Anders P. Øvrebø

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. jun. 2020 kl. 11:25 av Siri Iversen (samtale | bidrag) (-)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Anders Pedersson Øvrebø (fødd 13.5.1842 i Hafslo, død 8.4.1924 i Balestrand) var kyrkjesongar og lærar i Balestrand i Sogn og Fjordane.

Øvrebø var son av Peder Larsson Øvrebø og Brita Monsdotter Skanke. Både faren og farfaren hadde vore lærarar, og Anders Øvrebø var truleg den fyrste hafslobygdingen som vart seminarist. Jon Laberg, sjølv elev av Øvrebø, skriv at Øvrebø gjekk på Stord seminar i Claus Daaes styrartid, og Daae slutta våren 1862.

Øvrebø var ei tid huslærar og hadde ein post i heimbygda før han vart klokkar og lærar i Balestrand. Her vart han i 1864 underlærar på Balestrand lærerskole som var skipa året før. Han var underlærar ved skulen fram til nedlegginga i 1880.

Øvrebø var fyrste formann då Ynglingeforeningen vart skipa i Balestrand i 1875, og han sat som formann til 1887. Laget skifte namn til Balestrand ungdomslag i 1891.

Øvrebø deltok på lærarkurset i landsmål i Sogndal i 1882. Likevel var han den einaste læraren frå Sogn som stilte seg kritisk til målsaka på lærarmøtet i Vadheim i september 1884 der Vadheimresolusjonen vart vedteken. Like fullt skreiv likevel under på eit opprop i 1899 som oppmoda om å ta i bruk Blix-salmane.

Han gifte seg i 1877 med Kari Pedersdotter Bremer (1856-1927) frå Hafslo.

Kjelder

Eksterne lenkjer