Andrea Breien

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Andrea Breien f. Landstad (fødd 1866 i Klæbu, død 2. april 1954) var husmor og amatørfotograf.

Ho var dotter av sokneprest Hans Landstad (f. 1835) og Anne Marthe Marie Landstad f. Aamodt (f. 1838).

Ho var gift med sorenskrivar Haakon Hasberg Breien (1864–1942).

Medan mannen var sorenskrivar i Indre Sogn frå 1908 til 1915 budde dei på sorenskrivargarden Kristianelyst i Solvorn. Andrea Breien tok der ein rekke bilete av livet på garden. Ei samling på drygt 200 glassplatar som ho etterlet seg vart i 2014 deponert hos Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane av barnebarnet Eline Benestad Hågvar. Eit anna barnebarn, filmregissøren Anja Breien, laga kortfilmen Solvorn i 1997 med utgangspunkt i bileta etter farmora.

Litteratur og kjelder