Anders Hjellum: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
m (Legger på kategori Klokkere.)
Ingen redigeringsforklaring
Linje 3: Linje 3:
I 1898 vart Anders Hjellum tilsett som lærar og [[Klokkarar i Jostedalen|klokkar i Jostedalen]], og han vart den fyrste klokkaren som budde på [[Øvregarden]], som [[Jostedal|Jostedal kommune]] året før hadde kjøpt som klokkargard. Øvregarden var før dette ein fråflytt husmannsplass under [[Jostedal prestegard]]. Han var òg postopnar alle åra han budde i Jostedalen.
I 1898 vart Anders Hjellum tilsett som lærar og [[Klokkarar i Jostedalen|klokkar i Jostedalen]], og han vart den fyrste klokkaren som budde på [[Øvregarden]], som [[Jostedal|Jostedal kommune]] året før hadde kjøpt som klokkargard. Øvregarden var før dette ein fråflytt husmannsplass under [[Jostedal prestegard]]. Han var òg postopnar alle åra han budde i Jostedalen.


Hjellum var lærarrepresentant i Jostedal skulestyre iallfall 1904-1906 og 1912–1916, og truleg heile perioden han budde i Jostedalen. Han var med på å skipe [[Jostedal mållag]] i 1906 og var styremedlem dei fyrste åra, formann i 1908. Han var sentral i alle framstøytar for å føre inn nynorsk i skulen i Jostedalen desse åra. Hjellum var elles formann i [[Jostedal avhaldslag]] i 12 år.
Frå 1901 til 1904 var Hjellum styreformann (banksjef) for [[Jostedal sparebank]]. Han var lærarrepresentant i Jostedal skulestyre iallfall 1904-1906 og 1912–1916, og truleg heile perioden han budde i Jostedalen. Han var med på å skipe [[Jostedal mållag]] i 1906 og var styremedlem dei fyrste åra, formann i 1908. Han var sentral i alle framstøytar for å føre inn nynorsk i skulen i Jostedalen desse åra. Hjellum var elles formann i [[Jostedal avhaldslag]] i 12 år.


I 1919 flytte Hjellum og kona til [[Feda]] i [[Kvinesdal]] der han vart tilsett som lærar og kyrkjesongar, og her budde dei livet ut.
I 1919 flytte Hjellum og kona til [[Feda]] i [[Kvinesdal]] der han vart tilsett som lærar og kyrkjesongar, og her budde dei livet ut.

Sideversjonen fra 19. okt. 2010 kl. 09:37

Anders Hjellum (døypt Andreas, fødd 13. februar 1870 i Aurland, død 21. november 1950 i Kvinesdal) var gardbrukarson frå Hjellum i Aurland. Han tok lærareksamen på Stord seminar i 1891 og var deretter lærar i Vinje i Telemark til 1893. Etter dette var han lærar og kyrkjesongar i Kvinnherad 1893-1895 og Gaular 1896-1897. Han gifte seg i Aurland 26. juni 1895 med Kari Olsdotter Underdal (fødd 1867).

I 1898 vart Anders Hjellum tilsett som lærar og klokkar i Jostedalen, og han vart den fyrste klokkaren som budde på Øvregarden, som Jostedal kommune året før hadde kjøpt som klokkargard. Øvregarden var før dette ein fråflytt husmannsplass under Jostedal prestegard. Han var òg postopnar alle åra han budde i Jostedalen.

Frå 1901 til 1904 var Hjellum styreformann (banksjef) for Jostedal sparebank. Han var lærarrepresentant i Jostedal skulestyre iallfall 1904-1906 og 1912–1916, og truleg heile perioden han budde i Jostedalen. Han var med på å skipe Jostedal mållag i 1906 og var styremedlem dei fyrste åra, formann i 1908. Han var sentral i alle framstøytar for å føre inn nynorsk i skulen i Jostedalen desse åra. Hjellum var elles formann i Jostedal avhaldslag i 12 år.

I 1919 flytte Hjellum og kona til Feda i Kvinesdal der han vart tilsett som lærar og kyrkjesongar, og her budde dei livet ut.

Litteratur

  • Espeland, Arne. (1934). Norske skulefolk. Stavanger: Dreyer.
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 350. (Digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre. (1996). Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune.
  • Hoel, Oddmund L. (2006). Jostedal mållag 100 år. Jostedal skule- og bygdeavis (nr. 50), 88-89. (Digital utgåve)
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.



Forgjengar:
 Halvor Larson Faaberg 
Klokkarar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Lars R. Nedrelid