjoss og Ingrid f. Kolderup. Anders og Ruth Hagaseth fekk desse borna:

  • Arne Tor (1939)
  • Ivar (1941)
  • Ole (1943)
  • Ingebjørg (1946)

Utdanning og yrkesliv

Han hadde gått på folkehøgskule og landbruksskule og teke Politiskulens utrykkingskurs før han i 1944 vart lensmannsbetjent i heimbygda Etnedal. Ifølgje bygdebokforfattar Harald Hvattum (s. 160) hadde Hagaseth ei dobbeltrolle; som betjent for lensmann Hansen fekk han tilgang til opplysningar som han delte med Heimefronten.

Frigjøringsdagen 8. mai 1945 vart Anders Hagaseth konstituert som lensmann, og i 1948 fekk han fast tilsetjing. Etnedal var eit lite lensmannsdistrikt, med om lag 2000 innbyggjarar, så lensmannen måtte klare seg med berre ein betjent.

Anders Hagaseth var lensmann i Etnedal til 1967, då han plutseleg døydde.

Tillitsverv og fritidsinteresser

Gravminnet åt Anders og Ruth Hagaseth på Bruflat kyrkjegard. Lensmannen vart gravlagt 25. juli 1967, og ifølge Samhold/Velgeren var kyrkja «på det nærmeste fylt til siste plass» av folk som ville «ta en siste avskjed med den populære og avholdte lensmann».
Foto: Dag Gurihus (2006).

I 1945, medan han var konstituert lensmann, vart han vald inn i kommunestyret i Etnedal. Han sat der i 12 år, til 1957. Anders Hagaseth var også i forliksrådet og styremedlem i Etnedal Sparebank og Vestoppland Kommunale Kraftselskap. Han hadde militært skyttermerke, dugleiksmerke og krigsdeltakarmedalje.

I bokverket Norges Lensmenn står det at han var interessert i skog- og fjellturar, skogbruk og «litt stangfiske».

Kjelder og litteratur